Studieprogram: BAHF-RELV Bachelorprogram i religionsvitenskap - Vår 2022
Namn på grad
Bachelor i religionsvitskap
Omfang og studiepoeng
Bachelorprogram i religionsvitskap har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.
Fulltid/deltid
Fulltid 3 år/deltid 6 år
Undervisningsspråk
Dei fleste emna i programmet vert tilbydd på norsk, men enkelte emne vert tilbydd på engelsk.
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Studieprogrammet gir kunnskap om religion som eit globalt fenomen. Målet med studiet er å kunne forstå og analysere religion som meiningsberande og identitetsdannande system. Innhaldsmessig fokuserer studiet på religiøst mangfald fortid og notid. Det gir kunnskap om religion i sine mange utformingar, som varierer med tid og stad, men også inneheld fellestrekk. Tilnærminga er samanliknande og religiøst sett nøytral. Studenten vert kjend med ulike metodar og teoriar som vert tatt i bruk i aktuell religionsforsking. Studiet set søkelys på religion som ein dynamisk kraft i samspel med blant anna etikk, kjønn, økonomi, politikk, populærkultur og migrasjon. Eit utvekslingsopphald ved eit utanlandsk universitet er ein integrert del av studiet.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
- har kunnskap om eldre og nyare religionar og deira roller i samfunn og kultur i historie og notid
- har kunnskap om sentrale vitskaplege forskingsperspektiv på religion og ulike forståingar av religion
- har innsikt i sentrale religionsvitskaplege omgrep og teoriar
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan kritisk drøfte religionsvitskaplege problemstillingar
- kan kritisk analysere religionshistoriske kjelder
- kan sjå samanheng mellom teori og data frå ulike kontekstar
- kan sjølvstendig teoretisk tenking
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan forstå menneskeleg åtferd i sine kulturelle og religiøse kontekstar
- kan handsame store informasjonsmengder
- kan argumentere munnleg og skriftleg med utgangspunkt i dokumentasjon og vitskapeleg forsking
- kan utvikle perspektiv på religion og samfunn som ikkje tar det eurosentriske verdssynet for gitt
- kan nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk ei ein føremon.
Innføringsemne
Det er obligatorisk at programmet inneheld Ex.phil og 10-20 stp ex.fac. Det er tilrådd at RELV100-Religion, kultur og samfunn, tas i det fyrste semesteret.
Obligatoriske emne
I tillegg til emna omtalt i avsnittet «Innføringsemne» er følgjande emne obligatoriske i programmet: RELV101, RELV102, RELV103, RELVI250.
Spesialisering
Det vert kravd til saman minst 90 studiepoeng i religionsvitskap. RELV101, RELV102 og RELV103 er obligatoriske emne, saman med RELVI250 (bacheloroppgåve). RELVI250 tilfredsstiller gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jf. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.
Spesialiseringa må vidare innehalde to av emna RELV202, RELV202SEM, RELV208, RELV213, RELV221, RELV222, RELV223, RELV224, RELV228, RELV230, RELV232, RELV233, RELV234, RELV236, RELV237, RELV238, RELV239, RELV240, eller RELV241.
Etter søknad til instituttet er det mogleg å skifte ut eitt av desse med fagleg relevante emne frå andre fag.http://www.uib.no/fag/religionsvitenskap/79247/temaomtalar-religionsvitskap
http://www.uib.no/fag/religionsvitenskap/79247/temaomtalar-religionsvitskapTrykk her for informasjon om tema som er gjeldande dette semesteret.
Tilrådde valemne
Bachelorprogrammet i religionsvitskap har 60 frie studiepoeng. Studenten kan velje emne innanfor fag som er relevante for studentens vidare utdanning eller yrkesplanar. Studentane tek normalt eit semester med frie studiepoeng på utveksling ved eit utalandsk universitet. Dersom ein ynskjer å gå vidare med lærarutdanning er det tilrådd at dei 60 frie studiepoenga takast i eit undervisningsfag.
Rekkefølgje for emne i studiet
Studiet startar med innføringsemne i første semester (haust).
Fagemna vert tilbydd slik:
Vår:
RELV101 Innføring i religionsvitskap*
RELV105 Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, og norrøn og samisk religion
RELV202/202SEM Spesialiseringsemne±
RELV221 Nyreligiøsitet
RELV224 Hinduism
RELV230 Religion and Media
RELV232 Verdensfilosofiar
RELV236 Reformations in Europe
RELV239 Islamic Religious Thought and Practice
RELV241 Norrøne religionar
RELVI250 Bacheloroppgåve i systematisk religionsvitskap*
Haust:
RELV102 Jødedom, kristendom, islam*
RELV103 Hinduismen, buddhismen og andre asiatiske religionar*
RELV202/202SEM Spesialiseringsemne±
RELV208 Sami Religion
RELV213 Religion and Science
RELV222 Religionar i antikken
RELV223 Buddhisme and Jainism
RELV228 Religion and Politics
RELV233 Religion and Art
RELV234 Religion and Music
RELV237 Religion and the City
RELV238 Religion and World Literature
RELV240 Christians under Islamic Rule
* = obligatorisk emne
± = Det vert tilbydd fleire fordjupingsemne under RELV202/202SEM; sjå UiB og AHKR sine nettsider for oppdatert oversikt .
For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.
RELV101 bør tas i det første semesteret i ei spesialisering i religionsvitskap. RELVI250 legg til grunn at studenten har tatt minst 45 studiepoeng i religionsvitskap.
Krav til progresjon i studiet
For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.
RELV101 bør tas i det første semesteret med religionsstudium. RELVI250 legg til grunn at studenten har tatt minst 45 studiepoeng (= 3 emne) i religionsvitskap.
Studiestader
Delstudium i utlandet
Eit utvekslingsopphald ved eit universitet i utlandet er ein integrert del av studiet. Utvekslinga går normalt føre seg i det femte semesteret. Ein kan òg velje å vere på utveksling eit heilt år. Eit opphald ved eit utanlandsk universitet gir både breidde og djupne i læringsutbyttet til studiet, i tillegg til språkkunnskapar og verdifull internasjonal røynsle. UiB har utvekslingsavtalar med universitet i hele verda. Eksempel på avtaler som programmet vil trekke fram er:
Aarhus Universitet
Syddansk Universitet
University of Bremen
University of Groningen
School of Oriental and African Studies (SOAS)
Utanlandsopphaldet vert planlagd i god tid på førehand, med hjelp frå studieadministrasjonen. Det blir òg gitt informasjon om utveksling gjennom informasjonsmøte og rettleiing i løpet av studietida. Sjå http://www.uib.no/utvekslingwww.uib.no/utveksling
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gjeve i form av forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Gjennom dei ulike undervisingsformene får studentane mogelegheit til å belyse og studere faget på ulike måtar, som fører til større læringsutbyte. Undervisningsform og -omfang er nærare omtalt i dei einskilde emneomtalene.
Undervisningsmetodar
Undervisninga vert gjeve i form av forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Gjennom dei ulike undervisingsformene får studentane mogelegheit til å belyse og studere faget på ulike måtar, som fører til større læringsutbyte. Undervisningsform og -omfang er nærare omtalt i dei einskilde emneomtalene.
Vurderingsformer
Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, til dømes ved mappevurdering, skuleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve.
Vurderingsforma er tilpassa emnets art og innhald, og ulike vurderingsformer er valt for å prøve studentane i ulike typar kunnskap og for å gi dei mogelegheit til å utvikle kompetanse i både skriftleg og munnleg presentasjon.
Karakterskala
Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
1) A-F der F er stryk
2) greidd/ikkje greidd
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.
Grunnlag for vidare studium
Ein bachelorgrad i religionsvitskap gir grunnlag for opptak til masterprogrammet i religionsvitskap.
Relevans for arbeidsliv
Personar med bachelorgrad i religionsvitskap arbeider i mange ulike yrke. Mange arbeider som lærar i ungdomsskolen, i den vidaregåande skolen eller i andre utdanningsinstitusjonar. Andre i offentleg forvalting, i innvandringsrelatert arbeid, i bistand og nødhjelp, i sakshandsaming, på museum, i reiseliv, i media, i organisasjonsliv, utanriksteneste og humanitært arbeid. Den internasjonale erfaringa eit utvekslingsopphald gir, vert òg etterspurd av arbeidslivet.
Evaluering
Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Programansvarleg
Utval for undervisning og internasjonalisering ved AHKR har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet v/Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar@ahkr.uib.no