Studieprogram: BAHF-RELV Bachelorprogram i religionsvitenskap - Høst 2022




Namn på grad

Bachelor i religionsvitskap

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogram i religionsvitskap har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Fulltid/deltid

Fulltid 3 år/deltid 6 år

Undervisningsspråk

Dei fleste emna i programmet vert tilbydd på norsk, men enkelte emne vert tilbydd på engelsk.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Studieprogrammet gir kunnskap om religion som eit globalt fenomen. Målet med studiet er å kunne forstå og analysere religion som meiningsberande og identitetsdannande system. Innhaldsmessig fokuserer studiet på religiøst mangfald i fortid og notid. Det gir kunnskap om religion i sine mange utformingar, som varierer med tid og stad, men også inneheld fellestrekk. Tilnærminga er samanliknande og religiøst sett nøytral. Studenten vert kjent med ulike metodar og teoriar som er tatt i bruk i aktuell religionsforsking. Studiet set søkelys på religion som ei dynamisk kraft i samspel med blant anna etikk, kjønn, økonomi, politikk, populærkultur og migrasjon. Eit utvekslingsopphald ved eit utanlandsk universitet er ein integrert del av studiet.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

har kunnskap om eldre og nyare religionar og deira roller i samfunn og kultur i historie og notid

har kunnskap om sentrale vitskaplege forskingsperspektiv på religion og ulike forståingar av religion

har innsikt i sentrale religionsvitskaplege omgrep og teoriar

Ferdigheiter

Kandidaten

kan kritisk drøfte religionsvitskaplege problemstillingar

kan kritisk analysere religionshistoriske kjelder

kan sjå samanheng mellom teori og data frå ulike kontekstar

kan sjølvstendig teoretisk tenking

Generell kompetanse

Kandidaten

kan forstå menneskeleg åtferd i sine kulturelle og religiøse kontekstar

kan handsame store informasjonsmengder

kan argumentere munnleg og skriftleg med utgangspunkt i dokumentasjon og vitskapleg forsking

kan utvikle perspektiv på religion og samfunn som ikkje tar det eurosentriske verdssynet for gitt

kan nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er ein føremon.

Innføringsemne

Det er obligatorisk at programmet inneheld Ex.phil og 10-20 stp ex.fac. Det er tilrådd at RELV100-Religion, kultur og samfunn, tas i det første semesteret.

Obligatoriske emne

I tillegg til emna omtalt i avsnittet «Innføringsemne» er følgjande emne obligatoriske i programmet: RELV101, RELV102, RELV103, RELVI250.

Spesialisering

Det vert kravd til saman minst 90 studiepoeng i religionsvitskap. RELV101, RELV102 og RELV103 er obligatoriske emne, saman med RELVI250 (bacheloroppgåve). RELVI250 tilfredsstiller gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jf. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.

Spesialiseringa må vidare innehalde to av emna RELV202, RELV202SEM, RELV208, RELV213, RELV221, RELV222, RELV223, RELV224, RELV228, RELV230,  RELV232, RELV233, RELV234, RELV236, RELV237, RELV238, RELV239, RELV240, eller RELV241.

Etter søknad til instituttet er det mogleg å skifte ut eitt av desse med fagleg relevante emne frå andre fag.

https://www.uib.no/fag/religionsvitenskap/79247/temaomtalar-religionsvitskapTrykk her for informasjon om tema som er gjeldande dette semesteret.

Tilrådde valemne

Bachelorprogrammet i religionsvitskap har 60 frie studiepoeng. Studenten kan velje emne innanfor fag som er relevante for studentens vidare utdanning eller yrkesplanar. Studentane tek normalt eit semester med frie studiepoeng på utveksling ved eit utanlandsk universitet. Dersom ein ynskjer å gå vidare med lærarutdanning er det tilrådd at ein tek dei 60 frie studiepoenga i eit undervisningsfag.

Rekkefølgje for emne i studiet

Studiet startar med innføringsemne i første semester (haust).

Fagemna vert tilbydd slik:

Vår:

RELV101 Kva er religionsvitskap?*

RELV105 Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, og norrøn og samisk religion

RELV202/202SEM Spesialiseringsemne±

RELV221 Nyreligiøsitet

RELV224 Hinduism

RELV230 Religion and Media

RELV232 Verdsfilosofiar

RELV236 Reformations in Europe

RELV239 Islamic Religious Thought and Practice

RELV241 Norrøne religionar

RELVI250 Bacheloroppgåve i systematisk religionsvitskap*

Haust:

RELV102 Kristendommen, jødedommen og islam*

RELV103 Hinduismen, buddhismen og andre asiatiske religionar*

RELV202/202SEM Spesialiseringsemne±

RELV208 Sami Religion

RELV213 Religion and Science

RELV222 Religionar i antikken

RELV223 Buddhism and Jainism

RELV228 Religion and Politics

RELV233 Religion and Art

RELV234 Religion and Music

RELV237 Religion and the City

RELV238 Religion and World Literature

RELV240 Christians under Islamic Rule

* = obligatorisk emne

± = Det vert tilbydd fleire fordjupingsemne under RELV202/202SEM; sjå UiB og AHKR sine nettsider for oppdatert oversikt .

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

RELV101 bør tas i det første semesteret i ei spesialisering i religionsvitskap. RELVI250 legg til grunn at studenten har tatt minst 45 studiepoeng i religionsvitskap.

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

RELV101 bør tas i det første semesteret med religionsstudium. RELVI250 legg til grunn at studenten har tatt minst 45 studiepoeng (= 3 emne) i religionsvitskap.

Studiestader

Delstudium i utlandet

Eit utvekslingsopphald ved eit universitet i utlandet er ein integrert del av studiet. Utvekslinga går normalt føre seg i det femte semesteret. Ein kan òg velje å vere på utveksling eit heilt år. Eit opphald ved eit utanlandsk universitet gir både breidde og djupne i læringsutbytet til studiet, i tillegg til språkkunnskapar og verdifull internasjonal røynsle. UiB har utvekslingsavtalar med universitet i hele verda. Eksempel på avtalar som programmet vil trekke fram er:

Aarhus Universitet

Syddansk Universitet

University of Bremen

University of Groningen

School of Oriental and African Studies (SOAS)

Utanlandsopphaldet vert planlagt i god tid på førehand, med hjelp frå studieadministrasjonen. Det blir òg gitt informasjon om utveksling gjennom informasjonsmøte og rettleiing i løpet av studietida. Sjå http://www.uib.no/utvekslingwww.uib.no/utveksling

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert gitt i form av forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Gjennom dei ulike undervisningsformene får studentane moglegheit til å studere faget på ulike måtar, noko som fører til større læringsutbyte. Undervisningsform og -omfang er nærare omtalt i dei einskilde emneomtalene.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vert gjeve i form av forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Gjennom dei ulike undervisingsformene får studentane mogelegheit til å belyse og studere faget på ulike måtar, som fører til større læringsutbyte. Undervisningsform og -omfang er nærare omtalt i dei einskilde emneomtalene.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvde på ulike måtar, til dømes ved mappevurdering, skuleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve.

Vurderingsformene er tilpassa emnets art og innhald, og ulike vurderingsformer er valt for å prøve studentane i ulike typar kunnskap og for å gi dei moglegheit til å utvikle kompetanse i både skriftleg og munnleg presentasjon.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet vert éin av to karakterskalaer nytta:

1) A-F der F er stryk

2) greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Ein bachelorgrad i religionsvitskap gir grunnlag for opptak til masterprogrammet i religionsvitskap.

Relevans for arbeidsliv

Personar med bachelorgrad i religionsvitskap arbeider i mange ulike yrke. Mange arbeider som lærar i ungdomsskulen, i den vidaregåande skulen eller i andre utdanningsinstitusjonar. Andre arbeider i offentleg forvalting, i innvandringsrelatert arbeid, med bistand og nødhjelp, med sakshandsaming, på museum, i reiseliv, i media, i organisasjonsliv, utanriksteneste og humanitært arbeid. Den internasjonale erfaringa eit utvekslingsopphald gir, vert òg etterspurt av arbeidslivet.

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Utval for undervisning og internasjonalisering ved AHKR har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar@ahkr.uib.no