Studieprogram: MAPS-PSYK Masterprogram i psykologi - Høst 2022
Namn på grad
Master i psykologi
Omfang og studiepoeng
Masterprogrammet i psykologi er eit 2-årig studieprogram (120 studiepoeng).
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Undervisninga er i hovudsak på norsk, men enkelte forelesningar og rettleiing kan vere på engelsk. Anbefalt litteratur er i hovudsak på engelsk.
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Studieprogrammet byggjer på bachelorgrad i psykologi og gir deg ekspertkunnskap og relevant dugleik i fagfeltet psykologi, og ei vald spesialisering innan «sosial- og kognitiv psykologi» eller «åtferd- og nevrovitskap». Som kandidat på programmet sett du deg inn i aktuelle faglege perspektiv og utfordringar i psykologisk forsking, går grundigare inn i vitskapsteori og forskingsmetode, og har fordjupingsemne om moderne forsking som er relevant for kvar av dei to studieretningane. På det siste året av studiet skriv du ei masteroppgåve innan si retning som utgjer eit sjølvstendig bidrag til forskingslitteraturen.
Studieretning sosial- og kognitiv psykologi:
Studieretninga gjer deg ei grundig kompetanse innan dei prosesser og mekanismar som formar åtferda til enkeltindivid og i grupper. Du får ekspertkunnskap om menneskeleg oppleving og tankeprosessar, samhandling og interaksjon, påverknad frå grupper og kultur. Du får innsikt i korleis slik kunnskap kan nyttast til å handsame sentrale utfordringar i dagens samfunn. Nokre av dei tema som dekkast er mangfald i samfunn og arbeidsliv, integrering og konflikt, tryggleik, risikovurderingar, HMS og beredskap i arbeid og fritid, feilhandlingar og pålitelegheit, turismeopplevingar, klima og berekraft, medvitne og umedvitne prosessar, og korleis språk og kultur påverkar kognisjon. Du vil ta aktivt del i eit eller fleire forskingsmiljø gjennom heile programmet, og det vert lagt opp til masteroppgåve med egen datainnsamling. Det er mogleg med utveksling i tredje semester. Studiet gjer deg i stand til å forstå sosiale og kognitive fenomen, mekanismar og prosessar å kritisk vurdere og bidra til forsking, og å anvende kunnskap frå forsking i ulike samfunnsområder.
Studieretning åtferd og nevrovitskap:
Studieretninga handlar om samanhengen mellom hjerne, åtferd og kognisjon. Fordjupingsemna gjev eit innblikk i teorigrunnlaget for grunnleggjande forsking på menneskehjernen, i tillegg til forsking knytt til psykiatriske, nevrologiske og andre kliniske tilstandar. Laboratorieøvingar og praktiske demonstrasjonar gir kompetanse i forskingsmetodar i nevrovitskap, inkludert nevroradiologi. Nokre av dei tema som dekkast, er nevrobiologiske og teoretiske tilnærmingar til emosjonar, kognisjon og psykopatologi, forskingsmetodar og etiske spørsmål innan psykofysiologi og nevrovitskap for forsking med menneskjer og dyr. Studiet gjer deg i stand til å analysere åtferd og kognitive og emosjonelle prosesser ut frå nevrovitskapens synspunkt, forstå og nytte forskingsmetodar innan kognitiv nevrovitskap, og det å kritisk vurdere forsking.
Studieretning arbeids- og organisasjonspsykologi: (opptak siste gong 2020 høst)
Studiet har som mål å gje deg forskingsbasert kunnskap om korleis ein kan forstå og utvikle enkeltmenneske, grupper og organisasjonar i ein arbeidsmessig samanheng. Det vil bli særskilt fokusert på rolla som endringsagent, og på kartleggings- og intervensjonsmetodar for leiar-, gruppe- og organisasjonsutvikling.
Læringsutbyte
Kunnskap:
Kandidaten skal ved fullført grad:
- ha inngåande kunnskap om vitskapleg tema, teori og perspektiv i psykologifaget
- ha inngåande kunnskap om metodane i psykologifaget
- ha inngåande kunnskap om sentrale tema, teori, metode og arbeidsfelt relevant for ei av studieretningane «sosial- og kognitiv psykologi» eller «åtferd og nevrovitskap».
Dugleik:
Kandidaten skal ved fullført grad kunne:
- utføre arbeidsoppgåver som krev å sette seg inn i komplekse saksfelt og løyse oppgåver knytt til menneskelege fenomen og samhandling
- bruke sin kunnskap og evner for å gjennomføre og lede omfattande prosjekt
- kritisk vurdere påstandar og forsking knytt til psykologiske fenomen, mekanismar og prosessar
- analysere faglege problemstillingar og forskingsspørsmål med grunnlag i psykologifaget, fagtradisjonane, faget sin eigenart og plass i samfunnet
- arbeide sjølvstendig med teoretisk, analytisk og praktisk problemløysing, med grunnlag i eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innanfor psykologifaget
- kritisk analysere ulike informasjonskjelder og nytte desse til å resonnere fagleg
- gjennomføre eit sjølvstendig, forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing, i tråd med gjeldande forskingsetiske normer og reglar.
Generell kompetanse:
Kandidaten skal ved fullført grad kunne:
- analysere fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar innan psykologifaget
- kunne anvende kvalitative og kvantitative tilnærmingar til forsking
- handsame store digitale datasett
- formidle skriftleg og munnleg om komplekse faglege tema
- kommunisere faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor psykologifaget, både med spesialistar og til allmenta
- bidra til fagleg nytenking og innovasjonsprosessar innan fagfeltet.
Opptakskrav
Opptak til masterprogrammet i psykologi krevjar ein fullført bachelorgrad:
- Du må ha tatt minst 90 studiepoeng som er innan psykologi eller eit tilsvarande fagfelt, eller som høyrer til fagfeltet for den studieretninga du søker på. Du kan søkje opptak basert på poeng som er tatt som del av ulike grader eller frå ulike studiestader.
- Du må ha snittkarakter på minst C på dei studiepoenga du har som grunnlag for opptak (90 studiepoeng)
- Du må ha skreve ei bacheloroppgåve i psykologi eller tilsvarande fagfelt. Oppgåva skal ha eit omfang på minst 10 studiepoeng
- Du må ha tatt 15 studiepoeng med forskingsmetode (som dekker både kvalitativ og kvantitativ metode)
- Om du har tatt emne med namn som ikkje er tydeleg knytt til psykologi, så kan du legge ved eit notat til opptaket som skildrar korleis du meiner emna er relevante/tilsvarande (inkludert tittel på bacheloroppgåve).
For studieretninga «åtferd og nevrovitskap» gjeld i tillegg følgande krav til opptak:
- 5 studiepoeng i biologisk psykologi med C-krav. For søkjarar frå UiB er biologisk psykologi (5 studiepoeng) ein del av PSYK114 eller PSYK101.
Bachelorgrader frå UiB som kvalifiserer:
- Bachelor i generell psykologi
- Bachelor i arbeids- og organisasjonspsykologi
- Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 90 studiepoeng i psykologi eller tilsvarande.
Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:
Bachelor i psykologi frå:
- Universitetet i Oslo
- Universitetet i Tromsø
- NTNU
- Høgkolen i Innlandet
- Bjørknes Høyskole
- Ansgar Teologiske Høgskole
- OsloMet.
- Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 90 studiepoeng i psykologi eller tilsvarande. Der fordjuping/spesialisering i graden ikkje er spesifisert, blir alle emne i bachelorgraden brukt i poengutrekninga. Om du har ein bachelorgrad med eit namn som ikkje er tydeleg knytt til psykologi, så kan du legge ved eit notat til opptaket som skildrar korleis du meiner det er relevant (inkludert tittel på bacheloroppgåve).
Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte. Minstekrav til norsk for søkarar som har heile eller delar av sitt opptaksgrunnlag frå eit land utanfor Norden: Master i psykologi er eit norskspråkleg masterprogram med følgjande norskkrav.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Innføringsemne
Ingen
Obligatoriske emne
Begge fellesemna og dei spesifikke emna for kvar studieretning er obligatoriske.
- MAPSYK301 Perspektiv i psykologisk vitskap: Emnet tar for seg ulike vitskapelege perspektiv innan det psykologiske fagfeltet og forskningsfeltet. Vi ser på korleis perspektiva former korleis vi forholder oss til ulike anvendte problemstillingar for psykologien. Moderne og aktuelle perspektiver står i fokus. Trening i akademisk skriving og formidling.
- MAPSYK302 Forskningsmetodar: Det undervisas i ulike vitskaplege forskningsmetodar som er relevante for psykologifaget. Deler av undervisninga er felles, mens ein i andre deler kan velge ut fra kva for nokon forskningsmetoder ein er mest interessert i. Emnet skal tillete studentane å jobbe sjølvstendig med metodologiske aspekt av eigen masteroppgave.
- MAPSYK303 Anvendt sosial og kognitiv psykologi: Menneskelege faktorar i kritiske situasjonar og kulturelt mangfald i samf. og arb.: Dette er første fordypningsemne innen studieretninga SOKO. Det undervisas innan to ulike tema for anvendt psykologi: «Menneskelige faktorer» fokuserer på korleis psykologi er relevant for HMS, sikkerheit, sikring og beredskap, og «kulturelt mangfold», som fokuserer på korleis møte mellom ulike kulturer kan skape moglegheiter og utfordringar i samfunn og arbeidsliv. I emnet inngår det ein forskningspraksis, der studentane skal få erfaring med vitskapeleg arbeid i ein av fakultetets forskningsgrupper.
- MAPSYK304 Forskingsperspektiv innanfor sosial- og kognitiv psykologi: Kultur, berekraft og turistopplevinga: Dette er andre fordypningsemne innen studieretninga SOKO. I emnet inngår det ein forskningspraksis, der studentene skal få erfaring med vitenskapelig arbeid i en av fakultetets forskningsgrupper.
- MAPSYK319A Behavioral Neuroscience 1: Biological Psychology: Dette er første fordypningsemne innen studieretninga NEVRO
- MAPSYK319B Kognitiv nevrovitskap: Dette er andre fordypningsemne innen studieretninga NEVRO
- MAPSYK330 Masteroppgave: I dette emnet (over eitt semester) skal det gjerast eit sjølvstendig forskningsarbeid som vurderes etter vitskapelege kriterier. I denne varianten av masteroppgava er det vanleg å ta utgangspunkt i eit allereie innsamladatasett, og ofte også spesifikke problemstillingar.
- MAPSYK360 Masteroppgave: I dette emnet (over to semester) skal det gjerast eit sjølvstendig forskningsarbeid som vurderes etter vitskapelige kriterier. I denne varianten av masteroppgava er det vanleg at studentene er involvert i å utforme problemstillingar, designe studien og samle inn data.
Spesialisering
Du velgjer studieretning "sosial og kognitiv psykologi" eller "åtferd og nevrovitskap" ved opptak. Sjå desse skildra over.
Tilrådde valemne
Ingen
Omfang masteroppgåva
Studentar på studieretninga åtferd- og nevrovitskap vil skrive ei masteroppgåve på 60 sp, medan studentar på studieretninga sosial og kognitiv psykologi vil kunne velje mellom å skrive ei 60 sp eller 30 sp masteroppgåve i psykologi. Dersom ein vel 30 sp masteroppgåve, må ein i tillegg fullføre 30 sp valgemne, til dømes via utveksling.
Rekkefølgje for emne i studiet
Første år:
1. semester (haust):
- MAPSYK301 Perspektiv i psykologisk vitskap, 15 sp - Fellesemne
- Sosial- og kognitiv psykologi: MAPSYK303 Anvendt sosial og kognitiv psykologi: Menneskelege faktorar i kritiske situasjonar og kulturelt mangfald i samf. og arb., 15 sp
- Åtferd og nevrovitskap: MAPSYK319B Kognitiv nevrovitskap, 15 sp
2. semester (vår):
- Sosial- og kognitiv psykologi: MAPSYK304 Forskingsperspektiv innanfor sosial- og kognitiv psykologi: Kultur, berekraft og turistopplevinga, 15 sp
- Åtferd og nevrovitskap: MAPSYK319A Behavioral Neuroscience 1: Biological Psychology, 15 sp
- MAPSYK302 Forskingsmetodar, 15 sp - Fellesemne
Andre år: Dei som går på studieretninga sosial- og kognitiv psykologi kan velje mellom å skrive 30 og 60 poengs masteroppgåve.
3. semester (haust)
- Sosial- og kognitiv psykologi: Utveksling/valemne eller første halvdel av MAPSYK360 Masteroppgåve, 60 sp
- Åtferd og nevrovitskap: Første halvdel av MAPSYK360 Masteroppgåve, 60 sp
4. semester (vår)
- Sosial- og kognitiv psykologi: MAPSYK330 Masteroppgåve, 30 sp, eller andre halvdel av MAPSYK360 Masteroppgåve, 60 sp
- Åtferd og nevrovitskap: Andre halvdel av MAPSYK360 Masteroppgåve, 60 sp
Krav til progresjon i studiet
Emna MAPSYK301 og MAPSYK302 må være greidde før ein kan gå vidare på arbeidet med
masteroppgåva.
Begge fellesemna og dei spesifikke emna for kvar studieretning er obligatoriske for å oppnå grad.
Delstudium i utlandet
Det er mogeleg og fagleg anbefalt å reise på utveksling for å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Studenter på studieretninga «sosial- og kognitiv psykologi» kan velgje å skrive ei 30 sp masteroppgave, og ta 30 valfrie studiepoeng på utveksling. Om du velgjer å skrive ei 60 studiepoengs masteroppgåve kan du velgje å skrive deler av oppgåva mens du er på utveksling i ditt 3. semester, dette gjeld begge studieretningar
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsforma for einskildemna som inngår i kursdelen, er omtalt i emneskildringa. Det er mellom anna forelesingar, seminar, gruppearbeid, case-arbeid, diskusjon av forskingslitteratur, lab-arbeid, skriftleg og munnleg presentasjon, prosjektarbeid, bedriftsbesøk og samarbeid med næringsliv, og offentlige og private institusjonar.
Undervisningsmetodar
Undervisningsforma for einskildemna som inngår i kursdelen, er omtalt i emneskildringa. Det er
mellom anna forelesingar, seminar, gruppearbeid, case-arbeid, diskusjon av forskingslitteratur,
skriftleg og munnleg presentasjon, prosjektarbeid, bedriftsbesøk og samarbeid med næringsliv, og
offentlige og private institusjonar.a.
Vurderingsformer
Vurderingsforma for einskildemna som inngår i masterprogrammet, er nærare omtalt i
emneskildringane. Det vert nytta ulike vurderingsformer som skuleeksamen og heimeeksamen.
Karakterskala
Karakterskalaen for einskildemna som inngår i masterprogrammet, er omtalt i emneskildringa. Masteroppgåva vert sensurert med karakterskalaen A-F.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.
Grunnlag for vidare studium
Med avlagt mastergradseksamen er du kvalifisert for opptak til PhD-studiet (doktorgrad).
Relevans for arbeidsliv
Studieprogrammet er basert på forsking og ekspertise om psykologiske prinsipp og korleis desse nytast i ulike deler av samfunnet. Som ferdig kandidat har du høg og oppdatert kompetanse innan fagfeltet og vil være godt skikka til å virke innan arbeidsfeltet som fagperson i psykologi. Studiet kvalifiserer deg for ei rekkje typar arbeid som etterspør fagkunnskap, informasjonskompetanse, kritisk tenking, akademisk skriving, formidling og evna til å arbeide både sjølvstendig og i lag. Du vil også ha eit grunnlag for vidare forsking, anten som ei akademisk karriere (ph.d.-studium), eller å gjere forsking som del av andre aktivitetar i eit anna yrke.
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evalueringa for einskildemna som inngår i masterprogrammet, er omtalt i emneskildringa.
Skikkavurdering og autorisasjon
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet
Kontaktinformasjon
https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultetInformasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet
Læremiddelomtale
Litteraturliste finn du på våre nettsider.
Lista vil vere klar innan 01.06/01.12 for det komande året.