Studieprogram: BAMN-GEOF Bachelorprogram i klima, atmosfære- og havfysikk - Høst 2022




Undervisningsspråk

 Norsk

Studiestart - semester

Oppstart haust

Mål og innhald

Mål
Bachelorprogrammet i klima-, atmosfære- og havfysikk har som mål å gi studentane ei grunnleggjande innføring i dei faktorane som styrer rørsla i atmosfæren og i havet og deira eigenskapar. Studiet dekker såleis fysiske eigenskapar til atmosfæren, fysiske og kjemiske eigenskapar til hav, og korleis ein tek målingar og gjer analyse av desse. Studiet gir og ei innføring i fenomen som påverkar vekselverknaden mellom atmosfære og hav, og korleis nemnd kunnskap kan nyttast for å forstå og forklare variasjonar og endringar i klima.

Innhald
Bachelorprogrammet kombinerer dei klassiske realfaga fysikk og matematikk, og gir studentane god bakgrunn for arbeid i mellom anna forsking, utdanning, forvaltning, vêrvarsling, klima og fornybar energi.
Fagområdet klimafysikk skildrar tilstanden i hav og atmosfære over lang tid, korleis desse endrar seg over tid og korleis dei er kopla saman og påverkar kvarandre.
Fagområdet meteorologi, eller atmosfærefysikk, er studiet av vêrfenomen og dei ulike fysiske eigenskapane og prosessane i atmosfæren. Fagområdet oseanografi, eller havfysikk, er studiet av dei ulike eigenskapane og prosessane i havet. Dette fagområdet inneheld også skildring av krinslaupet til kjemiske stoff, som karbon og næringsemne, i havet.
I både meteorologi og oseanografi er dei fysiske lovene formulerte med hjelp av matematiske likningar som nyttast til å skildre og betre forstå naturen.
Ettersom faga nyttar informasjonsteknologi blir informatikk tilrådd som støttefag.

Studieprogrammet nyttar forsking og ekspertise i fysikk, matematikk, kjemi og geofysikk til å utdanne kandidatar med kompetanse i meteorologi, oseanografi og fysiske klimavariasjonar, samt dannar grunnlag for vidare spesialisering (mastergrad).

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

Ferdigheiter

Kandidaten

Generell kompetanse

Kandidaten

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALR2). Meir informasjon finn du her: http://www.uib.no/matnat/55436/realfagskrav-ved-mn-fakultetet

 

Innføringsemne

MAT111, GEOF100 og INF100 medan EXPHIL-MNSEM er tilrådd i 4. semester 

Obligatoriske emne

Følgjande emne er obligatoriske i studieprogrammet: Ex.phil., MAT111 og INF100

Krav til bachelorgraden i klima, atmosfære- og havfysikker ei spesialisering på til saman 180 studiepoeng og spesialiseringa på 110 studiepoeng består av følgjande emne:
MAT112, MAT121, MAT131, MAT212, PHYS111, GEOF105, GEOF110, GEOF210, GEOF212, og 10 studiepoeng blant emna: PHYS113, KJEM110 eller STAT110 (det kan søkes om val av andre emne) samt 10 studiepoeng blant emna: GEOF213, GEOF220 eller GEOF236 for kvalifisering til master.

Det er ulike krav om spesialisering for dei ulike studieretningane på Masterprogram i meteorologi og oseanografi:
GEOF213 er krav for opptak til studieretningane fysisk oseanografi og klimadynamikk.
GEOF213 og/eller GEOF220 er krav for opptak til studieretning meteorologi. Kun eitt av emna tel i opptaket om du har teke begge, tek du kun eitt av emna må du rekne med å ta det andre emnet som ein del av masteren din.
GEOF236 er krav for opptak til studieretning kjemisk oseanografi.

Tilrådde valemne

Følgjande emne er tilrådde valemne i studieprogrammet:
GEOF211, GEOF213, GEOF220, GEOF232, GEOF236, MAT213, MAT236, MAT252, MAT253, MAT261, KJEM100 og VIT212
Valemne bør velgast i høve til planlagt masterstudium.
Masterprogram i meteorologi og oseanografi har eigne faglege opptakskrav avhengig av studieretning, også kalla geofysikkval, se under obligatoriske emne for meir informasjon.
Studentane står fritt til å gjere andre val av emne. Inntil 10 sp på 300-nivå kan inngå i den valfrie delen av bachelorgraden.

Rekkefølgje for emne i studiet

Ofte bygger emna vidare på kunnskap frå andre emne og det er då oppgitt i Krav til forkunnskap eller Tilrådde forkunnskapar under kvart emne.

Tilrådd studieplan:

1. Semester, haust: Tre innføringsemne

MAT111 (10 studiepoeng)
INF100 (10 studiepoeng)
GEOF100 (10 studiepoeng)

2. semester (vår): Tre obligatoriske emne i spesialiseringa

MAT112 (10 studiepoeng)
MAT121 (10 studiepoeng)
PHYS111 (10 studiepoeng)

3. semester (haust): Tre obligatoriske emne i spesialiseringa

MAT212 (10 studiepoeng)
GEOF105 (10 studiepoeng)
Vel eitt av emna PHYS113, STAT110 eller KJEM110 (10 studiepoeng)

4. semester (vår): To obligatoriske emne i spesialiseringa og exphil

GEOF110 (10 studiepoeng)
MAT131 (10 studiepoeng)
EXPHIL-MNSEM (10 studiepoeng)

5. semester (haust): To obligatoriske emne og vel eitt av to emne (geofysikkval), alle i spesialiseringa

GEOF210 (10 studiepoeng)
GEOF212 (10 studiepoeng)
Vel eitt av emna GEOF213 eller GEOF236 (10 studiepoeng)

(5. semesteret kan og takast på UNIS)

6. semester (vår): Tilrådde valemne, andre emne eller UNIS/utveksling

VAL / GEOF220 (10 studiepoeng geofysikkval)
VAL / GEOF211 (10 studiepoeng)
VAL / GEOF232 (10 studiepoeng)

Delstudium i utlandet

Studieprogrammet har lagt til rette for at studentane kan ta delar av studiet ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) eller på lærestader i utlandet, primært i femte og/eller sjette semester.

 

Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtalar både i og utanfor Europa som kan nyttast til å studere eit semestre i eit anna land eller på UNIS.

 

På Bachelorprogram i klima-, atmosfære- og havfysikk har vi i tillegg utvalde samarbeidsuniversitet der fagtilboda passar spesielt godt. Dette gjeld også for opphald på Universitetssenteret på Svalbard (UNIS), der det er muleg å studere i både 5. og 6. semester av bachelorgraden. Utanlandsopphaldet/opphald på UNIS blir integrert i graden.

 

Studentar som vel å ta undervisning utanfor instituttet må søkje instituttet ved programstyret om godkjenning for studieopplegg ved undervisningsstad. Sjå http://www.uib.no/utdanning/48724/reise-p%c3%a5-utveksling for meir informasjon.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer i form av forelesingar, øvingar, laboratoriearbeid, tokt og feltarbeid. Undervisningsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer i form av rapportar, skriftleg eksamen, munnleg eksamen og presentasjonar. Vurderingsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: bestått/ikkje bestått og bokstarkarakterar på skalaen A-F.
Karakterskala for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan relevant fagområde.

For å vere kvalifisert for opptak til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i opptaksgrunnlaget. Kva som utgjer opptaksgrunnlaget avheng av masterprogrammet.

Kvalifisering til masterprogram i https://www.uib.no/studier/MAMN-GEOFMeteorologi og oseanografi, master, 2 år | Universitetet i Bergen (uib.no) krev GEOF213, GEOF220 eller GEOF236 i tillegg til spesialiseringa, avhengig av kva for studieretning du vel.

Kvalifisering til Masterprogram i https://www.uib.no/studier/MAMN-ENERGEnergi, master, 2 år | Universitetet i Bergen (uib.no)krev PHYS113 som kan inngå i spesialiseringsdelen av ein bachelorgrad i klima-, atmosfære- og havfysikk.

Relevans for arbeidsliv

Bachelorgrad i meteorologi og oseanografi/bachelorgrad i klima-, atmosfære- og havfysikk kan gje kompetanse i t.d. skuleverket, og i kommunal/fylke/statleg forvaltning. Det er generelt ei stor føremon å ta mastergrad. Ein vil då vera etterspurd innanfor bransjar som forsking, vêrvarsling, klima, skuleverket, forsvaret, fornybar energi, forsikring, samferdslesektoren og i miljøretta arbeid. Kandidatar med solide kunnskapar i matematikk og fysikk er mangelvare på arbeidsmarknaden. Vi driv grunnforsking i fag som er heilt sentrale for å forstå naturen, og som dannar grunnlaget for teknologien som vil bli nytta i framtida. Faga våre er dermed viktige for notidig og framtidig verdiskaping i samfunnet. For meir informasjon om kva muligheiter ein har med ei utdanning innan meteorologi, sjå: http://utdanning.no/yrker/beskrivelse/meteorolog

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@gfi.uib.no

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i meteorologi og oseanografi er 3-årig (180 studiepoeng). Primærfagene i studieprogrammet er matematikk, fysikk, meteorologi og oseanografi. Målgruppen for programmet er studenter med interesse for meteorologi, oseanografi og klima. Ettersom fagene er brukere av informasjonsteknologi anbefales informatikk som støttefag. Kjemi er et viktig støttefag for dem som ønsker å gå videre med masterstudier i kjemisk oseanografi. Fagområdet oseanografi omfatter studiet av fenomener i havet og sjøvannets fysiske og kjemiske egenskaper. Havets rolle for klimaet og klimaendringer er også et sentralt tema. Meteorologi omfatter studiet av værsystemer, fysiske prosesser i atmosfæren, klima og klimaendringer. I både meteorologi og oseanografi bruker vi de fysiske lovene formulert i matematiske ligninger for å beskrive og forklare fenomener i naturen.

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du ha 2MX/2MY/3MZ + 3MX/3FY/3BI/3KJ.

Tilrådde forkunnskaper

Undervisninga i bachelorprogrammet i meteorologi og oseanografi byggjer på 3MX og 3FY.

Undervisning

Undervisningsformer står beskrevet under hvert enkelt emne.

Oppbygging av studiet

Krav til bachelorgraden i meteorologi og oseanografi er ei spesialisering på til saman 90 studiepoeng, beståande av fyljande emne:

MAT112, MAT121, MAT131, PHYS111, GEOF110, GEOF120, GEOF130 og 20 studiepoeng blant emna: MAT212, STAT110, PHYS110, MAT236/PHYS116.

MAT212 og STAT110 i 3. semester er å anbefala.

GEOF236 er obligatorisk for vidare masterstudium i kjemisk oseanografi, normalt 3. semester.

Innføringsemne

Ex.phil, MAT111, MNF140

Fageining og spesialisering

Valgfriheten i programmet kan benyttes til å ta et studieopphold i utlandet. Det finnes i dag mange alternativ for deg som ønsker å ta et semester eller to av utdanningen i et annet land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utenfor Europa. På alle bachelorprogram i meteorologi og oseanografi velger vi i tillegg ut spesielle samarbeidsuniversiteter for å finne det fagtilbudet som passer best for våre studenter. På den måten får du tilbud om et tilrettelagt utenlandsopphold som blir integrert i graden.

Obligatoriske aktivitetar

Obligatoriske aktiviteter som går inn i graden står beskrevet under hvert enkelt emne.

Tilrådde valemne

GEOF210, GEOF211, GEOF212, GEOF230, GEOF236, STAT110, MAT213, MAT236, PHYS110, PHYS112, PHYS114, MAT160, KJEM100 og BIO202.

Valemner bør veljast i forhold til planlagt masterstudium. Nokre masterprogramm har spesielle faglege opptakskrav. Inntil 10 studiepoeng på 300-nivå kan inngå i den valfrie delen av bachelorgraden.

Vurdering / Eksamensformer

Obligatorisk undervisning og informasjon om evalueringsformer står beskrevet under hvert enkelt emne.

Yrkesvegar

Bachelorprogrammet i meteorologi og oseanografi utdanner kandidater som er meget etterspurte innen bransjer som oljeindustri, forskning, skoleverket, værvarsling og i miljørettet arbeid. Kandidater med solide grunnkunnskaper i matematikk og fysikk er en mangelvare på arbeidsmarkedet. Vi driver grunnforskning i fag som er helt sentrale for vår forståelse av naturen, og som dessuten danner grunnlaget for fremtidens teknologi. Fagene våre er dermed viktige for verdiskapingen i samfunnet.

Læremiddelomtale

Læremiddel som blir brukt i programmet står beskrevet under hvert enkelt emne.

Delstudium i utlandet

Valgfriheten i programmet kan benyttes til å ta et studieopphold i utlandet. Det finnes i dag mange alternativ for deg som ønsker å ta et semester eller to av utdanningen i et annet land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utenfor Europa. På alle bachelorprogram i meteorologi og oseanografi velger vi i tillegg ut spesielle samarbeidsuniversiteter for å finne det fagtilbudet som passer best for våre studenter. På den måten får du tilbud om et tilrettelagt utenlandsopphold som blir integrert i graden.

Oppstart

Høst

Administrativt ansvarleg

studierettleiar@gfi.uib.no / studieveileder@gfi.uib.no / 55 58 26 04