Kunnskap:
Ein masterkandidat i filosofi skal ha
Dugleik:
Ein masterkandidat skal kunne
Kompetanse:
Masterstudiet i filosofi vil gi kompetanse
Masterprogrammet i filosofi byggjer på ein bachelorgrad med minst 80 studiepoeng fagleg fordjuping i filosofi eller tilsvarande.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
Andre bachelorgrader som kvalifiserer:
¿For søkjarar utan spesialisering i filosofi kan følgjande kvalifisere for opptak:
Søkjarane vert individuelt vurderte av fagmiljøet.
Du må også ha:
Dei obligatoriske emna er:
Studentar som tek FILO350 (Filosofi mastergradsoppgåve - 60stp.) må ta 30 valfrie studiepoenga studiepoeng i filosofi. Studentar som tek FILO351 (Filosofi mastergradsoppgåve - 30stp.) må ta 60 valfrie studiepoeng i filosofi.
Studentane kan velje frå følgjande emne:
30 (FILO351) eller 60 (FILO350) studiepoeng
Tilrådd progresjon i studiet for studentar som vel FILO350 (Filosofi mastergradsoppgåve - 60stp.)
¿ 1. semester: FIL342, FIL343 og 10 studiepoeng valfrie forskningsemne i filosofi.
¿ 2. semester: FIL344 og 20 studiepoeng valfrie forskningsemne i filosofi.
¿ 3. og 4. semester: FILO350
Tilrådd progresjon i studiet for studentar som vel FILO351 (Filosofi mastergradsoppgåve - 30stp.)
¿ 1. semester: FIL342, FIL343 og 10 studiepoeng valfrie forskningsemne i filosofi.
¿ 2. semester: FIL344 og 20 studiepoeng valfrie forskningsemne i filosofi.
¿ 3. semester: 30 studiepoeng valfrie forskningsemne i filosofi.
¿ 4. semester: FILO351
Instituttet vil utarbeide tilrettelagte utvekslingsopplegg for studentar som ynskjer eit utanlandsopphald som del av masterprogrammet i filosofi.
Du kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å studere innan spesialiseringane i programmet, eller for å ta frie studiepoeng i graden. Emna må førehandsgodkjennast av UiB.
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium har mange egne ERASMUS+ avtalar med universitet i blant anna Frankrike (Lille, Montpellier), Tyskland (Berlin, München, Stuttgart, Tübingen), Italia (Genova, Roma 'La Sapienza'), Østerrike (Graz, Wien), m.m.
Instututtet har også avtalar i Sverige, Tsjekkia, og Bulgaria samt 14 universitet du kan utveksle til i Norden (Danmark, Island, og Sverige) gjennom NORDPLUS (Nordplusnettverk i filosofi).
Du finner ei liste over alle instituttets utvekslingsavtalar, sortert etter land, under.
For ei liste over alle UiBs utvekslingsavataler se: http://www.uib.no/utvekslingsavtaler. Her kan du filtrere etter fakultet, land, og/eller etter studieprogram. Avtaler som ligg på universitetsnivå (BILATERAL avtalar) kan dei fleste UiB-studentane søke, men du må sjekke at dei gjeld for MA-studentar. For avtalar på fakultets- og instituttsnivå, vil studentar ved vedkommande fakultet/institutt vanlegvis bli prioritert i opptaket.
Fristen for å søke er 1. februar for påfølgjande høst- og vårsemester og 1. september for påfølgjande vårsemester. Søkarar må ha bestått minst 60 studiepoeng før utreisa.
For meir informasjon se: http://www.uib.no/hf/25275/reise-på-utveksling. For å søke brukar du Søknadsweb: https://fsweb.no/soknadsweb.
Filosofi som fag gjev ein særs brei kompetanse når det gjeld å sjå samanhengar mellom ulike fagfelt og problemstillingar og det å setje fagområde og samfunnstilhøve inn i eit samlande perspektiv. Difor høver filosofi godt som grunnlag for arbeid i sektorar der kommunikasjon og argumentasjon er viktig. Til dømes innan skule, kulturliv, media og informasjonsarbeid både i offentleg og i privat sektor.
Ved å byggje ut mastergraden med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning er ein kvalifisert til stilling som lektor i skulen.Ein mastergrad i filosofi dannar og grunnlag for opptak til PhD og ei vidare forskingskarriere.
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.
For nærmere informasjon:
studierettleiar@fof.uib.no / 55 58 21 49
Du søkjer opptak til Det historisk-filosofiske fakultet. Søknadsfristen er 1. juni for studiestart i august. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du
på studere.uib.no/opptak/master
Ein mastergrad i filosofi skal gje studenten ei djupare forståing av sentrale filosofiske problemområde. Det vert lagt vekt på at studenten kan arbeide sjølstendig med filosofiske problem og vise forståing for desse i ein systematisk og historisk samanheng. Mastergradsstudiet gjev ein brei kompetanse, m.a. til undervisning i den vidaregåande skulen og dannar grunnlag for forskarutdanning utover masternivå.
Masterprogrammet i filosofi byggjer på ein bachelorgrad med 90 studiepoeng med spesialisering i filosofi, eller tilsvarande. Dersom du har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 studiepoeng med spesialisering/fordjuping, vil dette bli akseptert som opptaksgrunnlag.
Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i filosofi på anna grunnlag enn det som er angitt å være godkjent spesialisering i filosofi (sjå studieplanen for det aktuelle faget) må søkje om godkjenning i forkant innan 1. mai. Ein eventuell godkjenning må leggjas ved søknaden til masterprogrammet. Slike søknader må innehelde karakterutskrift/ vitnemål, beskriving av og pensumliste for dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering.
Masterprogrammet i filosofi byggjer på ein bachelorgrad med 90 studiepeong spesialisering i filosofi, eller tilsvarande. Dersom du har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 studiepoeng med spesialisering/fordjuping, vil dette bli akseptert som opptaksgrunnlag.
Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i filosofi på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i filosofi (sjå studieplanen for det aktuelle faget), må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mai. Slike søknader må innehelde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering.
Ei eventuell godkjenning må leggjas ved søknaden til masterprogrammet.
Opptaksgrunnlag
Masterprogrammet i filosofi byggjer på ein bachelorgrad med 90 stp. spesialisering i filosofi, eller tilsvarande.
Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i filosofi på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i filosofi (sjå studieplanen for det aktuelle faget), må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mai. Slike søknader må innehelde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering.
Ei eventuell godkjenning må leggjas ved søknaden til masterprogrammet.
Filosofifaget er prega av fleire ulike metodiske tilnærmingar i forhold til ulike tradisjonar. Du må, i nært samarbeid med rettleiar, tileigne deg det relevante metodegrunnlaget i forhold til den problemstillinga du har valt.
Masterprogrammet inneheld to emne (FIL301 og FIL302) som skal gi deg ei brei orientering i sentrale filosofiske problemstillingar innan teoretisk og praktisk filosofi. I FIL303 blir det gitt ei forskingsretta innføring i det spesialområdet du tek sikte på å skrive masteroppgåve i. Eit av desse tre emna kan bytast ut med godkjende emne frå andre fag. Emnet FIL304 skal førebu sjølve masteroppgåva. Her skal du skrive ei prosjektskisse.
Eit masterprogram i filosofi kan sjå slik ut (for studentar som startar eit vårsemester, vil 1. semester og 2. semester byte plass):
1. semester FIL301 FIL303
2. semester FIL302 FIL304
3. semester Masteroppgåve Masteroppgåve
4. semester Masteroppgåve Masteroppgåve
Studenten søker Filosofisk institutt om godkjenning av emne frå andre fag som erstatning for eit av emna FIL301, FIL302 og FIL303. Søknadane vert vurdert individuelt. Emne frå andre fag, bør ha relevans for studentens val av tema for masteroppgåva. Samanhengen mellom emne som vert søkt godkjent og tema for masteroppgåva må vere med i søknaden.
Haust: FIL301 Fellesemne i filosofi, del I (15 studiepoeng)
FIL303 Hovudproblemstillingar for mastergradsemne i filosofi (15 studiepoeng) Vår: FIL302 Fellesemne i filosofi, del II (15 studiepoeng)
FIL304 Utforming av prosjekt for masteroppgåva i filosofi (15 studiepoeng) Vår og haust:
FILO350 Masteroppgåve i filosofi (60 studiepoeng)
Studentane kan byte ut eit av dei tre emna FIL301, FIL302 eller FIL303 med eit emne på 300-nivå frå eit anna fag, etter søknad til Filosofisk institutt.
Filosofi som fag gir ein særs brei kompetanse når det gjeld å sjå samanhengar mellom ulike fagfelt og problemstillingar og det å setje fagområde og samfunnstilhøve inn i eit samlande perspektiv. Derfor eigner filosofi seg godt som grunnlag for arbeid i sektorar der kommunikasjon og argumentasjon er viktig, for eksempel innan kulturliv, media og informasjonsarbeid både i offentleg og i privat sektor.
Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til
vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.
studierettleiar.fil@uib.no / 55 58 21 49