Studieprogram: ÅRHF-HIS Årsstudium i historie - Høst 2022




Omfang og studiepoeng

Fulltid/deltid

Undervisningsspråk

Studiestart - semester

Mål og innhald

Historie er faget om fortida til menneskja: Om samhandling og konflikt i menneskelege samfunn frå antikken til i dag, lokalt, nasjonalt, og internasjonalt. Det handlar om kulturell og sosial, politisk og økonomisk utvikling, og om kva kjønn og klasse, nasjonalitet, etnisitet og alder har å seia for denne utviklinga. Til saman skal studiet fremja kunnskap om og forståing av viktige sider ved samfunnsutviklinga både i og utanfor Noreg, både i eldre og moderne tid.

Studiet skal gi innsikt i utviklinga av historiefaget og auka forståinga av at ikkje berre dei menneskelege samfunna har endra seg, men også historievitskapen. I tillegg vil studiet gi innsikt i korleis ulike metodiske tilnærmingar påverkar tolkinga av og kunnskapen om fortida. Studiet inneheld både oversikts- og fordjupingsdelar, slik at studentane kan kombinera innsikt i 'dei store linjene' i historia med nærstudium av spesielle problemfelt.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Studenten har god oversikt i norsk og internasjonal historie frå antikken til i dag. Gjennom fordjupingsemne har studenten særskild god innsikt i nokre sentrale historiske tema, teoriar, metode og forskingstradisjonar både i eldre historie (før 1750) og nyare historie.

Ferdigheiter:

Studenten har ferdigheiter i å trekke linjer mellom historiske hendingar, drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdere historiske framstillingar.

Generell kompetanse:

Studenten har kompetanse til å setja seg inn i nye problemfelt og å analysera saker frå fleire sider. Studenten kan sette nåtidige fenomen inn i ein breiare historisk ramme.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i norsk og engelsk er viktig.

Obligatoriske emne

Årsstudium i historie ved Universitetet i Bergen utgjer totalt 60 studiepoeng i historie, der emna HIS101 og HIS102 er obligatoriske.

Tilrådde valemne

Studenten kan velje mellom ei rekke ulike fordjupingsemne i historie som tredje og fjerde emne.

Rekkefølgje for emne i studiet

Årsstudium i historie er sett saman av fire emne, kvart på 15 studiepoeng. Studenten tek normalt to emne kvart semester. To av emna gir oversikt over eldre og nyare historie, både norsk og verdshistorie, og desse emna må inngå. Studenten skal óg fordjupe seg i historiske emne, og her vel han/ho sjølv blant emna som instituttet gir undervisning i.

Obligatoriske emne:

HIS101 - Oversyn over eldre historie (haust)

HIS102 - Oversyn over nyare historie (vår)

Valemne:

Haust:

HIS113 - Fordjuping i eldre historie (mappeevalueringsemne)

HIS114 - Fordjuping i eldre historie (skuleeksamen)

HIM103 - Islam og politikk (skuleeksamen)

HIM201- Fordjuping i Midtaustens historie (skuleeksamen)

Vår:

HIS115 - Fordjuping i nyare historie (mappeevalueringsemne)

HIS116 - Fordjuping i nyare historie (skuleeksamen)

HIM101 Oversikt over Midtaustens historie (skuleeksamen)

HIS108 Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie (skuleeksamen)

HIS111 USAs historie (skuleeksamen)

EUR103 Europa etter 1945: ressurser, demografi, økonomi (skuleeksamen)

Delstudium i utlandet

Studentar på årsstudium har ikkje høve til å ta delstudiar i utlandet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga vil hovudsakleg vere i form av forelesingar.

Undervisningsmetodar

Undervisinga vil hovudsakleg vere i form av forelesingar.

Vurderingsformer

Gjennom årsstudium i historie kan studentane bli prøvd i ulike vurderingsformer som mappevurdering og skuleksamen. Sjå dei einskilde emneplanane for vurderingsform.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Grunnlag for vidare studium

Eit årsstudium kan normalt inngå i ein bachelorgrad som eitt av tre år i denne. Det tilrådde årsstudiet i historie kan i sin heilskap inngå som eitt år av spesialiseringa i bachelorprogram i historie.

I kombinasjon med mastergrad, kan eit årsstudium historie gi grunnlag for opptak til historiedidaktikk ved opptak til Praktisk pedagogisk utdanning (PPU).

Relevans for arbeidsliv

Årsstudiet er ikkje i seg sjølv eit grads- eller vitnemålsgivande studium. Årsstudiar er ei kortare utdanning som kan brukast til å komplettere tidlegare utdanning anten ved å spisse denne eller ved å gi ein større bredde. Årsstudiet er satt saman mellom anna for å gi ytterlegare undervisningskompetanse for tilsetting i skuleverket.

Personar med årsstudium i historie arbeider i mange ulike yrke, mellom anna i offentleg forvalting, skuleverket, museum, kultursektoren, ulike media, i tillegg til offentleg administrasjon og internasjonalt arbeid.

Evaluering

Programmet blir jamleg evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap,

Programstyret for historie.

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet .

Administrativt ansvarleg

studierettleiar@ahkr.uib.no

Kontaktinformasjon

Mål og innhald

Historie er faget om fortida til menneskja: Om samhandling og konflikt i menneskelege samfunn frå antikken til i dag, lokalt, nasjonalt, og internasjonalt. Det handlar om kulturell og sosial, politisk og økonomisk utvikling, og om kva kjønn og klasse, nasjonalitet, etnisitet og alder har å seia for denne utviklinga. Til saman skal studiet fremja kunnskap om og forståing av viktige sider ved samfunnsutviklinga både i og utanfor Noreg, både i eldre og moderne tid.

Studiet skal gi innsikt i utviklinga av historiefaget og auka forståinga av at ikkje berre dei menneskelege samfunna har endra seg, men også historievitskapen. I tillegg vil studiet gi innsikt i korleis ulike metodiske tilnærmingar påverkar tolkinga av og kunnskapen om fortida. Studiet inneheld både oversikts- og fordjupingsdelar, slik at studentane kan kombinera innsikt i 'dei store linjene' i historia med nærstudium av spesielle problemfelt.

Opptaksgrunnlag

Generell studiekompetanse. Det er òg mogeleg å søkja opptak til studiet på grunnlag av realkompetanse. Gode kunnskapar i norsk og engelsk er viktig.

Undervisning

Undervisinga vil hovudsakleg vere i form av forelesingar.

Oppbygging av studiet

Årsstudiet i historie er sett saman av fire emne, kvar på 15 studiepoeng. Du tek normalt to emne kvart semester. To av emna gir oversikt over eldre og nyare historie, både norsk og verdshistorie, og desse emna må inngå. Du skal og fordjupe deg i historiske emne, og her vel du sjølv blant emna som instituttet gir undervisning i.

Obligatoriske emne

HIS101 - Oversyn over eldre historie (haust)

HIS102 - Oversyn over nyare historie (vår)

Valfrie emne

HIS113 - Fordjuping i eldre historie (haust). Mappeevalueringsemne

HIS114 - Fordjuping i eldre historie (haust). Skuleeksamen

HIS115 - Fordjuping i nyare historie (vår). Mappeevalueringsemne

HIS116 - Fordjuping i nyare historie (vår). Skuleeksamen

HIM101 - Innføring i Midtaustens historie (vår). Skuleeksamen

HIS106 - Marin historie (vår). Skuleeksamen (emnet er ikke lenger aktivt)

HIS108 Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie (skuleeksamen) (emnet er ikke aktivt)

HIS111 USAs historie (skuleeksamen)

EUR103 Europa etter 1945: ressurser, demografi, økonomi (skuleeksamen)

HIM102 Det moderne Midtausten 1880-2000 (skuleeksamen)

Obligatoriske aktivitetar

Sjå dei enkelte studieplanar for kvart emne for utdjupande informasjon.

Vurdering / Eksamensformer

Gjennom årsstudium i historie vil studentane bli prøvd ved mappevurdering og skuleksamen.

Yrkesvegar

Historiefaget kan godt kombinerast med dei fleste faga på HF- og SV-fakultetet. Historie opnar for arbeid i skuleverket, kultursektoren, ulike media, i tillegg til offentleg administrasjon og internasjonalt arbeid.

Oppstart

Kvart semester

Programansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR), e-post studierettleiar@ahkr.uib.no.

Planforslag

His101 Oversikt over eldre historie, HIS113/HIS114 Fordjuping i eldre historie tas om hausten og HIS102 Oversikt over nyare historie og His 115/116 Fordjuping i nyare i historie tas om våren.