Studieprogram: ÅRSV-GEOG Årsstudium i geografi - Vår 2022




Undervisningsspråk

Alle kurs på 100-nivå vert undervist på norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Geografifaget dreiar seg om verdsbiletet - om mangfald, variasjon og samspel i naturgjevne og menneskeskapte lokale og globale prosessar på jordoverflata. Faget er kjenneteikna ved store kontaktflatar til andre fagdisiplinar innan både samfunnsvitskap og naturvitskap.

Gjennom forsking og undervisning tar Institutt for geografi sikte på å ivareta fagtradisjonane gjennom fire studieretningar:

 

Forsking og undervisning i desse områda kan ha ulike romlege nivå, frå det lokale til det globale. Omgrepa rom, stad og region står sentralt i geografisk forsking, men kan bli gitt ulikt innhald i dei ulike teoretiske tilnærmingane. Metodisk er faget så vel kvalitativt som kvantitativt, med ein sterk feltarbeidstradisjon. Feltstudiar utgjer difor ein sentral metodisk del av faget, noko som kjem til uttrykk i undervisninga. Særskilde geografiske metodar omfattar dessutan kartografi, geografiske informasjonssystem (GIS) og fjernanalyse (satellittmåling).

 

Feltkurs og ekskursjonar utgjer ein viktig del av undervisninga på alle nivå og er obligatorisk. For nærmare omtale av dei ulike emna viser vi til emneskildringane i studieplanen og emneoversikta.

Læringsutbyte

Gjennom årsstudiet i geografi skal studenten tileigne seg kunnskap om kor og korleis folk og ressursar er fordelte på jorda, korleis og av kven ressursane blir forvalta, kvifor tilgangen på ressursar er ulikt fordelt og korleis areal og ressursar kan forvaltast på ein god og framtidsretta måte. Studentane skal opparbeide seg innsikt i kva slags samfunnsmessige forhold og prosesser som påverkar fattigdom og velferd, føresetnader for utvikling i nord og sør, korleis natur og naturforhold påverkar folk og samfunn og korleis areal- og ressursbruken påverkar natur, miljø og klima i havet, i ferskvatn og på landjorda. Gjennom studiet skal studentane opparbeide seg kunnskap om føresetnader for lokal og regional utvikling, globalisering og verknadene av dette i ulike deler av verda.

 

 

 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Innføringsemne

Innføringsemner inngår ikkje i årsstudier slik som i bachelorprogramma. Det vil likevel vere mogleg å velgje inn innføringsemne ved særskilt ønskje om dette.

Rekkefølgje for emne i studiet

Undervisningskompetanse i geografi i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen blir dekt gjennom eksamen i 60 studiepoeng med emna GEO111, GEO113, GEO124, GEO125, og GEO131.

 

Studieløp med undervisningskompetanse:

 

Studieløp med tanke om overgang til bachelorprogram:

 

 

 

 

 

Delstudium i utlandet

Studentar på årsstudiet i geografi kan ikkje ta deler av studiet i utlandet.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt omfatte førelesingar, feltkurs, datalab og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeid undervegs i studiet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet brukar i all hovudsak desse eksamensformene:

 

 

Karakterskala

Karakterar ved Universitetet i Bergen vert gitt på ein av to måtar; anten

  1. Som 'Bestått' eller 'Ikkje bestått', eller
  2. Som ein bokstav, etter skalaen Karakterskala A-F kor A er best og F er ikkje bestått.

 

Bokstavkarakterar er det vanlegaste.

Grunnlag for vidare studium

Årsstudium i geografi kvalifiserer som eitt av to undervisningsfag for opptak til http://www.uib.no/svf/39225/hvilke-emner-m%C3%A5-du-ta-%C3%A5-f%C3%A5-undervisningskompetanse#praktisk pedagogisk utdanning ved UiB (PPU). Årsstudium kvalifiserer for å http://www.uib.no/svf/39433/bytte-av-studieprogram-ved-det-samfunnsvitenskapelige-fakultetsøkje internovergang til bachelorprogram i geografi.

Relevans for arbeidsliv

Årsstudiet er ikkje i seg sjølv eit kvalifiserande og vitnemålsgivande studium. Årsstudium er ei kortare utdanning som kan nyttast til å komplettere tidlegare utdanning anten ved å spisse denne eller ved å gi ei større breidde. Årsstudiet er satt saman mellom anna for å gi undervisingskompetanse for tilsetting i skuleverket.

 

Administrativt ansvarleg

Institutt for geografi

studieveileder@geog.uib.no