Emner: AORG101 Organisasjonsteori - Vår 2022




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng 

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust/Vår

Mål og innhald

Den verda vi lever i er gjennomorganisert - vi lever og døyr i meir eller mindre formelle organisasjonar. Å kunne analysere ulike organisasjonsmønstre og -prosessar er grunnleggjande for å kunne forstå korleis avgjerder fattast og korleis vi påverkast og påverkar som enkeltborgarar, konsumentar og som grupper. Innanfor ein statsvitskapleg ramme vert organisering ein viktig forklaringsfaktor for korleis samfunnet styrast og dermed eit viktig studieobjekt. I økonomisk samanheng er organisasjonsutforming viktig for effektivitet og nyskaping og kulturelle og religiøse strømmingar uttrykkjast gjennom organisasjonar.

 

Kurset skal gi oversikt over grunnleggjande omgrep og ulike teoretiske retningar i studiet av organisasjonar og gi innsikt i korleis organisasjonsteoriar kan tene som reiskap for å kunne analysere offentlege så vel som private organisasjonar. Ein skal øvast i å bruke ulike innfallsvinklar til analysane og kunne vise kritisk sans og sjølvstende i val av omgrep og metodar.

 

Emne for kurset vil mellom andre vere følgjande:

 

Kurset gir ei oversikt over klassiske og nyare perspektiv på organisasjonar. Cases og dømetilfang blir hovudsakeleg henta frå offentleg sektor, men det samanliknast også med organisasjonar i privat og frivillig sektor. Kurset er organisert ut frå følgjande temainndeling: Del 1: Perspektiv i organisasjonsfaget, med vekt på organisasjonsteori for offentleg sektor. Del 2: Organisasjonsåtferd og -prosessar der det vert lagt vekt på team som motivasjon, kommunikasjon, leiing, styring, reformar og organisasjonsendring og læring og innovasjon. Vi vil også sjå nærare på organisasjonsstruktur og makt og konflikt i organisasjonar.  Del 3: Nyare organisasjonsformer som nettverks- og metaorganisasjonar. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Studenten kan

Ferdigheter

Studenten kan

Generell kompetanse

 Studenten kan ..

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

AORG100

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Ope emne

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar og seminar. 12-13 førelesningar og 8-12 seminarsamlingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Gruppeoppgåve 2500 ord (+/-10%). Obligatorisk arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

 Mappevurdering:

Heimeeksamen og skuleeksamen tel likt, ein samla karakter vil bli gitt på mappa.

 

Oppdatering: Vurderingsform endra som av tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset.

Vurderingsform vår 2022:

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F

Vurderingssemester

Haust/vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap har det administrative ansvaret for emnet.  

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@aorg.uib.no