Studieprogram: MASV-SAPO Masterprogram i sammenliknende politikk - Vår 2022




Namn på grad

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i samanliknande politikk.

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i samanliknande politikk har ei normert studietid på to år med eit omfang på 120 studiepoeng.

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Samanliknande politikk er ei av greinene i statsvitskap. Medan statsvitskapsstudiet generelt kan omfatte alle dei fire faggreinene samanliknande politikk, internasjonal politikk, politisk teori og offentleg politikk og administrasjon, konsentrerer masterstudiet i samanliknande politikk seg om denne eine retninga der samanlikningar på tvers av politiske system og endringar over tid står sentralt. Samanliknande politikk er det systematiske studiet av politiske institusjonar, organisasjonar, prosesser og åtferd på lokalt, nasjonalt og internasjonalt plan.

Masterstudiet tek for seg eit breitt spekter av teoretiske, metodiske og empiriske tema, og land-/regionspesifikke fordjupingar på eit avansert nivå. Desse tema er brukt både på landspesifikke studium, og på breie tverrnasjonale studium som analyserar ei rekkje former for kvalitative og kvantitative data. Programmet legg spesielt vekt på opplæring i å utforma, og gjennomføra, forsking på politisk utvikling, politiske institusjonar og politiske aktørar på aggregatnivå så vel som individnivå.

Programmet legg særleg vekt på opplæring i forskingsdesign og forskingsmetodar (kvalitative, kvantitative og blanda) på både kursnivå så vel som i masteroppgåva. Studentane er involvert i forskingsgruppa til instituttet saman med dei vitskapelege tilsette både gjennom valkurs og gjennom aktiv gruppedeltaking i arbeidet med masteroppgåva.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap

Kandidaten

 

Ferdigheiter

Kandidaten

 

Generell kompetanse

Kandidaten

Opptakskrav

Bachelorgrad eller tilsvarande grad med 80-90 studiepoeng spesialisering i statsvitskap som inkluderer minimum 10 studiepoeng samfunnsvitskapleg metode (kvalitativ og kvantiativ).

Bachelorgradar frå UiB som kvalifiserer:

Eksterne bachelorgradar som kvalifiserer:

 

Du må også ha:

Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med https://www.samordnaopptak.no/info/utenlandsk_utdanning/sprakkrav/krav-til-norsk-og-engelsk-for_hoyere_utdannning/index.htmlgenerell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.

Obligatoriske emne

Tre obligatoriske emna utgjer til saman 40 studiepoeng:

I tillegg kjem SAMPOL350 Masteroppgåve, som er den største obligatoriske komponenten i studiet. Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng og er eit sjølvstendig forskingsarbeid skriven under individuell rettleiing av forskarar på institutt for samanliknande politikk. Delar av masteroppgåva vil bli presentert og diskutert i relevante forskingsgrupper på instituttet slik at ein sikrar at masterstudentane deltek i profesjonelle forskingsforum. Studentane skriv masteroppgåva i 3. og 4. semester av studiet.

Spesialisering

Dei to valfrie forskingsemna utgjer til saman 20 studiepoeng. Kursa går i vårsemesteret og det vert mellom tre og fem kurs å velje mellom kvart år.

Tema for dei valfrie forskingsemna vil variere frå år til år for å reflektere forskingsfronten i dei tre forskingsgruppene på instituttet:

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsprosjekt som munnar ut i ei avhandling. Du vel oppgåvetema i samråd med rettleiaren. Målsetjinga er å utvikle kunnskap om sentrale tema, problemstillingar og forskingstradisjonar innan eit forskingsområde. Du skal utvikle evne til å utforme, drøfte og analysere statsvitskaplege problemstillingar innanfor dette området. Masteroppgåva bør ha eit komparativt siktemål og er normert til 80 til 100 sider.

 

 

 

 

Rekkefølgje for emne i studiet

 

 

 

 

 

 

 

 

Delstudium i utlandet

Du vert oppmoda til å reise på utveksling som en del av graden din i samanliknande politikk. Det er lagt til rette for det i 2. semester. Studentar på utveksling tek emne til erstatning for valfrie forskingsemne, samt erstatning for eller en tilrettelagt versjon av http://www.uib.no/nb/emne/SAMPOL307SAMPOL307.

Det finst mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Instituttet har lange tradisjonar for internasjonal verksemd og har samarbeidsavtaler i mange land og regionar.

Instituttet hjelper deg med å finne utdanningstilbod hos våre samarbeidspartnarar som passar til dine faglege interesser og planar. Sjå http://www.uib.no/sampol/38103/utvekslinginstituttets nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Arbeids- og undervisningsformer

Ein stor del av undervisninga på mastergraden består av individuell rettleiing i samband med masteroppgåva. Undervisninga elles vil normalt vere sett saman av førelesingar og seminarundervisning med aktiv deltaking i mindre grupper.

Undervisningsmetodar

Ein stor del av undervisninga på mastergraden består av individuell rettleiing i samband med masteroppgåva. Den øvrige undervisninga vil normalt vere satt saman av førelesingar og seminarundervisning med aktiv deltaking i mindre grupper.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studieløpet nyttar i all hovudsak eksamensformene essay, mappevurdering, skuleeksamen og andre typar oppgåver, i nokre tilfelle i kombinasjon.

Karakterskala

Emna som inngår i den tilrådde oppbygginga av studiet vert karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

 

 

Relevans for arbeidsliv

Samanliknande politikk gir eit kunnskapsfundament som kvalifiserer for mange ulike jobbar, i offentleg så vel som i privat sektor, i inn- og utland. Masterstudentane har ferdigheiter i sofistikerte og effektive analysar av informasjon frå eit brei spekter av kjelder. Dei har profesjonell kompetanse i å samle inn og analysere data med bruk av både kvalitativ og kvantitativ metode, og eit avansert nivå av akademisk skriving. Mange kandidatar frå samanliknande politikk arbeider i offentlege verksemder som departement og direktorat. Andre får jobb i nasjonale og internasjonale organisasjonar, eller i internasjonalt retta selskap. Mange finn vegen til kommunikasjon, samfunnskontakt og media, forsking, utgreiing og undervisning. Med rett samansetjing av fagemne vert studentane kvalifisert til å undervise i skuleverket.

Evaluering

Programmet blir evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Evalueringsrapportar for heile studieprogrammet og for einskildemne finn ein i Studiekvalitetsbasen (https://kvalitetsbasen.app.uib.no/http://kvalitetsbasen.uib.no).

Programansvarleg

Institutt for samanliknande politikk

Administrativt ansvarleg

E-post: studieveileder@isp.uib.no Tlf.: 55 58 21 78

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det samfunnsvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 1. juni for studiestart i august. Viss du har utdanning avlagt utanfor UiB som inngår i det faglege opptaksgrunnlaget for masterprogrammet, må du søkje om innpassing innan

1. mai. Det gjeld også utdanning som blir avslutta i inneverande semester. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på studere.uib.no/opptak/master

Mål og innhald

Sammenliknende politikk utgjør det systematiske studiet av politiske institusjoner, organisasjoner, prosesser og atferd på lokalt, nasjonalt og internasjonalt plan. Sammenlikninger på tvers av politiske systemer og over tid står sentralt. Hovedfokus på forskningen er demokrati og demokratisering i bred forstand, tematisk og geografisk.

Masterstudiet skal styrke studentenes analytiske evner og metodiske ferdigheter, samt videreutvikle studentenes skriftlige og muntlige formulerings- og framstillingsevne. Studiet legger derfor opp til stor egeninnsats i form av skriftlige arbeider og oppgaveløsning. Det oppfordres til aktiv deltakelse i undervisningen.

Opptaksgrunnlag

For opptak til mastergraden i sammenliknende politikk må studenten ha en bachelorgrad med fordypning/spesialisering i statsvitenskap. Fordypningen må inneholde metodekurs som inkluderer både kvalitativ og kvantitativ metode, samt 30 studiepoeng komparativ politikk eller tilsvarende. Instituttet tar også opp studenter til en mastergrad i sammenliknende politikk etter retningslinjer i nasjonale og internasjonale samarbeidsavtaler.

Metode

Komparativ metode og multivariat dataanalyse utgjer hovudtyngda av forskingsmetoden i faget.

Masteroppgåve

Arbeidet med masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsprosjekt som munnar ut i ei avhandling. Du vel oppgåvetema i samråd med rettleiaren. Målsetjinga er å utvikle kunnskap om sentrale tema, problemstillingar og forskingstradisjonar innan eit forskingsområde. Du skal utvikle evne til å utforme, drøfte og analysere statsvitskaplege problemstillingar innanfor dette området. Masteroppgåva bør ha eit komparativt siktemål. Masteroppgåva er normert til 25 000-30 000 ord. Det blir gitt rettleiing både i tilknyting til kursdelen og i tilknyting til oppgåvedelen av studiet.

Oppbygging av studiet

Masterprogrammet består av følgende:

SAMPOL 304: Komparativ metode, 10 studiepoeng, høst

SAMPOL 305: Multivariat dataanalyse, 10 studiepoeng, høst

SAMPOL 311: Politics and Economics, 15 studiepoeng, vår

SAMPOL 314: Issues in Democratization,15 studiepoeng, vår

SAMPOL 318: European Politics,15 studiepoeng, vår

SAMPOL 322: Velferdsstaten,15 studiepoeng, vår

SAMPOL 325: Theory and Methods in Political Science,15 studiepoeng, vår

SAMPOL 331: Politics and economics,15 studiepoeng, vår

SAMPOL 350: Masteroppgave 60 studiepoeng vår/høst

Masterstudiet tilsvarer i alt 120 studiepoeng. Studiet består av en kursdel og en oppgavedel, hver på 60 studiepoeng. Studentene skal i kursdelen ta fem emner. Emnene SAMPOL 304 og SAMPOL 305 er obligatoriske emner i graden. I tillegg må studentene ta to ulike substansemner. Instituttet tilbyr ulike substansemner som studentene kan velge mellom. Studentene kan søke om å få erstatte substansemnene fra instituttet med emner fra andre universiteter.

Målsetningen for SAMPOL 304 og SAMPOL 305 er å gi studentene innsikt i vitenskapelige metoder og tilnærmingsmåter som grunnlag for videre arbeid med faget, samt å gi dem innsikt i konkrete metodiske og multivariate teknikker.

For SAMPOL 311-331 er målet å utvikle kunnskap om konkrete forskningsområder i sammenliknende politikk, samtidig som emnene skal gi kompetanse til å anvende ulike arbeidsmetoder. Kursene er basert på den aktuelle forskningen på instituttet. Forelesningsplan og pensum vil kunne varierer fra et semester til et annet. Studenter som velger å ta eksamen i et annet semester enn det de har fulgt undervisning i, må ta eksamen i det pensumet som tilbys i eksamenssemesteret.

Sentralt i studiet står arbeidet med masteroppgaven, som er normert til 60 studiepoeng. Oppgaven skal være et selvstendig forskningsarbeid. Studentene leverer prosjekttema ved starten av studiet og arbeider videre med dette sammen med en veileder, som oppnevnes fra instituttet.

Instituttet anbefaler et studieløp hvor man tar SAMPOL 304 og 305 det første semesteret på masterstudiet. Et eventuelt utenlandsstudium bør legges til 2. eller 3. semester. Utenlandsopphold bør være relevant i forhold til valg av tema for masteroppgaven og avtales i samarbeid med veileder.

Institutt for sammenliknende politikk samarbeider med flere nordiske universitet om å tilby er mastergradskurs i kinesisk politikk ved Fudan-universitetet i Shanghai. Kurset tilbys i høstsemesteret og kan innpasses som et av substanskursene i mastergradsprogrammet i sammenliknende politikk.

Anbefalt studieløp:

1.semester: SAMPOL304, 305

2.semester: 2 av følgende emner: SAMPOL 311/ 314/ 318/ 322/ 325/

3. og 4. semester: SAMPOL 350 - Masteroppgave

Yrkesvegar

Faget gir et bredt anvendelig kunnskapsfundament. Offentlig virksomhet som departementer og direktorater så vel som store nasjonale og internasjonale organisasjoner ansetter mange kandidater fra dette programmet. Kandidater finner også veien til massemedier, forskning, utredning og undervisning. Det er en økende tendens til at kandidater med eksamen fra sammenliknende politikk går inn i stillinger i privat sektor, særlig i store, internasjonalt rettede selskaper.

Oppstart

Haust

Programansvarleg

Institutt for samanliknande politikk

Telefon: 55 58 21 87

Epost: studieveileder@isp.uib.no

Meir informasjon

E-post: studieveileder@isp.uib.no Tlf.: 55 58 21 78