Emner: AIKI110 Kunstige agentar - Vår 2022
Studiepoeng
10.0Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk og engelsk
Undervisningssemester
Vår
Oppmeldingsfrist 3. januar
Mål og innhald
Kunstig intelligens kan definerast som eit felt som gjer analyse og syntese av intelligent atferd til kunstige digitale agentar. Dette kurset fokuserer på "agent" som eit digitalt omgrep og gjev ei innføring i korleis omgrepet vert sett på og nytta innan kunstig intelligens, inkludert moralske sider, samarbeid og konkurranse mellom kunstige og naturlege agentar.
Kurset dekkjer eit utval av følgjande tema: modellering av agentar, programmering av agentar, autonom agent-arkitektur, introduksjon til multi-agent-system (MAS), kontrollsystem og grunnleggjande robotikk. Dei praktiske aspekta av kurset dreier seg om agentprogrammering og multi-agent simulering.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- Kan beskrive og formelt definere omgrepa kunstig agent og multi-agent-system
- Kan identifisere dei kognitive aspekta ved robotikk
- Kan liste opp ulike tilnærmingar til formell spesifikasjon av kunstige agentar
Dugleikar
Studenten
- Kan implementere høgnivå-atferd til agentar og agent-interaksjon i eit system
Krav til forkunnskapar
INFO132, eller INF100 eller tilsvarande (til dømes DATA110)
Tilrådde forkunnskapar
Studentane bør ta INFO104/MNF130 i same semester eller før.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er åpent for studenter med studierett på UiB. Emnet har 60 studieplassar. Studentar på bachelorprogrammet i kunstig intelligens er garantert plass, studentar ved bachelorprogrammet i media- og interaksjonsdesign er prioritert til de resterende plassene.
Ved fleire søkjarar enn plassar vert studentane rangert etter snittkarakterer.
Søknadsfrist er mandag uke 2.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, labøvingar, oppgåveløysing, programmeringsøvingar, normalt 2 timar førelesing og 4 timar datalab i 14 veker.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Obligatoriske innleveringar av seminaroppgåver, som må gjerast i undervisningssemesteret og 80% av dei godkjennast.
- Obligatorisk deltaking: Oppmøte på forelesingar, lab- og seminargrupper (minst 75%).
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgjande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.
Kontaktinformasjon
studieveileder@ifi.uib.no