Emner: BIODID220 Innføring i biologididaktikk - Vår 2022




Studiepoeng

15.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust og vår. Emnet går over to semester, 10 sp haust og 5 sp vår. Oppstart kun om hausten.

 Frist for å melde seg til undervising i emnet er onsdag i veke 33 for haustsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på https://fsweb.no/studentweb/login.jsfStudentweb seinast tysdag veka etter fristen.

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje studentar eit fagdidaktisk og forskingsbasert grunnlag for å utvikle kompetanse som lærarar i biologi og naturfag. Dei vil også bli utfordra til å prøve ut denne kompetansen i praksis, og hauste eigne erfaringar som dei tek med seg tilbake i diskusjonar i emnet. Emnet tek opp biologi/naturfagdidaktikk som forskingsfelt, læring i eit biologisk og evolusjonært perspektiv, biologifaget sin historiske utvikling, skulefaget sine særtrekk og utfordringar, ulike arbeidsmåtar i faget, analyse av fagplanar og omsetting av disse til undervisning og vurdering, kva elevars bakgrunn, holdning til og motivasjon for biologi og naturfag har å si for deira læring og korleis kommunikasjon kan vere eit aktivt verkemiddel for læring.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

Ferdigheiter

Studenten kan

Generell kompetanse

Studenten kan

Krav til forkunnskapar

Emnet skal normalt tas parallelt med langpraksis i lektorprogrammet i 7. og 8. semester. For å kunne starte langpraksis må man ha bestått minimum 150 sp blant emnar som inngår i programmet, der minimum 20 sp må være fagdidaktikk/ pedagogikk.

Tilrådde forkunnskapar

NATDID210

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om studierett på lektorprogrammet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

2 seminarar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innlevering av 2 skriftlege oppgåver, fagfellevurderinger og framlegg i øktene.

Oppgåvene er gyldig i fire semester; inneverande og tre påfølgjande.

For å kunne ta eksamen i BIODID220 må normalt LAPRA101 og 102 være bestått.

Vurderingsformer

Mappevurdering. Det gis gradert karakter (A-F).

 

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?year 17&faknr&instnr`Studiekvalitetsdatabasen.

Kontaktinformasjon

Spørsmål knyttet til obligatorikk og vurdering kan rettes til studie@bio.uib.no. For øvrige spørsmål, kontakt studieveileder.laerer@mnfa.uib.no.