Mål
Praktikantopphaldet skal bidra til å utvikla den faglege kunnskapen til studentane i forhold til aktuelle samfunnsaktørar og arbeidsgivarar. Gjennom observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøving skal studentane få høve til å verta meir medvitne om eiga yrkesrolle og om korleis det er å arbeida ved bedrifter/institusjonar der utdanninga er relevant.
Innhald
Studentane deltek i arbeidsoppgåvene i den bedrifta/institusjonen dei er utplassert i. Det er ein føresetnad at dei får høve til å delta i arbeidsoppgåver som er relevante for deira faglege kompetanse og arbeidsstaden sine behov. Arbeidsoppgåvene til den enkelte student vil verta konkretiserte i ein kontrakt mellom studenten og den enkelte institusjon/bedrift.
Sjå informasjon om dei ulike bedriftene/institusjonane som deltek i emnet her: http://www.uib.no/ahkr/45357/ahkr201-%E2%80%93-praksisemne-ved-ahkr
Kunnskapar
Gjennom praksisopphaldet har kandidaten tileigna seg erfaringar og kunnskapar relevante for den bedrifta/institusjonen han har praksisopphald ved, og dei arbeidsoppgåvene han blir sett til. Kandidaten har kunnskap om korleis bedrifter/institusjonar organiserer arbeidet sitt, og relaterer faglege spørsmål til reelle og aktuelle situasjonar i arbeidslivet.
Ferdigheiter
Kandidaten kan nytta fagleg kunnskap i ein praktisk arbeidssituasjon og reflektera over dei val som vert gjorde.
Generell kompetanse
Kandidaten kan planleggja og gjennomføra varierte arbeidsoppgåver som strekkjer seg over tid, aleine og som deltakar i ei gruppe. Kandidaten kan utveksla synspunkt og erfaringar om fagleg verksemd og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis og kan også reflektera over eiga rolle i arbeidssituasjonen.
Emnet har eit eige opptak, og har plass til inntil 15 studentar.
Søknadsprosedyre
Ein søkjer gjennom eit digitalt skjema frå AHKRs nettsider her:
https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id)26566
Søknaden skal mellom anna innehalda ein motivasjonstekst som saman med karakterar og studieprogresjon vil verte vurdert i opptaksprosessen.
Søknadsfrist
15.januar for opptak i følgjande semester.
Form: Seminar og individuell rettleiing
Tal veker: om lag 16 veker
Ved semesterstart vert det halde eit orienteringsmøte med fokus på å førebu studentane på praksis, der ein viktig del er å gjera studentane medvitne om sin eigen kompetanse og korleis dei kan nytte denne i praksisen. På orienteringsmøte vil også deltakande bedrifter/institusjonar presentera seg og dei tilbod dei har til studentane.
Studentane får rettleiing både frå bedrifta/institusjonen og frå Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Kvar student får 2-3 individuelle rettleiingstimar på instituttet. Det vert lagt opp til minst fire fellessamlingar der ein drøftar arbeidet ved institusjonane/bedriftene og innsendte utkast til praksisrapportar. I tillegg til dette vert det arrangert eit avslutningsseminar der studentane presenterer praksisrapportane sine.
Studentane skal i ein praksisrapport greia ut om, og om mogeleg dokumentera, arbeidsoppgåvene sine, drøfta sin eigen kompetanse i forhold til praksisen og reflektera over praksissemesteret.
Studenten må ha oppfylt følgjande arbeidskrav:
- Deltaking på all seminarundervisning
- Om lag 200 timars praksisperiode i ein godkjend institusjon/bedrift etter ein kontrakt inngått mellom student, AHKR og institusjonen/bedrifta. Arbeidet med praksisrapporten vert ikkje inkludert i dei 200 timane.
- Innlevering av to utkast til rapporten
- Kommentera skriftleg to andre studentar sine praksisrapportar
- Innlevering av godkjent loggbok av institusjonen/bedrifta
- Godkjent litteraturliste av emneansvarleg
Obligatoriske arbeidskrav er gjeldande i to semester inkludert undervisningssemesteret.