Studieprogram: MAHF-KUN Masterprogram i kunsthistorie - Vår 2022




Namn på grad

Master i kunsthistorie

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i kunsthistorie har eit omfang på 120 studiepoeng.

Fulltid/deltid

Masterprogrammet i kunsthistorie er normert til 2 år. Det er mogleg å ta studiet på deltid over 4 år.

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Disiplinbasert mastergrad i kunsthistorie skal gi grunnleggjande føresetnader for å forstå historiske, kulturelle og sosiale sider ved kunst og visuell kultur. Hovedfokus er på vestleg kunsthistorie, men studiet løfter også fram institusjonskritiske perspektiv, postkolonialisme, «ny-kunsthistorie», og annan kritisk teori, såvel som kunst som er skapt i og reflekterer over den globale kunstsituasjonen i dag.

 

Studiet har som mål å gi kandidaten innsikt i biletkunst, arkitektur og visuell kultur i eit breiare perspektiv frå antikken til i dag. Undervisninga legg ikkje berre vekt på kunsthistoriske monument, men problematiserer også den teoretiske og metodiske tilnærminga til desse. Kva er vilkåra for at noko kan betraktast som kunst i dei ulike historiske periodane? Korleis nærmar vi oss arkitektur i renessansen versus samtidskunsten sin «relasjonelle estetikk»? Studiet tar opp sentrale tema frå faget sin eigen historigrafi, og teoretiske problem knytt til kunsthistorisk forskingspraksis. I arbeidet med masteroppgåva skal studenten, på sjølvstendig vis, nytte vitskaplege arbeidsteknikkar og metodar i faget for å granske eit kunsthistorisk materiale eller eit vitskapleg problem innanfor visuell kultur i vid tyding. Dette opnar også for problemstillingar som inkluderer tverrfagleg samarbeid.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar/ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Dugleikar/Ferdigheiter

Generell kompetanse

Kandidaten...

 

Kandidaten...

Kandidaten...

 

Opptakskrav

Masterprogrammet i kunsthistorie byggjer på ein bachelorgrad med minst 80 studiepoeng fagleg fordjuping i kunsthistorie, eller tilsvarande.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

Andre bachelorgradar som kvalifiserer:

Du må også ha:

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Obligatoriske emne

Obligatoriske emne i kursdelen:

KUN311 / Prosjektførebuing

KUN312 / Historiografi og teori

 

Masteroppgåve

KUN350 / Masteroppgåve

Tilrådde valemne

 Valemne

KUN321 / Seminarinnlegg

KUN323 / Prosjektarbeid på forskningsprofil

Innpassing av andre emne må godkjennast av instituttet før emnet kan takast inn i programmet.

Rekkefølgje for emne i studiet

 Tilrådd rekkjefølgje for emna i programmet er:

 

1. semester HAUST: KUN312, KUN311

2. semester VÅR: KUN321, KUN323

3. semester HAUST: KUN350

4. semester VÅR: KUN350

 

Dette er ei rettleiande oversikt over emne som går inn som ein del av studieprogrammet og er basert på studiestart i haustsemesteret.

Krav til progresjon i studiet

Studiet er normert til 4 semester som fulltidsstudie

Studiestader

Bergen

Delstudium i utlandet

Masterstudentar i kunsthistorie kan ta inn valfrie emne på inntil 30 studiepoeng på masternivå frå andre fag ved Universitetet i Bergen, andre norske eller utanlandske lærestader. Til dømes kan mastergradsemne ved dei norske institutta i Roma og Athen, eller ved Statsuniversitetet i St. Petersburg, godkjennast i studiet.

 

Utvekslingsopphald som strekkjer seg over eit heilt semester (30 studiepoeng) må leggjast til vårsemesteret, det vil seie normalt andre semester. Alle utvekslingsopplegg skal godkjennast av instituttet før utvekslinga finn stad.

Fagmiljøet har samarbeid med Det norske institutt i Roma, Det norske institutt i Athen, og Statsuniversitetet i St. Petersburg. Dei har også ERASMUS-avtalar med Universitetet i Pisa, Stockholms Universitet, Universitetet i Paris, Sorbonne, Københavns Universitet og Complutense-universitetet i Madrid.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsformene involverer førelesing, seminar og rettleiing. Det vert forventa at studentane tar aktivt del i dei fleste emna, i form av skiftlege og munnlege presentasjonar.

Undervisningsmetodar

Undervisningsformene involverer førelesing, seminar og rettleiing. Det vert forventa at studentane tar aktivt del i dei fleste emna, i form av skiftlege og munnlege presentasjonar.

Vurderingsformer

For dei obligatoriske og dei valfrie emna vert ulike vurderingsformer som seminarinnlegg, heimeeksamen og semesteroppgåve nytta.

Mastergradsoppgave på 70-110 sider (KUN350) med justerande munnleg eksamen; ei prosjektskisse (KUN311); ein heimeeksamen over sju dagar med justerande munnleg prøve (KUN312); to munnlege innlegg som skal leverast i skriftlig form same semester (KUN321); ei skriftleg oppgåve (KUN323). Sjå elles emneplanane for nærare informasjon.

Karakterskala

Karakterskala på emna er anten greidd/ ikkje greidd eller bokstavkarakterar A til F. Sjå emneomtalen for det einskilde emnet for meir informasjon.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål vert skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Master i kunsthistorie kan gi grunnlag for å søkje opptak til ph.d. i kunsthistorie.

Relevans for arbeidsliv

Mastergrad i kunsthistorie kan kvalifisere både for vidare forsking og for arbeid med kunst og visuell kultur, som kunstformidling i museum og andre formidlingsinstitusjonar. Kulturjournalistikk og informasjonsarbeid, eller kunst og kulturminneforvalting på sentralt og lokalt plan er andre moglege yrkesvegar.

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret for kunsthistorie har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: mailto:Studierettleiar@lle.uib.noStudierettleiar@lle.uib.no

Tlf 55 58 24 00

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august.
Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://link.uib.no/?1QO0l

Mål og innhald

Disiplinbasert mastergrad i kunsthistorie skal gje grunnleggjande føresetnader for å forstå historiske, kulturelle og sosiale sider ved visuell kultur. Studentane får innsikt i sentrale kunsthistoriske og teoretiske problem, og i forskingspraksis og forskingsstrategiar. I arbeidet med masteroppgåva skal studenten på sjølvstendig vis nytta vitskaplege arbeidsteknikkar og metodar i faget for å granske eit kunsthistorisk materiale eller eit vitskapleg problem innanfor visuell kultur i vid tyding.

Mastergrad i kunsthistorie kvalifiserer både for vidare forsking og anna arbeid med kunst, og for visuell kulturhistorie og kunstformidling: undervisning i skuleverket og kunstformidling i museum og andre formidlingsinstitusjonar. I tillegg kan vi nemne kulturjournalistikk og informasjonsarbeid, samt kunst og kulturminneforvalting på sentralt og lokalt plan.

Opptaksgrunnlag

Masterstudiet i kunsthistorie byggjer på oppnådd bachelorgrad med 90 studiepoeng spesialisering i kunsthistorie eller tilsvarande.

Metode

I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis nytte vitskaplege arbeidsteknikkar og metodar i faget for å granske eit kunsthistorisk materiale eller eit vitskapleg problem innanfor visuell kultur i vid meining.

Masteroppgåve

Masteroppgåva skal skrivast innanfor eit sjølvvald emne i kunsthistorie godkjend av rettleiaren. Rettleiing

på masteroppgåva er obligatorisk og har form av mappeevaluering. I det første semesteret får du kollektiv rettleiing i samband med prosjektførebuingsseminar. Når prosjektskissa er godkjend i det andre semesteret, får du tildelt individuell rettleiar. Arbeidet med masteroppgåva er ein rettleia prosess over fl eire semester. Rettleiinga vert gitt i samband med ulike individuelle og felles obligatoriske aktivitetar. Døme på slike aktivitetar er deltaking på prosjektførebuingsseminar, individuell prosjektførebuing, seminardeltaking med munnleg

presentasjon av kapittelutkast, og deltaking som opponent til eit innlegg av ein medstudent.

Oppbygging av studiet

Studiet på masternivå i kunsthistorie er bygd opp rundt to obligatoriske 15 studiepoengs emne (KUN311 og KUN312), valfrie emne på 15 studiepoeng (val mellom to 15 studiepoengs emne frå kunsthistorie sine eigne valfrie emne og andre godkjende studieemne i mastergraden) og masteroppgåva på 60 studiepoeng.

 

 

Emne

KUN311

KUN312

Vekting

15 studiepoeng

15 studiepoeng

Namn

Kunsthistorie:

Prosjektførebuing

Project seminar

Kunsthistorie:

Historiografi og teori

Historiography and Theory

Undervisning

Haust

Haust

Eksamen

Haust/vår

Haust/vår

 

 

 

 

 

 

 

 

Emne

KUN321

KUN256

Vekting

15 studiepoeng

15 studiepoeng

Namn

Kunsthistorie:

Seminarinnlegg

Paper Seminar

Kunsthistorie:

Områdestudium

Regional Studies

Undervisning

Vår

Vår

Eksamen

Vår/haust

Vår/haust

 

 

 

 

 

 

 

 

Namn

KUN323

KUN350

Vekting

15 studiepoeng

15 studiepoeng

Namn

Tematisk masterseminar

Master Seminar

Masteroppgåve

Master Thesis

Undervisning

Vår

Haust/vår

Eksamen

Haust/vår

Haust/vår

 

 

 

 

 

KUN206: Områdestudium vert berre tilbode dersom instituttet kan innvilga midlar til ekskursjon det gjeldande semesteret.

Innpassing av andre emne må godkjennast av fagmiljøet før studenten kan melda seg opp til eksamen i emnet.

Følgjande emne frå Universitetet i Bergen er førehandsgodkjende:

LITTEHF: Litteraturteori - fellesemne (15 stp)

 

Mastergradsemne ved dei norske institutta i Roma og Athen kan òg inngå i studiet. (Sjå avsnitt om delstudium i utlandet.)

 

 

Yrkesvegar

Studiet skal gjera studentane skikka til å gå inn i følgjande yrkesfunksjonar:

1. Kunsthistorisk forsking og kunsthistorieundervisning på høgt nivå.

2. Kunstformidling i museum og andre formidlingsinstitusjonar, kulturjournalistikk og informasjonsarbeid.

3. Kunst- og kulturminneforvaltning på sentralt og lokalt plan.

Delstudium i utlandet

Masterstudentar i kunsthistorie kan ta inn valfrie emne på inntil 30 studiepoeng på masternivå frå andre fag ved Universitetet i Bergen, andre norske eller utanlandske lærestader.

Utvekslingsopphald som strekkjer seg over eit heilt semester (30 studiepoeng) må leggjast til vårsemesteret, andre semester i høve til normalprogresjon. Alle utvekslingsopplegg skal godkjennast av fagmiljøet før utvekslinga finn stad.

Oppstart

Haust.

Planforslag

Tilrådd progresjon:

1. semester HAUST: KUN312, KUN311
2. semester VÅR: KUN321, KUN256 eller KUN323
3. semester HAUST: KUN350
4. semester VÅR: KUN350

Dette er ei rettleiande oversikt over emne som går inn som ein del av studieprogrammet og er basert på studiestart i haustsemesteret. Det kan kome endringar.

Meir informasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.
E-post: studierettleiar@lle.uib.no