Emnet er et vidareutdanningstilbod som rettar seg mot arbeidstakarar med brei arbeidslivs- og organisasjonserfaring. Det skal gje studentane teoretisk og historisk fundert kunnskap om arbeidslivet og eigen verksemd, bransje/sektor og profesjon/yrke. Samstundes er emnet eit brukarorientert tilbod som kan tilpassast i høve til tema og problem samarbeidande organisasjonar står overfor. Emnet skal såleis fungere som ein møteplass mellom arbeidsliv og universitet.
Instituttet kan tilby undervising i ulike tema, avhengig av etterspurnad og undervisningskreftene som er tilgjengelege.
Kunnskapar:
Ved fullført emne skal studenten ha gode realhistoriske kunnskapar om, og kjenne til sentrale teoriar og debattar innan, det valde temaet. Studenten skal også kjenne til metodiske og teoriske perspektiv knytt til historisk-sosiologisk arbeidslivsforsking.
Ferdigheiter:
Studenten skal vise evne til å drøfte historisk-sosiologiske problemstillingar innan temaet, samt kritisk vurdere framstillingar i forskingslitteraturen og i studentarbeid. Vidare skal studenten demonstrere ferdigheiter i tekst- og dokumentanalyse og evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag.
Generell kompetanse:
Dei skriftlege arbeida skal vise evne til å argumentere og dokumentere akademisk. Gjennom å få og gi skriftlege tilbakemeldingar til medstudentar skal studenten demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon.
Studenten må delta i seminararbeid. Dette omfattar
Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemestret dei vart godkjende.
Mappevurdering som inneheld ei oppgåve og skriftlege kommentar til andre sine utkast. Studenten skal skrive ei oppgåve. Det er tredje og endeleg versjon av oppgåva som tel med når karakteren skal fastsetjast.
Oppgåva skal vere på om lag 3000 ord og skal ha tilvisingar til kjelder og litteratur og ei liste over den litteraturen som er nytta.
Studenten skal og skrive kommentarar på oppgåveutkasta til to medstudentar. Det blir lagt vekt på konstruktiv kritikk og fagleg gode og sjølvstendige kommentarar.
Både oppgåva og dei skriftlege kommentarane til andre sine utkast tel med når endeleg karakter skal fastsetjast