Studieprogram: BASV-SANT Bachelorprogram i sosialantropologi - Vår 2022




Namn på grad

Bachelorprogrammet i sosialantropologi fører fram til graden bachelor i sosialantropologi. Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Norsk/engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Sosialantropologi er den sentrale disiplin i det globalt samanliknande studiet av kultur og samfunn. Sosialantropologar undersøkjer det kulturelle mangfaldet blant menneske verda over og dei sosiale prosessane som utfaldar seg i dette mangfaldet. Faget er difor vidt tematisk - all menneskeleg verksemd og kunnskap er interessant når sosialantropologar freistar å forstå variasjon, samanheng og endring i samfunn og kultur. Dette kjem òg til syne i faget sitt geografiske spenn. Sosialantropologar forskar overalt i verda og har ein særskilt tradisjon for studiar av ikkje-vestlege samfunn, men faget bidreg òg i høg grad til kunnskap om kultur, samfunn og organiseringsformer i Noreg og andre vestlege samfunn. Metodisk vektlegg faget feltarbeid, komparasjon og heilskapelege perspektiv. Under feltarbeid oppheld sosialantropologar seg i lang tid (månader eller år) i nært samliv med menneske for å få innsikt i liva deira. Den komparative metode tyder at sosialantropologar handsamar sine data ved å samanlikne dei med livsforhold andre stadar, òg forskaren sitt eige samfunn. Det heilskapelege overgripande blikket inspirerar sosialantropologar til å tenkje på tvers av livsområde (familieliv, økonomi, politikk, religion osv.) som gjerne handsamast meir isolert i andre fag. Sosialantropologi har i særskilt grad tilgjenge på menneske sine kvardagserfaringar, gjerne blant grupper som ikkje er i ålmenta sitt søkelys. Den djupe innsikta faget gjev i uvante tenkemåtar og levevis legg såleis grunnlag for kritiske og alternative perspektiv på eige samfunn.

 

Bachelorstudiet i sosialantropologi skal gje innsikt i sosial og kulturell variasjon verda over og har som mål å gje studenten metodiske og teoretiske reiskapar for å analysere strukturar, institusjonar og prosessar i mellommenneskeleg liv. Målsetjinga er for det første å gi ei brei og grunnleggjande innsikt i korleis menneske utformar og formast av røyndomsoppfatningar og samfunnsmessige forhold på ulike livsområde. Tema som handsamast er mellom anna slektskap, ekteskap, familie, sosiale nettverk og andre former for organisering av kvardagslivet; former for ulikskap som til dømes kjønn, kaste, klasse og etnisitet; tilpassingar til miljøet gjennom produksjonsformer, bytte og konsum; makt, legitimering, motstand og politisk spel; verdsbilete, magi, hekseri, religion og ritual, og kvardagslivet sitt forhold til stat, nasjon, migrasjon, globalisering og utviklingsprosessar. I tillegg til denne breie globale handsaminga av sentrale tematikkar i menneske sine livstilhøve får studenten òg meir djuptgåande kjennskap til sosiale og kulturelle særtrekk i to verdsregionar. For det tredje problematiserar bachelorstudiet forholdet mellom teori og empiri ved å leggja vekt på korleis ulike teoretiske perspektiv på røynda gjev ulike forståingar av sosialt og kulturelt mangfald.

 

Innføringsemnet (10 poeng) gjev studenten ei erfaring med den sentrale metoden i sosialantropologi - feltarbeid - og kastar lys på ulikskap og likskap i samfunn verda over. Dei neste temaemna (fire emne kvar på 15 poeng) drøftar menneskeliv med utgangspunkt i fire generelle tilnærmingar - sosialitet, materialitet, meining og makt. Ei rekkje meir spesifikke temaområde vert handsama under desse fire emna. Siste del av studiet er eit regionalemne (15 poeng) som gjev ei grundig etnografisk innsikt i to verdsregionar og som drøftar nytta av å legge til grunn eit regionalt perspektiv på kulturell variasjon. Til slutt skriv studenten ei sjølvstendig fagleg oppgåve (¿bacheloroppgåve¿, 15 poeng) basert på dei gjennomførte emna. Oppgåveskrivinga er òg knytt til opplæring i akademisk skriving og informasjonssøking.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap

Kandidaten

 

Ferdigheiter

Kandidaten


Generell kompetanse

Kandidaten

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Innføringsemne

Anbefalte innføringsemne i bachelorprogrammet er ex.phil., SANT100 og SANT150 (kan erstattas av andre innføringsemne ved UiB/ andre lærestader).

 

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester

 

 

2. semester

 

 

3. semester

 

 

4. semester

 

 

5. semester

 

 

6. semester

 

 

 

 

 

 

Delstudium i utlandet

Studentar ved UiB kan inkludere eitt på førehand godkjent studieprogram ved eit anna universitet i sitt studium og sin norske grad. Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeida, mellom høvesvis dei nordiske universitet og universitet i EU-land, og gjennom bilaterale avtaler med land utafor Europa, er det organisert studentutveksling som ein del av universiteta sin ordinære verksemd.

Instituttet kan tilby råd og rettleiing ved val av utvekslingsstad og til innpassing av utanlandsstudiet i graden. Det anbefalast at utanlandsstudiet leggjast til 4. eller 5. semester.

 

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil normalt bestå av førelesningar / filmframvisningar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeid undervegs i studiet.

 

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt bestå av førelesningar / filmframvisningar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeid undervegs i studiet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studielaupet nyttar ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformer: skriftlig-, heime- og munnleg eksamen.

 

Karakterskala

Emna som inngår i det anbefalte studielaupet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

 

Grunnlag for vidare studium

Ein bachelorgrad med spesialisering i sosialantropologi vil kvalifisere studenten for opptak til masterprogrammet i sosialantropologi og utviklingsantropologi ved UiB. Masterprogrammet er eit 2-årig fordjupingsstudie som skal styrkje analytiske evner og teoretisk og metodisk kompetanse. Studiet tar sikte på å kvalifisere studentane til å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt på 4-6 månader som munnar ut i en avhandling basert på innsamla empirisk materiale.

 

Etter fullført mastergrad er det mogleg å gå vidare på PhD-studiet. I doktorgradsutdanninga utfører kandidaten eit sjølvstendig forskingsarbeid med doktoravhandlinga som det endelege resultat.

 

Relevans for arbeidsliv

http://www.uib.no/antro/45481/antropologer-i-arbeidslivet Sosialantropologar arbeider i mange ulike yrke, ofte i tverrfaglege team, og gjerne i jobbar som krev internasjonal kompetanse og krysskulturell innsikt. Antropologar arbeider i den offentlege forvaltinga, i internasjonale organisasjonar, på forskingsinstitutt, universitet, museum og høgskular, og meir spesifikt innanfor arbeidsmiljørådgiving, i helse- og sosialsektoren, i arbeid med flyktningar og innvandrarar, i bistandsprosjekt og med miljøvern. Med rett samansetting av fagemne blir du kvalifisert til å undervise i skoleverket. I arbeidslivet blir antropologar ofte også tilsette på bakgrunn av at dei har gjort feltarbeid ein viss stad, og/eller har studert særskilde tema. I jobbsamanheng fungerer antropologar ofte som utprega brubyggjarar, og her kan dei nasjonale og internasjonale kontaktane dei har skaffa seg under feltarbeidet få stor praktisk nytte.

Evaluering

Alle studieprogram og emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Administrativt ansvarleg

Institutt for sosialantropologi

E-post: studieveileder@sosantr.uib.no

Heimeside: http://www.uib.no/antro

Mål og innhald

Bachelorstudiet i sosialantropologi skal formidle forståing for sosial og kulturell variasjon, og gi teoretiske reiskapar for å analysere og samanlikne sosiale og kulturelle institusjonar og prosessar verda over. Studiet tar opp emne som sosial ulikskap, politikk og vald, økonomi, globalisering, kjønns- og slektskapsrelasjonar, økologi, religion, nasjonalisme, etnisitet og identitet, materialitet og meining, samt sosiokulturelle dimensjoner ved rom og sted. Studiet gir solid kunnskap om sosiale og kulturelle særtrekk ved ulike regionar (som Norge/Norden, Midtausten, Søraustasia, Sør-Asia, Sentral- og sørlige Afrika, Latin-Amerika og Oseania), og vektlegg korleis slike regionale særtrekk har utvikla seg historisk og i samspel med naturomgivnadene. Fullført bachelorprogram gir bachelorgrad, som også gir grunnlag for søknad om opptak til masterstudiet i sosialantropologi og andre høgare grads studium.

Fageining og spesialisering

Alle bachelorprogram startar første semester med ex.phil. og innføringsemne for programmet. På bachelorprogrammet i sosialantropologi må du sørgja for å få 110 studiepoeng med emne frå studieplanen til instituttet. Rekkefølgja avgjer du for så vidt sjølv, men den vil for ein stor del vera avhengig av kva emne og kombinasjonsalternativ som vert tilbode i det enkelte semesteret. Til å byrja med tek du allmenne innføringsemne, og etter kvart byggjer du på med spesialiseringsemne.

I løpet av bachelorstudiet kan du velja mellom emne som omhandlar:

- Teori- og faghistorie

- Slektskap, venskap og intimitet

- Religionar, ritual og politiske realitetar

- Symbolske og materielle aspekt ved produksjon, bytte og konsum

- Stat, kultur og identitet

- Politiske regime, dominansutøving og vald

- Humanøkologi, utviklingsproblematikk og globalisering

- Landskap, lokalitet og bygningar

Parallelt med dette vert det gitt fordjupande undervisning i fleire av regionane i verda: Midtausten, Afrika, Søraust-Asia, Sør-Asia, Oseania, Norge og Norden, og Latin-Amerika. Studenten må ha gjennomført emne i fire ulike regionar for å oppnå ein bachelorgrad i sosialantropologi. Bachelorstudiet vert avslutta med skriving av eit essay, med rettleiing. Dette gjer det mogleg for deg å samla trådane i dei sosialantropologiske emna du har studert. For deg som ynskjer å gå inn i dei spennande utfordringane som ligg i eit master-studium i sosialantropologi, vil du på førehand kunna peika ut fagområde som interesserer deg særskilt.

Dei siste 60 studiepoenga av bachelorgraden er i utgangspunktet frie studium. Karakteristisk for dei 'frie' studiepoenga er at det ikkje vert stilt krav om samansetninga av dei. Du kan til dømes ta inn språkemne, naturvitskaplege emne, studium frå utanlandske universitet, eller andre fag ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet. Du kan også ta inn inntil eitt års utdanning frå tidlegare studium, under føresetnad om at desse emna ikkje overlappar med emna i spesialiseringa di.

Yrkesvegar

Sosialantropologar arbeider i mange ulike yrke, ofte i tverrfaglege team, og gjerne også i jobbar som krev internasjonal kompetanse og krysskulturelle innsikter. Antropologar arbeider i den offentlege forvaltinga, i internasjonale organisasjonar, på forskingsinstitutt, universitet, museum og høgskolar, og meir spesifikt innan arbeidsmiljørådgiving, i helse- og sosialsektoren, i arbeid med flyktningar og innvandrarar, i bistandsprosjekt og innan miljøvern. Med rett samansetjing av fagemne blir du også kvalifisert til å undervise i skoleverket. I arbeidslivet er det sjeldan «ein antropolog» som blir tilsett, men derimot ein antropolog som har gjort feltarbeid ein viss stad, og/eller har studert særskilde tema. I jobbsamanheng fungerer antropologar ofte som utprega brubyggjarar, og her kan dei nasjonale og internasjonale kontaktane dei har skaffa seg under feltarbeidet få stor praktisk nytte.

Programansvarleg

Institutt for sosialantropologi

Fosswinckelsgate 6

5007 Bergen

Epost: post@sosantr.uib.no

Telefon (++47) 55 58 92 50

Fax: (++47) 55 58 92 60

Administrativt ansvarleg

Institutt for sosialantropologi

E-post: post@sosantr.uib.no

Telefon: 55 58 92 50

http://ugle.svf.uib.no/antro/