Emner: AORG350 Masteroppgave i administrasjon og organisasjonsvitenskap - Vår 2022




Studiepoeng

60.0

Studiepoeng, omfang

60 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk 

Undervisningssemester

Vår og haust

Mål og innhald

I utviklinga av masteroppgåva øvast du opp til sjølvstendig vitskapleg arbeid og framstilling.

 

 

Masteroppgåva skal handle om eit tema som er relevant for administrasjon og organisasjonsvitskap. Oppgåvetema og problemstilling for masteroppgåva skal ha sitt utgangspunkt i eit av dei tematisk organiserte forskargruppene som til ei kvar tid strukturerer forskings- og seminarverksemda ved instituttet. Det vert forventa at du følgjer forskingsseminaret som forskargruppa organiserer i arbeidet med masteroppgåva. Du pliktar å følje eit av forskarseminara som di forskargruppe organiserar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten:

Ferdigheiter

Studenten:

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

For studenter tatt opp høsten 2017 eller tidligere: AORG320 Organisasjon og politikk, AORG321 Metodelære, AORG322 Forskningsdesign og AORG323 Forskningsfelt

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er reservert til studentar som er tatt opp på masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitenskap. 

Arbeids- og undervisningsformer

Deltaking på forskargrupper og individuell rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innlevering av framdriftsplan til fastsatt frist.

Presentasjon av utkast til masteroppgåve. Studenten skal minst ein gong pr. semester kommentere eit skriftleg/munnleg framlegg frå ein annan student. Godkjende obligatoriske arbeidskrav er berre gyldige i inneverande semester og må fullførast kvart semester studenten er meld i emnet. Arbeidskrava må være godkjent før eksamen kan avlegast.

Vurderingsformer

Innlevering av masteroppgåve. Masteroppgåva skal leverast elektronisk.

Oppgåva skal vere frå 80 - 120 sider, unnteke framside, innhaldsliste, litteraturliste og vedlegg. Instituttet kan gi løyve til å skriva lengre oppgåver dersom særskilte faglege årsaker ligg føre. Grunngjeven søknad skal sendast til instituttleiar.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F

Vurderingssemester

Vår og haust

Masteroppgåva skal leverast i fjerde semester og det er følgjande faste fristar for vår- og haustsemesteret: 1. juni og 1. desember. Innlevering av masteroppgåva på anna tidspunkt må skje etter individuell søknad.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar i Mitt UiB innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. i vårsemesteret. 

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna. 

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap har det administrative ansvaret for emnet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap

studieveileder@aorg.uib.no