Lingvistikk er vitskapen om menneskeleg språk og språkbruk (naturlege språk). Faget søkjer etter svar på kva som karakteriserer språk som ein kognitiv dugleik hos mennesket, som eit system for kommunikasjon, og som eit viktig kulturelt og sosialt fenomen. Studiet gir ei innføring i metodar for analyse og beskriving av språk og i teoriar om språkleg struktur og om likskap og skilnader mellom språka i verda.
Masterprogrammet i lingvistikk gir utdjupande innsikt i moderne lingvistisk teori, psykolingvistikk og kunstig intelligens. Gjennom en introduksjon i induktive, kvantitative og datamaskinelle forskningsmetodar forberedes studenten til å kunne utføre et uavhengig lingvistisk forskningsprosjekt.
Når programmet er avslutta, skal kandidaten ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten...
har inngåande kunnskap om lingvistisk teori og metodar
kan nytte kunnskap på nye område innanfor lingvistikk
har avansert kunnskap innanfor lingvistikk og spesialisert innsikt i nokre avgrensa område, til dømes moderne grammatisk teori eller datamaskinelle metodar
kan analysere lingvistiske problemstillingar med utgangspunkt i lingvistikkens historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
Ferdigheiter
Kandidaten...
kan analysere og kritisk vurdere ulike informasjonskjelder og nytte dei til å strukturere og formulere lingvistiske resonnement
kan analysere eksisterande teorier, metodar og fortolkinger innanfor lingvistikken og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing
kan bruke relevante metodar for lingvistisk forsking, til dømes korpus- og feltmetodar, og utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte
kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
kan bruke datamaskinelle og kvantitative forskingsmetodar, til dømes statistikk, maskinlæring og programmering.
Generell kompetanse
Kandidaten...
kan analysere fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar som er relevante i lingvistikken
kan nytte dei lingvistiske kunnskapane og ferdighetene sine på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt
kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og meistrar lingvistiske uttrykksformer
kan kommunisere om lingvistiske problemstillingar, analysar og konklusjonar, både med spesialistar og til ålmenta
kan bidra til lingvistisk nytenking og i relevante innovasjonsprosessar.
Masterprogrammet i språkvitskap byggjer på ein bachelorgrad med minst 80 studiepoeng fagleg fordjuping i språkvitskap, eller tilsvarande.
Det blir sterkt tilrådd at studenten har minst 60 studiepoeng frå eit språkfag i bachelorgraden. Ein føreset at studenten har ein slik grad av innsyn i norsk, engelsk og minst eitt anna språk at han/ho kan arbeide med døme og data frå desse språka.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
Andre bachelorgradar som kvalifiserer:
Du må også ha:
LING305 - Moderne grammatisk og semantisk teori (15 stp.)
LING306 - Eksperimentell psykolingvistikk (15 stp.)
LING310 - Datalingvistiske modellar og bruksområde (15 stp.)
LING313 - Metode for språklege mastergrader (15 stp)
LING350 - Lingvistikk mastergradsoppgåve (60 stp.)
Obligatoriske emne kan erstattast med tilsvarande emne frå ein annan lærestad etter søknad.
Masteroppgåva skal vere på mellom 50 - 120 sider.
1. semester (haust):
LING310 - Datalingvistiske modellar og bruksområde (15 stp.)
LING306 - Eksperimentell psykolingvistikk (15 stp.)
2. semester (vår):
LING305 - Lingvistikk: Moderne grammatisk og semantisk teori (15 stp)
LING313 - Metode for språklege mastergrader (15 stp)
3. og 4. semester:
LING350 Lingvistikk mastergradsoppgåve (60 stp.)
Det er mogleg å ta delar av studiet ved institusjonar i utlandet.
Nærare informasjon hos studierettleiar.
Masterprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes førelesing, seminar, gruppeundervisning, øvingar og individuell rettleiing.
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for kvart emne.
Masterprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes førelesing, seminar, gruppeundervisning, øvingar og individuell rettleiing.
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for kvart emne.
LING350: Mastergradsoppgåve med avsluttande munnleg prøve. Masteroppgåva skal vere på mellom 70 - 110 sider (pluss ev. vedlegg).
Andre emne: Semesteroppgåve eller heimeeksamen.
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
1) Karakterskala A¿F
2) Bestått/ikkje bestått
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Masterprogrammet i lingvistikk er eit vidarekome studium i språkvitskap. Masterprogrammet i lingvistikk skal gi studenten ei grundig fordjuping i utvalde emne innan lingvistikken, som for eksempel fonologi, syntaks, semantikk eller språktileigning. Ei innføring i vitskapsteori skal gi grunnlag for forskingskompetanse innanfor faget.
Masterprogrammet byggjer på ein bachelorgrad med spesialisering i lingvistikk. Det blir sterkt tilrådd at studenten har minst 60 sp frå eit språkfag i bachelorgraden. Ein føreset at studenten har ein slik grad av innsyn i norsk, engelsk og minst eitt anna europeisk språk at han/ho kan arbeide med døme frå desse språka.
Viss ein har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 sp med spesialisering/fordjuping, vil dette bli akseptert som opptaksgrunnlag.
Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i allmenn lingvistikk på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i allmenn lingvistikk (sjå studieplanen for det aktuelle faget), må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 15. mars. Slike søknader må innehelde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.
Masteroppgåva skal kvalifisere studenten til å drive forsking innan lingvistiske emne.
Studenten vel eit lingvistisk emne som han/ho vil undersøkje vitskapleg. Resultatet av undersøkinga skal leggjast fram i form av ei masteroppgåve. Oppgåva treng ikkje leggje fram nytt materiale eller føre til nye originale konklusjonar for å bli godkjend, men det blir stilt krav til vitskapleg metode og handsaming av stoffet. Storleiken vil vere sterkt avhengig av emnet, men som normalt kan ein indikere 50-120 sider.
Val av emne for masteroppgåva må godkjennast av faggruppa Det må falle innanfor dei lingvistiske disiplinane der faggruppa sjølv har eller kan skaffe den naudsynte kompetansen. I arbeidet med masteroppgåva har studenten krav på å få tildelt ein fagleg rettleiar. Student og rettleiar skriv begge under på ein rettleiingskontrakt. Faggruppa avgjer kven som skal vere rettleiar.
Normert studietid er fire semester, og studiet inkluderer skriving av ei masteroppgåve. Kursdelen av masterprogrammet innheld desse emna: LING305 Moderne grammatisk og semantisk teori, LING306 Eksperimentell psykolingvistikk, LINGMET Vitskapsteori og metode for språklege mastergradar, DASP302 Statistisk metode og DASP307 Språkvitskapleg skriving for master- og PhD-studentar.
Eit masterprogram i lingvistikk kan sjå slik ut:
1. semester:
LING305 - Moderne grammatisk og semantisk teori 15 sp
LING306 - Eksperimentell psykolingvistikk 15 sp
2. semester:
LINGMET - Vitskapsteori og metode for språklege mastergradar 15 sp
DASP302 - Statistisk metode 10 sp
DASP307 Språkvitskapleg skriving for master- og PhD-studentar 5sp
3. og 4. semester:
LING350 Masteroppgåve 60 sp
sp = studiepoeng
Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til
vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.
Oppbygging og progresjon
Kandidatar må søkje om opptak til masterstudiet ved fakultetet. Hovudopptak skjer i haustsemesterett, men ein kan ta til både i vår- og haustsemesteret. Studentar som er tekne opp til masterstudiet, må underskrive ein rettleiingskontrakt. Dei ulike emna kan takast i kva for rekkjefølgje som helst.
studere.uib.no/sprak
studierettleiar@lle.uib.no / 55 58 23 95