Mål
Bachelorprogrammet i klima-, atmosfære- og havfysikk har som mål å gi studentane ei grunnleggjande innføring i dei faktorane som styrer rørsla i atmosfæren og i havet og deira eigenskapar. Studiet dekker såleis fysiske eigenskapar til atmosfæren, fysiske og kjemiske eigenskapar til hav, og korleis ein tek målingar og gjer analyse av desse. Studiet gir og ei innføring i fenomen som påverkar vekselverknaden mellom atmosfære og hav, og korleis nemnd kunnskap kan nyttast for å forstå og forklare variasjonar og endringar i klima.
Innhald
Bachelorprogrammet kombinerer dei klassiske realfaga fysikk og matematikk, og gir studentane god bakgrunn for arbeid i mellom anna forsking, utdanning, forvaltning, vêrvarsling, klima og fornybar energi.
Fagområdet klimafysikk skildrar tilstanden i hav og atmosfære over lang tid, korleis desse endrar seg over tid og korleis dei er kopla saman og påverkar kvarandre.
Fagområdet meteorologi, eller atmosfærefysikk, er studiet av vêrfenomen og dei ulike fysiske eigenskapane og prosessane i atmosfæren. Fagområdet oseanografi, eller havfysikk, er studiet av dei ulike eigenskapane og prosessane i havet. Dette fagområdet inneheld også skildring av krinslaupet til kjemiske stoff, som karbon og næringsemne, i havet.
I både meteorologi og oseanografi er dei fysiske lovene formulerte med hjelp av matematiske likningar som nyttast til å skildre og betre forstå naturen.
Ettersom faga nyttar informasjonsteknologi blir informatikk tilrådd som støttefag.
Studieprogrammet nyttar forsking og ekspertise i fysikk, matematikk, kjemi og geofysikk til å utdanne kandidatar med kompetanse i meteorologi, oseanografi og fysiske klimavariasjonar, samt dannar grunnlag for vidare spesialisering (mastergrad).
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
Ferdigheiter
Kandidaten
Generell kompetanse
Kandidaten
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALR2). Meir informasjon finn du her: http://www.uib.no/matnat/55436/realfagskrav-ved-mn-fakultetet
Følgjande emne er obligatoriske i studieprogrammet: Ex.phil., MAT111 og INF100
Krav til bachelorgraden i klima, atmosfære- og havfysikker ei spesialisering på til saman 180 studiepoeng og spesialiseringa på 110 studiepoeng består av følgjande emne:
MAT112, MAT121, MAT131, MAT212, PHYS111, GEOF105, GEOF110, GEOF210, GEOF212, og 10 studiepoeng blant emna: PHYS113, KJEM110 eller STAT110 (det kan søkes om val av andre emne) samt 10 studiepoeng blant emna: GEOF213, GEOF220 eller GEOF236 for kvalifisering til master.
Det er ulike krav om spesialisering for dei ulike studieretningane på Masterprogram i meteorologi og oseanografi:
GEOF213 er krav for opptak til studieretningane fysisk oseanografi og klimadynamikk.
GEOF213 og/eller GEOF220 er krav for opptak til studieretning meteorologi. Kun eitt av emna tel i opptaket om du har teke begge, tek du kun eitt av emna må du rekne med å ta det andre emnet som ein del av masteren din.
GEOF236 er krav for opptak til studieretning kjemisk oseanografi.
Ofte bygger emna vidare på kunnskap frå andre emne og det er då oppgitt i Krav til forkunnskap eller Tilrådde forkunnskapar under kvart emne.
Tilrådd studieplan:
1. Semester, haust: Tre innføringsemne
MAT111 (10 studiepoeng)
INF100 (10 studiepoeng)
GEOF100 (10 studiepoeng)
2. semester (vår): Tre obligatoriske emne i spesialiseringa
MAT112 (10 studiepoeng)
MAT121 (10 studiepoeng)
PHYS111 (10 studiepoeng)
3. semester (haust): Tre obligatoriske emne i spesialiseringa
MAT212 (10 studiepoeng)
GEOF105 (10 studiepoeng)
Vel eitt av emna PHYS113, STAT110 eller KJEM110 (10 studiepoeng)
4. semester (vår): To obligatoriske emne i spesialiseringa og exphil
GEOF110 (10 studiepoeng)
MAT131 (10 studiepoeng)
EXPHIL-MNSEM (10 studiepoeng)
5. semester (haust): To obligatoriske emne og vel eitt av to emne (geofysikkval), alle i spesialiseringa
GEOF210 (10 studiepoeng)
GEOF212 (10 studiepoeng)
Vel eitt av emna GEOF213 eller GEOF236 (10 studiepoeng)
(5. semesteret kan og takast på UNIS)
6. semester (vår): Tilrådde valemne, andre emne eller UNIS/utveksling
VAL / GEOF220 (10 studiepoeng geofysikkval)
VAL / GEOF211 (10 studiepoeng)
VAL / GEOF232 (10 studiepoeng)
Studieprogrammet har lagt til rette for at studentane kan ta delar av studiet ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) eller på lærestader i utlandet, primært i femte og/eller sjette semester.
Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtalar både i og utanfor Europa som kan nyttast til å studere eit semestre i eit anna land eller på UNIS.
På Bachelorprogram i klima-, atmosfære- og havfysikk har vi i tillegg utvalde samarbeidsuniversitet der fagtilboda passar spesielt godt. Dette gjeld også for opphald på Universitetssenteret på Svalbard (UNIS), der det er muleg å studere i både 5. og 6. semester av bachelorgraden. Utanlandsopphaldet/opphald på UNIS blir integrert i graden.
Studentar som vel å ta undervisning utanfor instituttet må søkje instituttet ved programstyret om godkjenning for studieopplegg ved undervisningsstad. Sjå http://www.uib.no/utdanning/48724/reise-p%c3%a5-utveksling for meir informasjon.
Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan relevant fagområde.
For å vere kvalifisert for opptak til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i opptaksgrunnlaget. Kva som utgjer opptaksgrunnlaget avheng av masterprogrammet.
Kvalifisering til masterprogram i
Kvalifisering til Masterprogram i
Undervisninga i bachelorprogrammet i meteorologi og oseanografi byggjer på 3MX og 3FY.
Undervisningsformer står beskrevet under hvert enkelt emne.
Krav til bachelorgraden i meteorologi og oseanografi er ei spesialisering på til saman 90 studiepoeng, beståande av fyljande emne:
MAT112, MAT121, MAT131, PHYS111, GEOF110, GEOF120, GEOF130 og 20 studiepoeng blant emna: MAT212, STAT110, PHYS110, MAT236/PHYS116.
MAT212 og STAT110 i 3. semester er å anbefala.
GEOF236 er obligatorisk for vidare masterstudium i kjemisk oseanografi, normalt 3. semester.
Ex.phil, MAT111, MNF140
Obligatoriske aktiviteter som går inn i graden står beskrevet under hvert enkelt emne.
GEOF210, GEOF211, GEOF212, GEOF230, GEOF236, STAT110, MAT213, MAT236, PHYS110, PHYS112, PHYS114, MAT160, KJEM100 og BIO202.
Valemner bør veljast i forhold til planlagt masterstudium. Nokre masterprogramm har spesielle faglege opptakskrav. Inntil 10 studiepoeng på 300-nivå kan inngå i den valfrie delen av bachelorgraden.
Obligatorisk undervisning og informasjon om evalueringsformer står beskrevet under hvert enkelt emne.
Læremiddel som blir brukt i programmet står beskrevet under hvert enkelt emne.
Valgfriheten i programmet kan benyttes til å ta et studieopphold i utlandet. Det finnes i dag mange alternativ for deg som ønsker å ta et semester eller to av utdanningen i et annet land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utenfor Europa. På alle bachelorprogram i meteorologi og oseanografi velger vi i tillegg ut spesielle samarbeidsuniversiteter for å finne det fagtilbudet som passer best for våre studenter. På den måten får du tilbud om et tilrettelagt utenlandsopphold som blir integrert i graden.
Høst
studierettleiar@gfi.uib.no / studieveileder@gfi.uib.no / 55 58 26 04