Årsstudiet i kunsthistorie passar for deg som er interessert i kunst og visuelle uttrykk. Gjennom studiet lærer du om visuell kultur, kunst og arkitektur i eit historisk, sosialt, retorisk og estetisk perspektiv.
Vi utforskar ulike former for visuelle medium, som måleri, skulptur, fotografi, arkitektur og landskap. Tyngdepunktet er den visuelle kulturen i Europa frå antikken til i dag.
På studiet diskuterer vi kva for rolle kunsten har i samfunnet, kva forhold kunsten har til politikk og makt, og korleis kunsten kan bli forstått og tolka.
Kunsthistoriefaget stiller spørsmål som:
Dette årsstudiet er først og fremst retta mot studentar som allereie har teke eit studium på høgskole- eller universitetsnivå tidlegare, og som vil supplere tidlegare utdanning.
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar/ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Kandidaten
Dugleikar/Ferdigheiter:
Kandidaten
Generell kompetanse:
Kandidaten
1. semester (vår):
2. semester (haust):
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar.lle@uib.no.
Tlf. 55 58 24 00.
Årsstudiet i kunsthistorie skal gi føresetnader for å forstå kunsten som eit estetisk, historisk og sosialt fenomen. Eit årsstudium i kunsthistorie omfattar historia til biletmedia frå antikken til i dag - måleri, skulpturar, moderne sjangrar som fotografi, film og elektroniske bilete, samt arkitekturhistorie og bygningsvern. Studiet gir ei ålmenn innføring i den historiske utviklinga av biletkunst, arkitektur og anna visuell kultur frå antikken og fram til vår eiga tid i Europa, og frå nyare tid også i USA.
Undervisninga vert gitt i form av førelesingar og seminar. Dersom ressursane tillet det, vil det bli organisert kollokviegrupper leia av timelærarar eller undervisingsassistentar.
Studentane vil bli prøvd på ulike måtar, til dømes med skuleeksamen, heimeoppgåve og munnleg presentasjon. Ein viser til studieplanane for dei enkelte emna for nærare informasjon.
Eit årsstudium i kunsthistorie er bygd opp av fire emne på 100-nivå. Kvart valemne er på 15 studiepoeng. I det første semesteret tek studentane to av følgjande tre emne: KUN 135, KUN 145, KUN146. I det andre semesteret tek studentane to av emna KUN131, KUN132, KUN144.
Årsstudiet i kunsthistorie inngår i spesialiseringa i kunsthistorie på BA-nivå.
Om våren går desse emna:
KUN131 - Kunst, arkitektur og visuell kultur i antikken
KUN132 - Kunst, arkitektur og visuell kultur i mellomalderen
KUN 144 - Kunst, arkitektur og visuell kultur 1750-1900
Om hausten går desse emna:
KUN135 - Kultur- og kunsthistorie i tidleg nytid (1400-1750)
KUN145 - Kunst, arkitektur og visuell kultur 1900-1970
KUN146 - Samtidas kunst, arkitektur og visuelle kultur
Vår
Velg to av tre:
KUN131, Kunst, arkitektur og visuell kultur i antikken (15 SP),
KUN132, Kunst, arkitektur og visuell kultur i mellomalderen (15 SP),
KUN144 Kunst, arkitektur og visuell kultur 1750-1900 (15 SP)
Høst
Velg to av tre:
KUN135, Kultur- og kunsthistorie i tidleg nytid 1400-1750 (15 SP),
KUN145, Kunst, arkitektur og visuell kultur 1900-1970 (15 SP),
KUN146, Samtidas kunst, arkitektur og visuelle kultur (15 SP)