Emner: BIO370 Celle- og utviklingsbiologi - Vår 2022




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.

Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptakethttp://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Frist for å melde seg til undervising i emnet er onsdag i veke 2 for vårsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på https://fsweb.no/studentweb/login.jsfStudentweb seinast tysdag veka etter fristen.

Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på https://mitt.uib.no/login/ldapMitt UiB.

Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning.

Mål og innhald

Emnet gir ei grundig innføring i embryologisk utvikling hos ulike dyregrupper, inkludert vev- og organdanning, og korleis ulike molekylære prosessar styrer organismen si utvikling. Emnet gir òg ei praktisk innføring i utviklingsbiologiske teknikkar. Målet for emnet er å utvikle kunnskapar og dugleik gjennom ein kombinasjon av teoretisk læring, praktisk laboratorietrening, skriving av laboratorie-journal og presentasjonar.

 

Læringsutbyte

Ved fullført emne BIO370 skal studenten kunne:

 

Krav til forkunnskapar

Obligatoriske deler av bachelor i biologi eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Bachelor i biologi eller tilsvarande.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 

Obligatoriske aktivitetar må bli godkjende for å kunne ta eksamen. Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldig i 6 semester, inkludert semesteret aktiviteten vart avlagt i.

 

Vurderingsformer

Mappevurdering beståande av følgjande

I semester utan undervisning, kan ein ta munnleg eksamen på nytt tidleg i semesteret. Poengsummen frå dei dei to andre mappeelementa frå det foregåande semesteret blir inkludert i den endelege karakteren.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er munnleg eksamen i både vår- og haustsemesteret. I semester utan undervisning, kan ein ta munnleg eksamen på nytt tidleg i semesteret. Poengsummen frå dei dei to andre mappeelementa frå det foregåande semesteret blir inkludert i den endelege karakteren.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?year 17&faknr&instnr`Studiekvalitetsdatabasen.

Kontaktinformasjon

Kontakt Studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no