Den verda vi lever i er gjennomorganisert - vi lever og døyr i meir eller mindre formelle organisasjonar. Å kunne analysere ulike organisasjonsmønstre og -prosessar er grunnleggjande for å kunne forstå korleis avgjerder fattast og korleis vi påverkast og påverkar som enkeltborgarar, konsumentar og som grupper. Innanfor ein statsvitskapleg ramme vert organisering ein viktig forklaringsfaktor for korleis samfunnet styrast og dermed eit viktig studieobjekt. I økonomisk samanheng er organisasjonsutforming viktig for effektivitet og nyskaping og kulturelle og religiøse strømmingar uttrykkjast gjennom organisasjonar.
Kurset skal gi oversikt over grunnleggjande omgrep og ulike teoretiske retningar i studiet av organisasjonar og gi innsikt i korleis organisasjonsteoriar kan tene som reiskap for å kunne analysere offentlege så vel som private organisasjonar. Ein skal øvast i å bruke ulike innfallsvinklar til analysane og kunne vise kritisk sans og sjølvstende i val av omgrep og metodar.
Emne for kurset vil mellom andre vere følgjande:
Kurset gir ei oversikt over klassiske og nyare perspektiv på organisasjonar. Cases og dømetilfang blir hovudsakeleg henta frå offentleg sektor, men det samanliknast også med organisasjonar i privat og frivillig sektor. Kurset er organisert ut frå følgjande temainndeling: Del 1: Perspektiv i organisasjonsfaget, med vekt på organisasjonsteori for offentleg sektor. Del 2: Organisasjonsåtferd og -prosessar der det vert lagt vekt på team som motivasjon, kommunikasjon, leiing, styring, reformar og organisasjonsendring og læring og innovasjon. Vi vil også sjå nærare på organisasjonsstruktur og makt og konflikt i organisasjonar. Del 3: Nyare organisasjonsformer som nettverks- og metaorganisasjonar.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskaper
Studenten kan
Ferdigheter
Studenten kan
Generell kompetanse
Studenten kan ..
Mappevurdering:
Heimeeksamen og skuleeksamen tel likt, ein samla karakter vil bli gitt på mappa.