Emnet gjev ei detaljert innføring, både teoretisk og praktisk, i dei energigjevande næringsstoffa si fordøying, absorpsjon, transport, lagring og ekskresjon med vekt på næringsemna sin funksjon og biokjemi.
Vidare vektleggast samanhengen mellom inntak av makronæringsstoff på normal utvikling og helse. Dei vitskapelege prinsippa for utforminga av nasjonale og internasjonale næringsstoffanbefalingar og kostråd blir grundig gjennomgått, inkludert korleis ein tolkar anbefalingane. Studentane får ei innføring i patofysiologien til fedme, diabetes og hjarte-kar sjukdommar, samt ernæring si rolle i sjukdomsutviklinga.
Emnet gjev ei innføring i det teoretiske og praktiske grunnlaget for analyse av ernæringsrelaterte biokjemiske markørar. Studentane blir undervist i prinsippa for den einskilde metode, og det blir gitt ei innføring i prinsippa for prøvetaking, opparbeiding og kvalitetssikring. Studentane skal lære om mykje brukte metodar i kjemiske og biokjemiske laboratorium, både på rutinelaboratorium som Laboratorium for klinisk biokjemi (Haukeland Universitetssjukehus) og forskingslaboratorium. Studentane skal gjennomføre enkelte analyser sjølv.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar: Studentane..
Ferdigheter: Studentane..
Generelle kompetanse: Studentane..
Deltaking på laboratoriekursa er obligatorisk, totalt ca. 12 timar. Innlevering av journal etter kvart laboratoriekurs. Journalane må vere godkjente før studentane kan gå opp til eksamen.
Gruppearbeid med gjennomgang av artiklar.
Innlevering av essay (ca. 2000 ord) om rolla til makronæringsstoffer i utvikling av kroniske sykdommer. Tema blir kunngjort underveis i emne.