Studieprogram: MAPS-SPED Master i spesialpedagogikk - Vår 2022




Namn på grad

Masterprogram i Spesialpedagogikk

Omfang og studiepoeng

Studie har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til to års fulltidsstudium

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Mål:

Masterprogrammet i spesialpedagogikk skal formidle teoretisk og praktisk forståing for og innsikt i spesialpedagogisk verksamheit. Dette vil skje gjennom fordjuping i pedagogiske og spesialpedagogiske emne og praksis i opplæringssektoren eller støttetenestene. Målet med det planlagde studiet er å gi eit fagleg fundament for korleis arbeide system- og individorientert med tenester for barn og unge med ulike forutsetningar for læring. Masterprogrammet rettar primært fokus på korleis ein kan avdekke læringsutfordringar som barn og unge kan møte på ulike arenaer, samt korleis iverksette relevante tiltak på individ- og systemnivå. Studiet vil særleg formidle forståing for og innsikt i inkluderande og systemorienterte prosessar som kan støtte barn og unge si læring og utvikling. Programmet rettar og fokus på korleis ein kan synleggjere, forstå og utfordre ekskludering- og marginaliseringstendensar i barnehage, skule og samfunn. Samla sett er målet at studentane gjennom masterprogrammet skal tileigne seg ei forståing for og erfaring med ulike spesialpedagogiske problemstillingar. Denne forståinga blir også lagt vekt på at gjenspeglar seg i eit sjølvstendig arbeid med masteroppgåva.

 

Innhald:

Gjennom programmet skal studentane tileigne seg teoretisk, metodisk og praktisk kunnskap og kompetanse for å kunne identifisere, analysere og kritisk reflektere over spesialpedagogiske problemstillingar. Studentane skal og førebu, gjennomføre og vidareutvikle problemstillingar og arbeidsoppgåver innanfor oppvekst- og utdanningssektoren. Studentane skal utvikle kompetanse slik at dei kan gjennomføre kartlegging på individ- og systemnivå. Dei skal vidare få kunnskap om og kompetanse i korleis utarbeide, gjennomføre og evaluere ulike tiltak som tek omsyn til individet i fellesskapet. Dei skal og kvalifiserast til å møte og utøve arbeidsoppgåver ut frå profesjonsetiske retningslinjer, lovverk og andre styringsdokument som regulerer oppvekst, opplæring og helse. Endeleg skal studentane tileigne seg kunnskap om vitskapsteori og metode, samt fordjupe seg i et valt fagområde slik at dei kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid under rettleiing og i samsvar med gjeldande forskingsetiske normer.

 

 

 

 

 

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten..


Ferdigheiter

Kandidaten..


Generell kompetanse

Kandidaten..

Opptakskrav

Masterprogrammet i spesialpedagogikk byggjer på ein bachelorgrad med minimum 80 studiepoeng i spesialpedagogikk, pedagogikk, psykologi eller tilsvarande.

Profesjonsutdanningar som til dømes barnehageutdanning eller lærarutdanning der 80 studiepoeng spesialisering ikkje er spesifisert vil også kvalifisere for opptak. Der mengd fordjuping/spesialisering i graden ikkje blir spesifisert, blir alle emna i bachelorgraden brukt i poengutrekninga.

For andre bachelorgrader er det eit krav om minimum 80 studiepoeng spesialpedagogikk, pedagogikk eller psykologi. Dei 80 studiepoenga i spesialpedagogikk, pedagogikk eller psykologi vil utgjere grunnlaget for poengutrekninga.

Du må også ha:

Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.

Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte. Minstekrav til norsk for søkarar som har heile eller delar av sitt opptaksgrunnlag frå eit land utanfor Norden: Master i psykologi er eit norskspråkleg masterprogram med følgjande norskkrav. Det presiserast at søkarane må ha god skriftleg og munnleg framføringsevne og må aktivt kunne delta i undervisning og gruppearbeid.

 

Bachelorgrader som kvalifiserer:

Bachelorgrad i spesialpedagogikk

Bachelorgrad i pedagogikk

Bachelorgrad i generell psykologi

 

Profesjonsutdanningar som kvalifiserer:

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

Lektorutdanning

Barnehagelærarutdanning

Førskulelærarutdanning

Allmennlærarutdanning

 

Ved oppstart må studentane leggje fram gyldig politiattest

Obligatoriske emne

SPED311: Spesialpedagogisk grunnlagstenking (15 stp)

SPED312: Forskingsmetode (15 stp)

SPED313: Systemarbeid og kartlegging(15 stp)

SPED314: Spesialpedagogisk rettleiing i teori og praksis (10 stp)

SPED315: Education for gifted and talented children/Opplæring og undervisning

for barn og elevar med ekstraordinært læringspotensial(5 stp)

SPED395: Masteroppgåve i spesialpedagogikk (60 stp)

Tilrådde valemne

Rekkefølgje for emne i studiet

Første år:

1. semester (haust):

2. semester (vår):

 

Andre år:

1. og 2. semester (haust og vår):

 

 

 

Delstudium i utlandet

Det vil være mogleg og fagleg anbefalt å skrive masteroppgåva under eit utanlandsopphald. Det forutset at studentane følger avtaler UiB (ev. hovudrettleiar) har med utanlandske institusjonar.

Undervisningsmetodar

Det vert brukt arbeids- og undervisningsformer (digitale og/eller fysiske) som inviterer til studentaktivitet. Dette kan  til dømes vere ulike oppgåver, erfaringar frå observasjonspraksis, ulike case som studentane må løyse åleine og/eller saman med ein eller fleire medstudentar. Undervisninga omfattar og forelesingar og seminarundervisning i mindre grupper - kombinert med tilbakemelding frå undervisar og/eller medstudentar på skriftlege og munnlege arbeid undervegs i studiet. Det vert lagt til rette for digitale undervisningsformer og ulike former for digital samarbeidslæring undervegs i studiet, og på ulike emne. Ved digitale undervisningsformer blir det også lagt vekt på at studentane viser seg aktive gjennom det å vere synleg samt å delta i dialog og diskusjon.

Vurderingsformer

Emna som inngår i studieløpet, nyttar hovudsakleg ulike kombinasjonar av følgjande vurderingsformer: heimeeksamen, mappeeksamen og semesteroppgåve.

Den avsluttande masteroppgåva blir vurdert av ekstern sensor og intern sensor. Det blir gitt gradert bokstavkarakter. Ein avsluttande  munnleg eksamen, knytt til masteroppgåva blir nytta til justering av karakteren.

Karakterskala

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet vert karaktersett med bokstavkarakterar A-F og bestått/ikkje bestått.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Gjev grunnlag for vidare forskarutdanning (PhD).

Relevans for arbeidsliv

Master i spesialpedagogikk gir kompetanse i og arbeide med:


Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Ifølgje Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning (nr. 859) fastsett av Kunnskapsdepartementet 30. juni 2006 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universitet og høgskular § 4-10 sjette ledd, skal det gjennom heile studiet gjerast vurderingar av om studenten er skikka til å jobbe som spesialpedagog. Sluttvurdering og vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert som skikka (jf. § 4-10 andre leddet).

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet  v/  institutt for pedagogikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultetInformasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet