Studieprogram: ÅRSV-MEVI Årsstudium i medier og kommunikasjon - Vår 2022




Mål og innhald

Få samfunnsområde er urørt av mediene si formidling. Mediene inngår i våre daglegliv, dei pregar politikk og samfunnsliv, og inngår i kulturelle og sosiale identitetsprosessar. Med digitalisering, internett, sosiale medier og stordata har det vakse fram nye kommunikasjons- og samhandlingsformer. Tradisjonelle medieinstitusjonar vert utfordra av nye aktørar, ny teknologi og nye estetiske uttrykk. Tilgangen til informasjon, underhaldning og kulturelle erfaringar er nær sagt uavgrensa, men mediebruk er likevel prega av sosiale skiljeliner. Samstundes er strategisk kommunikasjon i sterkare grad blitt ein integrert del av politikk og samfunnsliv, slik at vi som medborgarar og konsumentar kontinuerleg blir utsette for planlagte påverknadsforsøk frå interessegrupper og kommersielle aktørar.

I medievitskapen studerer vi medie- og samfunnsutviklinga ved å kombinera sosiologiske og statsvitskaplege perspektiv på mediene med kultur- og tekstanalytiske tradisjonar. Vi studerer korleis det vert skapt nye former for samhandling og maktutøving, når individ, organisasjonar og institusjonar tar i bruk nye kommunikasjonsformer og medieformat. Vi studerer mediene si rolle i offentleg meiningsdanning og demokratiske prosessar, og vi studerer korleis identitetsdanning og deltaking i samfunnslivet vert påverka av mediesamfunnet og mediekulturen.

Årsstudiet i medier og kommunikasjon gjev ei innføring i mediene som institusjonar, om mediebruk og mediene sitt publikum, om mediene som tekstar og estetiske uttrykk, og om strategisk kommunikasjon i mediesamfunnet. Teoriar, metodar og historisk innsikt frå samfunnsvitskap og humaniora vert nytta til å forstå mediene si rolle i dagens samfunn. Undervisninga legg vekt på å kombinera systematiske analysar med praktiske øvingar og studentaktive læringsformer.

Eit årsstudium gir ikkje nokon form for vitnemål/gradsbevis, men ei karakterutskrift over avlagde eksamenar.

Rekkefølgje for emne i studiet

Årsstudium med spesialiseringsemner

Årsstudium med innføringsemne og ex.phil

Delstudium i utlandet

Årsstudium åpner ikke for muligheter til å ta deler av studiet i utlandet.

Relevans for arbeidsliv

Eit årsstudium i medier og kommunikasjon gir ei grunnleggjande innføring i fagets kjerneområde. Eit fullført årsstudium kan byggjast ut og inngå i ein bachelorgrad i medier og kommunikasjon, noko som igjen gir grunnlag for å søkje opptak til masterstudiet i medier og kommunikasjon. Årsstudiet kan også vere eit supplement til andre studium.

Mål og innhald

Medievitskap tek sikte på ein systematisk analyse av medieinstitusjonane og mediene sine tekstar, av forholdet mellom publikum og medieinnhald, og mellom medier og samfunn. I medievitskap kombinerer ein sosiologiske og statsvitskaplege perspektiv på massemediene med kultur- og tekstanalytiske perspektiv.

Få samfunnsområde er urørt av mediene si formidling. Mediene inngår i våre daglegliv, dei overskrir tradisjonelle sosiale skiljeliner og utfordrar etablerte skilje mellom elite- og populærkultur - med konsekvensar for identitetsdanning, kunnskapsnivå og høve til å delta aktivt i samfunnslivet. Eit sentralt utviklingstrekk i dag er konvergens mellom tradisjonelle medieteknologiar, telekommunikasjon og datateknologi. Mediene si rolle i offentleg meiningsdanning og demokratiske prosessar vert endra gjennom framveksten av nye kommunikasjons- og samhandlingsformer.

Dei samfunnsmessige konsekvensane av digitale teknologiar stiller medievitskapen overfor nye faglege utfordringar. I tillegg til massemediene si formidling mogleggjer interaktive medier og digitale nettverk tilgang til kulturprodukt og kunnskapsbasar i hittil ukjent skala. Mediene overskrir nasjonale grenser og er sentrale aktørar i ulike moderniseringsprosessar. Gjennom årsstudiet i medievitskap vert kunnskap om mediene sine historiske og samfunnsmessige vilkår mobilisert i ein analyse av mediene si rolle i dagens samfunn.

Eit årsstudium gir ikkje nokon form for vitnemål/gradsbevis, men ei karakterutskrift over avlagde eksamenar.

Krav til forkunnskapar

Det vert ikkje stilt formelle krav til forkunnskapar utover generell studiekompetanse.

Talet på studieplassar ved programmet er avgrensa. Opptak følgjer vanlege reglar, jf. Samordna opptak.

Oppbygging av studiet

Eit årsstudium i medievitskap omfattar 60 studiepoeng. Det er to måtar ein kan gjennomføre studiet på: Med examen philosophicum og innføringsemne (alternativ 1) eller utan (alternativ 2). Alternativ 1 gir 20 studiepoeng med medievitskaplege innføringsemne (pluss ex.phil.) og 30 studiepoeng fordjuping i medievitskaplege emne. Alternativ 2 gir 60 studiepoeng medievitskapleg fordjuping.

ALTERNATIV 1:

1.semester:

- EXPHIL

- MEVI100

- MEVI105

2. semester

-MEVI101

-MEVI102

I det første semesteret (haust) får studentane tilbod om to medievitskaplege innføringskurs: MEVI100 Introduksjon til medier og kommunikasjon og MEVI105 Introduksjon til visuell kultur. Begge emna er normert til 10 studiepoeng. Studentane tek i tillegg Ex.phil.

Det andre semesteret (vår) byr på fordjuping i medievitskaplege emne: MEVI101 Medier: institusjonar og historie (15 stp.) og MEVI102 Mediebruk og meningsdanning (15 stp.).

ALTERNATIV 2:

1.semester:

-MEVI103

-MEVI104

2. semester

-MEVI101

-MEVI102

I det første semesteret (haust) tek studentane to emne på 15 studiepoeng kvar: MEVI103 Medietekstar: teori og analyse og MEVI104 Medier, representasjon og identitet.

I det andre semesteret (vår) får studentane også tilbod om to emne normert til 15 studiepoeng kvar: MEVI101 Medier: institusjonar og historie og MEVI102 Mediebruk og meningsdanning.

Sjå studentportal.uib.no/studietilbod/sv for meir informasjon om dei ulike emna.

Yrkesvegar

Eit årsstudium i medievitskap gir ei grunnleggjande innføring i fagets kjerneområde. Eit fullført årsstudium kan byggjast ut og inngå i ein bachelorgrad i medievitskap, noko som igjen gir grunnlag for å søkje opptak til masterstudiet i medievitskap. Årsstudiet kan også vere eit supplement til andre studium.