Graden er toårig (120 studiepoeng)
Institutt for geografi tilbyr ein toåring mastergrad i geografi innanfor dei tre studieretningane:
Mastergraden er todelt og består av ein teoridel tilsvarande 60 studiepoeng og ei eiga praktisk/teoretisk masteroppgåve på 60 studiepoeng.
I løpet av det 2-årige studiet skal studentane utvikle kunnskap om sentrale tema, metodar, problemstillingar og forskingstradisjonar innan geografi. Studenten skal med rettleiing gjennomføra eit sjølvstendig praktisk/teoretisk forskingsprosjekt, normalt basert på feltarbeid, som etter 2 år skal resultere i ei masteroppgåve. Gjennom arbeidet med oppgåva skal studenten utvikle metodiske og analytiske ferdigheiter og evner til å utforme, drøfte og analysere problemstillingar innan geografi.
Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
Ferdigheit
Kandidaten
Generell kompetanse
Kandidaten
Bachelorgrad eller tilsvarande grad med 80-100 studiepoeng spesialisering i geografi, innan den studieretninga du søkjer opptak på.
Med bachelorgrad frå UiB er det følgjande krav til spesialisering:
Bachelorgrad i geografi: GEO110, GEO111, GEO113, GEO124, GEO125 og GEO131, med éin av følgande spesialiseringar:
Bachelorgrad i geovitskap spesialisering i geologi kvalifiserer til opptak til naturgeografi: GEOV101, GEOV102, GEOV103, GEOV107, GEOV104, GEOV109, GEOV110, GEOV111 og GEOV114.
Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:
Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 80-100 studiepoeng i geografi eller tilsvarande og ei fordjuping i den studieretninga du søker. Vi vurderer andre faglege bakgrunnar ved søknad.
Du må også ha:
Dei obligatoriske emna er
Det er ikkje bestemte krav til rekkefølgje av kursa, men studentane tilrådast å starte om hausten og følgje denne oppbygginga:
Institutt for geografi har opptak to gonger i året til sitt Masterprogram, men tilrår studentane å byrja om hausten. For dei som byrjar om våren må 1. og 2. semester takast i motsatt rekkefølge. Feltarbeidet vert då utført anten mellom 1. og 2. semester eller 2. og 3. semester avhengig av studieretning og val av tema.
Masteroppgåva gir tematisk spesialisert kunnskap som er tenleg i undervisning, utgreiings- og forskingsoppgåver og for arbeid innan offentleg forvaltning og det private næringslivet. Under rettleiing skal du utforme ei prosjektskisse og gjennomføre eit sjølvstendig, praktisk og teoretisk forskingsprosjekt. Vidare skal du gjennomføre eit eige arbeid av praktisk og/eller teoretisk art relatert til problemstillinga, samt produsere ei masteroppgåve etter praktisk/teoretisk arbeid. Oppgåva byggjer normalt på feltarbeid i inn- eller utland.
I kursdelen første året tar du to felles emne og fire teori- og metodeemne tilpassa studieretninga di. Det kan etter søknad innpassast emne frå andre institutt eller utdanningsinstitusjonar.
Masteremne i geografi:
Etter kursdelen er gjennomført i 1. og 2. semester, gjer studentane feltarbeid til masterprosjektet sitt. 3. og 4. semester skriv dei masteroppgåva (GEO350), som skal leverast 15. mai i 4. semester. Studentane startar om hausten og går rekkefølgja skissert i tabellen under, total 30 studiepoeng per semester. Obligatoriske kurs for graden og retninga er utheva:
Naturgeografi:
Miljø- og landskapsgeografi:
Samfunnsgeografi:
Studenten skal også ha gjennomført og bestått 3 milepælar før masteroppgåva (GEO350) kan fullførast og leverast
Emna som inngår i det tilrådde studieløpet brukar i all hovudsak følgjande eksamensformer:
Originalitet i eksamenssvar og studentoppgåver
Alle oppgåver som vert levert for godkjenning/sensur, skal vere studenten sine eigne om ikkje anna er opplyst. Dette gjeld også der oppgåvene ikkje inngår i grunnlaget for karakterfastsetting. Kjelder som nyttast skal bli gitt i samsvar med universitetet sine reglar. Brot vil vurderast som fuskesak.
Karakterar ved Universitetet i Bergenvert gitt på ein av to måtar; enten
Bokstavkarakterar er det vanlegaste.
Geografar har ein brei arbeidsmarknad som følgje av spennvidda i faget og den bruksretta karakteren. Geografifaget utdannar profesjonelle yrkesutøvarar til offentleg forvaltning og til det private næringslivet. Sjansane på arbeidsmarknaden aukar om ein tar ein mastergrad, men òg bachelor i geografi gir mange jobbalternativ.
Dei siste åra har dei fleste geografar gått inn i stillingar der dei arbeider som leiarar, planleggjarar, lærarar, utgreiarar og konsulentar innan område som administrasjon, distriktsutbygging, miljøforvaltning, oversikts- og næringslivsplanlegging og samferdsel. Fleire kandidatar arbeider som forskarar og utgreiarar ved frittståande forskings- og utgreiingsinstitutt, medan andre har gått til yrker innan skuleverket, oljeverksemd og databransjen. Geografar arbeider òg med utviklingsspørsmål hos nasjonale og internasjonale bistandsorganisasjonar.
Institutt for geografi
Du søkjer opptak til Det samfunnsvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 1. juni for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Viss du har utdanning avlagt utanfor UiB som inngår i det faglege opptaksgrunnlaget for masterprogrammet, må du søkje om innpassing innan 1. mai/ 1. oktober. Det gjeld også utdanning som blir avslutta i inneverande semester. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på: www.studere.uib.no/opptak/master
Institutt for geografi tilbyr ein toårig mastergrad i geografi tilsvarande 120 studiepoeng innanfor dei tre studieretningane Naturgeografi ("Klima-, natur- og miljøendringar"), Miljø- ressurs- og utviklingsgeografi og Samfunnsgeografi ("Stad- og næringsutvikling"). Mastergraden er todelt og omfatter ein teoridel tilsvarande 60 studiepoeng og ei eiga praktisk/teoretisk masteroppgåve på 60 studiepoeng. Opptaksgrunnlaget er bachelor- eller cand. mag.-grad i geografi (eller tilsvarande), og det vert stilt minstekrav til fordjuping (90 studiepoeng) tilpassa dei ulike studieretningane innanfor bachelorgraden (eller det alternative opptaksgrunnlaget).
Bachelor-/cand.mag.-grad med godkjent spesialisering/fordjuping (80-90 studiepoeng/1 1/2 års studium) tilpassa dei ulike studieretningane innanfor bachelorgraden i geografi. Følgjande studieplanar er førehandsgodkjend av institutt for geografi, UiB (sjå likevel punktet om søknadsprosedyre):? Bachelor i geografi ved Høgskolen i Nord-Trøndelag (HINT) med emna GEO101, 104, 104, 106 og108, samt Met301 og GEO350 blir godkjende som fordjuping i geografi ? Studentar med bachelor i samfunnsplanlegging og kulturforståing ved Universitetet i Tromsø (UiT) med emna SPL-102, SPL-2001, SPL-2003, SVF-1050 og SVF- 2005, blir godkjende som del av fordjuping i geografi. For opptak på masterprogrammet må studenten i tillegg ha teke 20 studiepoeng i geografiemne ved eit anna universitet eller høgskole i inn- eller utland.? Bachelorprogram i samfunnsanalyse med fordjuping i samfunnsgeografi og globalisering ved Høgskolen i Lillehammer (HiL) blir godkjend som fordjuping i geografi.For alle dei nemnde studia ovanfor blir det også kravd at fullført bachelorgrad (180 studiepoeng) også inneheld ex.phil og ex.fac. eller tilsvarande.
Metodisk er faget vel så kvalitativt som kvantitativt, med ein sterk feltarbeidstradisjon. Feltstudium utgjer derfor ein sentral og metodisk del av geografifaget, noko som kjem til uttrykk i undervisninga og blir gjenspegla i masteroppgåva. Masteroppgåva kan dessutan basere seg på spesielle geografiske metodar som kartografi, GIS (geografiske informasjonssystem) og fjernanalyse.
Masteroppgåva gir tematisk spesialisert kunnskap som er teneleg i undervisning, utrednings- og forskingsopgåver og for arbeid innan offentleg forvaltning og det private næringsliv. Under rettleiing skal du utforme ei prosjektskisse og gjennomføre eit sjølvstendig, praktisk og teoretisk forskingsprosjekt. Vidare skal du gjennomføre eit eige arbeid av praktisk og/eller teoretisk art relatert til problemstillinga, samt produsere ei masteroppgåve etter praktisk/teoretisk arbeid. Oppgåva byggjer normalt på feltarbeid i inn- eller utland.
Masterprogrammet er todelt og omfattar ein teoridel tilsvarande 60 studiepoeng og ei eiga praktisk/teoretisk masteroppgåve på 60 studiepoeng. Masterprogrammet i geografi kan leggast opp og gjennomførast på fleire måtar. Kva for studium og emne du vel å følgje, avhenger av studieretningsval, men oppbygginga av dei har fellestrekk.
Geografar finst innan offentleg forvalting og i det private næringslivet. Dei seinare åra har dei fleste geografar gått inn i stillingar der dei arbeider som leiarar, planleggjarar, lærarar, utgreiarar og konsulentar. Fleire arbeider innan forsking, i oljeverksemda, databransjen og med utviklingsspørsmål hos nasjonale og internasjonale bistandsorganisasjonar.
Haust og vår
studieveileder@geog.uib.no