Studieprogram: BASV-SOS Bachelorprogram i sosiologi - Høst 2022




Namn på grad

Bachelorprogrammet i sosiologi fører fram til graden bachelor i sosiologi. Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Omfang og studiepoeng

Den normerte studietida for bachelorgraden i sosiologi er tre år. Dette svarer til 180 studiepoeng. Det krevst at ein tek ei fagleg fordjuping i sosiologiske emne på minimum 90 studiepoeng. Studentane vel sine emnekombinasjonar mellom dei tilboda som til ein kvar tid vert gjevne ved instituttet og/eller emne som er godkjende som likeverdige med desse. Normalt vil dette innebere 60 studiepoeng på innføringsnivå (100-nivå) òg 30 studiepoeng på eit meir avansert nivå (200-nivå). I desse 30 studiepoenga inngår det ei obligatorisk bacheloroppgåve på 15 studiepoeng

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Sosiologi er vitskapen om samfunnslivet i vid forstand. Sosiologar studerer relasjonane mellom menneske i små og store sosiale fellesskap; det vil seie relasjonane mellom individ, grupper og organisasjonar både på det lokale, nasjonale og globale planet. Sosiologar er opptekne av korleis menneskelege aktivitetar følger mønster som er relativt uavhengige av enkeltindivida. Sosiologar arbeider med å forklare og forstå korleis menneska blir forma av samfunnstilhøve og korleis dei sjølve kan endre desse tilhøva. Gjennom bachelorprogrammet skal studentane utvikle ei grunnleggjande forståing av det teoretiske og metodiske grunnlaget for sosiologien. Dessutan skal programmet gje generell kunnskap om sentrale problemstillingar og perspektiv innafor ulike sosiologiske temaområde. Slike temaområde er mellom anna familien, utdanning og arbeidsliv, velferdsstaten og offentlege omsorgstenester, sosiale klasser, kjønn og etniske relasjonar. Det kan også til dømes vere problemstillingar knytt til forholdet mellom økonomi og samfunn, modernisering, globalisering, livsløp og institusjonell endring.

I løpet av bachelorstudiet skal ein skrive og levere inn fleire sjølvstendige oppgåver. I nokre tilfelle må studenten også gje kommentarar til andre studentar sine oppgåveutkast. Den avsluttande bacheloroppgåva fyller eit halvt semester (15 studiepoeng) og blir skrive under rettleiing frå ein faglærar. Etter innlevering av bacheloroppgåva gjev studentane ein munnleg presentasjon av denne.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

Ferdigheiter

Kandidaten

Generell kompetanse

Kandidaten

Innføringsemne

Innføringsemne/førstesemesterstudiet i Bachelorprogrammet er ex.phil. og SOS100A (kan erstattast av andre innføringsemne ved UiB/ andre lærestader).

 

Obligatoriske emne

Eit sentralt element i spesialiseringa i faget er planlegging og gjennomføring av ei bacheloroppgåve. Du vel sjølve tema for oppgåva, og du vil få rettleiing undervegs i arbeidet.

Rekkefølgje for emne i studiet

 

 

 

Delstudium i utlandet

Du kan reise på utveksling som en del av graden din i sosiologi. Det finst mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Instituttet har fleire samarbeidsavtaler i mange land og regionar. Blant moglegheitene er studiar i Norden og Europa gjennom Nordplus og Erasmus+ ordningane, eller du kan reise til eit anna kontinent gjennom ei av UiBs mange bilaterale avtalar. Mellom anna er det mogleg å reise til prestisjetunge UC Berkeley i San Fransisco og studera sosiologi i eit eller to semester.

Vi hjelper deg med å finne utdanningstilbod frå våre samarbeidspartnarar som passar til dine faglege interesser og planar. Normalt reiser ein ut i eit eller to semester og nyttar frie studiepoeng, men det er også mogleg å ta utveksling som erstatning for fag i spesialiseringa. Sjå http://www.uib.no/sosio/37930/utvekslinginstituttets nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga består normalt av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeid undervegs i studiet.

 

Undervisningsmetodar

Undervisninga består normalt av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeid undervegs i studiet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det tilrådde studielaupet bruker stort sett ulike kombinasjonar av desse eksamensformene: heimeeksamen, skriftleg eksamen og munnleg eksamen.

Karakterskala

Emna som inngår i det anbefalte studielaupet vert karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i sosiologi kvalifiserer for søknad om opptak til eit toårig masterprogram i sosiologi. Masterprogrammet skal styrkje den metodiske kompetansen og dei analytiske evnene dine. Dette skjer først og fremst gjennom arbeid med masteroppgåva, som er ei større vitskapleg avhandling som du arbeider med i eitt år. Men det skjer også gjennom deltaking på ulike kurs og seminar.

Emna MET102, SOS101, SOS103, SOS201, SOS202, og eitt av emna SOS105, SOS106, SOS108, SOS109, SOS110, SOS111, SOS112, SOS113, SOS115, SOS116, SOS117 eller SOS118 utgjør opptaksgrunnlaget for master i sosiologi. Opptakskrav er karakteren C eller betre i gjennomsnitt på emna i opptaksgrunnlaget.

Relevans for arbeidsliv

Sosiologar med bachelorgrad i sosiologi har eit godt kompetansegrunnlag for arbeid med planlegging og iverksetjing av prosjektarbeid, utgreiings- og dokumentasjonsverksemd, informasjonsarbeid, personaladministrasjon og organisasjonsutvikling. Med rett samansetjing av fagemne vert du også kvalifisert til å undervise i skuleverket.

Sjå også her: http://www.uib.no/sosio/42812/sosiologer-i-arbeidSosiologer i arbeid

 

 

 

 

Evaluering

Alle studieprogram og emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Administrativt ansvarleg

Sosiologisk institutt

 

Mål og innhald

Sosiologi er vitskapen om samfunnslivet i vid forstand. Sosiologar studerer relasjonane mellom menneske i små og store sosiale fellesskap, mellom individ, grupper og organisasjonar både på det lokale, nasjonale og globale plan. Sosiologar er opptekne av at menneskelege aktivitetar og handlingar gjerne har eit mønster eller ein struktur som er relativt uavhengig av enkeltindivida. Sosiologar arbeider med å forklara og fortolka korleis menneska vert forma av samfunnstilhøve, samstundes som dei sjølve kan endra desse vilkåra gjennom handlingane og reaksjonane sine. Sosiologiske studium kan dreia seg om alt frå analyse av møte mellom enkeltindivid til gransking av globale sosiale prosessar.

Ved Sosiologisk institutt i Bergen har forsking og undervisning som er knytt til kjønn, makt og ulikskap lange tradisjonar. I tillegg arbeider me mykje med institusjonell endring, globalisering, livsløp og modernisering. I undervisninga vert studentane gjort kjent med aktuelle problemstillingar ved endringsprosessar innan familie og familieliv, utdanning og arbeidsliv, velferdsstat og offentlege omsorgstenester, innan klassemessige og etniske relasjonar, og i forholdet mellom økonomi og samfunn.

Innføringsemne

Ex.phil. og innføringsemne for programmet, instituttet anbefaler SOS100 og SV100.

Fageining og spesialisering

Bachelorprogrammet i sosiologi er 3-årig (180 studiepoeng). Det skal innehalda inntil 30 studiepoeng innføringsemne medrekna ex.phil og 90 studiepoeng med spesialisering (1 1/2 års studium) innanfor sosiologi eller ein godkjend fagkombinasjon. Alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga kan veljast frå andre fag. Du vel emnekombinasjonar blant dei tilboda som til einkvar tid vert gitt, og/eller emne som er godkjende som likeverdige. Eit fullført bachelorprogram fører fram til bachelorgrad.

Obligatoriske aktivitetar

Eit sentralt element i spesialiseringa i faget er planlegging og gjennomføring av ei bacheloroppgåve. Du vel sjølve tema for oppgåva, og du vil få rettleiing undervegs i arbeidet.

Tilrådde valemne

Du må sørgja for å få 90 studiepoeng med emne frå faget (rekkjefølgja avgjer du sjølv). Til å byrja med tek du allmenne innføringsemne, og seinare byggjer du på med spesialiseringsemne.

I løpet av bachelorstudiet kan du velja blant emne som omhandlar:

Dei siste 60 studiepoenga av bachelorgraden er i utgangspunktet frie studium. Karakteristisk for dei ?frie? studiepoenga er at det ikkje vert stilt krav om samansetninga av dei. Du kan velja emne frå andre fag ved universitetet, eller ved utanlandske universitet. Det er også mogleg å supplera med fleire emne frå sosiologi. Du kan også ta inn inntil eitt års utdanning frå tidlegare studium, under føresetnad av at desse emna ikkje overlappar med emna i spesialiseringa di.

Bachelorprogrammet i sosiologi vil då sjå slik ut:

Ex. phil. og innføringsemne, 30 poeng/1/2 år

Spesialiseringsfag, sosiologi, 90 poeng/1 1/2 år

Frie fagemne, 60 poeng/1 år

TOTALT: 180 poeng/3 år

Yrkesvegar

Sosiologar er kvalifiserte for arbeid med planlegging og iverksetjing av prosjektarbeid, forskings-, utgreiings- og dokumentasjonsverksemd, informasjonsarbeid, personaladministrasjon og organisasjonsutvikling, forsking og undervisning på universitet og høgskular. Med rett samansetjing av fagemne blir du også kvalifisert til å undervisa i skuleverket. Sosiologar arbeider både innan offentleg forvaltning så vel som i det private næringsliv.