Studieprogram: BAPS-SPED Bachelorprogram i spesialpedagogikk - Høst 2022




Namn på grad

Bachelor i spesialpedagogikk

Omfang og studiepoeng

180 studiepoeng

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i spesialpedagogikk ved Universitetet i Bergen byggjer på fagområda spesialpedagogikk, pedagogikk og psykologi, for å gje eit breitt fagleg fundament for å kunne arbeide systemretta og individorientert med tenester for barn og unge med ulike føresetnader for læring. Som sjølvstendig utdanning skal eit bachelorprogram i spesialpedagogikk også kunne kvalifisere til å gå inn i spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i barnehage, skule og andre læringsarenaer. Studieprogrammet gir innsikt i og forståing av ulike kartleggingstilnærmingar som inngår i spesialpedagogisk verksemd. Gjennom studiet får kandidatane kunnskap om lovverk og andre styringsdokument som regulerer det spesialpedagogiske arbeidet. Studiet har som mål å gje studentane innsikt i korleis faget utviklar seg og korleis dei på ein profesjonell måte kan bidra til vidareutvikling av spesialpedagogisk praksis. Studieprogrammet skal også kunne gje grunnlag for vidare spesialisering (mastergrad).

I starten av studiet blir det lagt vekt på å gje studentane grunnleggande kjennskap til ulike delar av det spesialpedagogiske kunnskapsfeltet; innføring i spesialpedagogikk og ulike perspektiv på læring; generell utviklingspsykologi og språkutvikling;. Seinare i studiet får studentane kjennskap til og innsikt i læring og åtferdspsykologi; observasjon, kartlegging og tiltak i spesialpedagogisk praksis, lese- og skrivevanskar og forskingsmetode. I siste del av studiet skal studentane få kunnskap om og mogelegheit til å reflektere over spesialpedagogisk yrkesutøving i eit profesjonsteoretisk perspektiv, samt at dei skal fordjupe seg i eit sjølvvalt tema gjennom arbeidet med bacheloroppgåva. Undervegs i studiet inngår 100 timar praksis, og arbeids- og vurderingsformene på ulike emne vil reflektere både ei praktisk og teoretisk tilnærming.

Læringsutbyte

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten ..

Ferdigheiter

Kandidaten ..

Generell kompetanse

Kandidaten ..

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

I tillegg må du levere gyldig https://www.politi.no/tjenester/politiattest/politiattest ved semesterstart.

Tilrådde forkunnskapar

Studiekompetanse

Innføringsemne

EXPHIL-PSSEM/EXPHIL-PSEKS (10 stp)

SPED100 Innføring i spesialpedagogikk (15 stp)

Obligatoriske emne

PSYK114 Utviklings, kognitiv og biologisk psykologi (15 stp)

PED112 Pedagogiske perspektiv på læring (15 stp)

SPED101 Språkutvikling (15 stp)

SPED102 Observasjon, kartlegging og tiltak i spesialpedagogisk praksis (15 stp)

PSYK207 Læring og atferdspsykologi (15 stp)

PED210 Vitskapelege metodar (15 stp)

SPED200 Profesjonstenking - lovverk og etikk i teori og praksis (15 stp)

SPED250 Bacheloroppgåve i spesialpedagogikk (15 stp)

SPED211 Lese- og skrivevanskar (5 stp)

Spesialisering

Studiet gjer ei spesialisering i spesialpedagogikk, som består av desse emna:

SPED101 - Språkutvikling (15 stp)

SPED102 - Observasjon, kartlegging og tiltak i spesialpedagogisk praksis (15 stp)

SPED200 - Profesjonstenkning - lovverk og etikk i teori og praksis (15 stp)

SPED250 - Bacheloroppgåve i spesialpedagogikk (15 stp)

PED210 - Vitskapelege metodar (15 stp)

SPED211 - Lese- og skrivevansker (5 stp)

PED112 - Pedagogiske perspektiv på læring (15 stp)

PSYK114 - Utviklings-, kognitiv og biologisk psykologi (15 stp)

PSYK207 - Læring og atferdspsykologi (15 stp)

Tilrådde valemne

Programmet har 30 studiepoeng valfrie emne. Desse kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjend høgare utdanning som ikkje overlappar med det som er obligatorisk i graden. Det vert tilrådd emne innanfor psykologi, helsefag, logopedi eller pedagogikk.

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester:

SPED100 Innføring i spesialpedagogikk (15 stp)

PED112 Pedagogiske perspektiv på læring (15 stp)

 

2. semester:

SPED101 Språkutvikling (15 stp)

PSYK114 Utviklings, kognitiv og biologisk psykologi (15 stp)

 

3. semester:

SPED102 Observasjon, kartlegging og tiltak i spesialpedagogisk praksis (15 stp)

PSYK207 Læring og atferdspsykologi (15 stp)

 

4. semester:

EXPHIL-PSSEM/EXPHIL-PSEKS (10 stp)

PED210 Vitskapelege metodar (15 stp)

SPED211 Lese- og skrivevanskar (5 stp)

 

5. semester:

Valemne (30 stp)

 

6. semester:

SPED200 Profesjonstenking - lovverk og etikk i teori og praksis (15 stp)

SPED250 Bacheloroppgåve i spesialpedagogikk (15 stp)

Delstudium i utlandet

På bachelorprogrammet i spesialpedagogikk er det forventa og fagleg anbefalt at du reiser på utveksling i ditt 5. semester, og tar 30 valfrie studiepoeng i eit anna land. Det er viktig å reise på utveksling for å få nye perspektiv og erfaringar frå ein anna kultur og eit anna universitet. UiB og Det psykologiske fakultet har mange gode avtaler å velje mellom, og du kan sjølv velge om du vil reise på utveksling til universitet i Norden, Europa, eller til land utanfor Europa som er særleg relevant for deg som studerer spesialpedagogikk. Vi kan til dømes anbefale universitet i USA, Canada, Australia, Sør-Afrika, New Zealand, Danmark, Storbritannia, Nederland og Spania.

 

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert normalt sett saman av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper, og det vert lagt vekt på studentaktive læringsformer, mellom anna bruk av digitale læringsressursar og tilbakemelding på skriftlege arbeid undervegs i studiet. Som del av undervisningsmetodar inngår det også ein praksiskomponent i bachelorprogrammet.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vert normalt sett saman av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper, og det vert lagt vekt på studentaktive læringsformer, mellom anna bruk av digitale læringsressursar og tilbakemelding på skriftlege arbeid undervegs i studiet. I tillegg inngår det ein praksisdel, der studenten skal observere og sjølv utøve spesialpedagogisk arbeid.

Vurderingsformer

Emna som inngår i studieløpet nyttar ulike kombinasjonar av vurderingsformer. Sjå dei enkelte emnebeskrivelsane for nærare detaljar om vurderingsform.

Karakterskala

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet vert karaktersett med bokstavkarakterar (A-F)

 

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Fullført bachelorgrad i spesialpedagogikk kvalifiserer for opptak til masterstudium i pedagogikk ved UiB. Studiet kan òg kvalifisere for opptak til andre masterstudium ved Det psykologiske fakultet.

Føresett at obligatoriske logopediemne vert tatt som valemne, kan studentar med bachelor i spesialpedagogikk vere kvalifisert til opptak for master i logopedi ved UiB.

Studiet kan kvalifisere for opptak til master i spesialpedagogikk ved andre lærestader.

Relevans for arbeidsliv

Bachelorgrad i spesialpedagogikk gir moglegheit for jobb i område der kompetanse innan læring og utvikling er relevant. Kandidaten har ikkje formell undervisningskompetanse, men kan arbeide i ulike typar stillingar i barnehage, skole, SFO, omsorgsboligar osb. Andre aktuelle arbeidsarenaer kan vere helse- og sosialsektoren, arbeidsinkludering, kultursektoren eller velferdsforvaltninga.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no. I tillegg vil programmet fylgje Det psykologiske fakultet sine retningslinjer for deltakande evaluering.

Skikkavurdering og autorisasjon

Søkjarar til utdanningar der studentar kan komme i kontakt med mindreårige som ein del av klinisk undervisning eller praksis, skal leggje fram politiattest som nemnt i politiregisertelova § 39 første ledd i samband med opptak.

Studentar på bachelorprogrammet i spesialpedagogikk skal bli vurdert om dei er skikka under heile studiet, jf. forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning.

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultetInformasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet