Emner: BMED340 Cellulær og molekylær nevrovitenskap - Høst 2022




Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Innhaldet i emnet gjenspeilar mangfeldet og tverrfaglegheiten ein finn i nevrovitskap med ei rekkje av seminarar som handlar om cellulær og molekylær nevrovitskap gjennom forskjellige system og regionar innan sentralnervesystemet. Emnet innehald worshops som dekk teknikkar innan neurofysiologi, molekylærbiologi og avbilding.

Studentane vil få kunnskap om naudsynte intellektuelle verktøy for å kunne forstå og verdsette kompleksiteten ein finn i nervesystemet på eit molekylært og cellulært nivå.

Emnet er utforma som eit introduksjonskurs på masternivå. Det forventast at studentane har ei bachelorgrad i biologisk eller naturvitskapleg retning. Forkunnskapar i nevrovitskap er ikkje naudsynt, men nivået i emnet er høgt med rask progresjon og det forventast at studentane forbered seg med å lese i lærebøkene før kvar forelesning. Tema inkluderer: Nevronar som eksitable celler, ionekanaler, synaptisk overføring og plastisitet, neurotransmittersystemar, molekylær og cellulær føresetnad for sensorisk og motoriske system, oversyn av nevroanatomi og nevrohistologi, og avanserte avbildingsteknikkar.

Læringsutbyte

Etter fullført emne kan studenten:

 

Kunnskapar

 

 

Ferdigheiter

 

Utvikle hypotesar og kristisk analysera metodar og resultat innan nevrobiologi

 

Generell kompetanse

  

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i biologi, molekylærbiologi, biomedisin, fysiologi eller liknande.

Tilrådde forkunnskapar

Generelle kunnskapar innan molekylær- og cellebiologi og cellefysiologi. Generelle kunnskapar innan fysikk og kjemi.

Krav til studierett

Master i biomedisin. Andre masterstudentar eller utvekslingsstudentar som oppfyller forkunnskapskrava kan og få adgang til emnet.

Minimum antall studentar for at kurset skal gå er 4, maksimum antall er 15. Dersom fleire enn 15 studentar meld seg på vil studentar i biomedisin verte prioritert.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Omkring 30 timar seminar over ei periode på omkring 8-10 veker.

3 tekniske workshops (4 timer kvar)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på tekniske workshops. Rapport for kvar workshop må leverast inn og alle må vere godkjend for å ta eksamen.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

 

 

Karakterskala

A-F

Fagleg overlapp

MED3, OD2FYS, NUTRFYS, FARM280

Emneevaluering

Skriftleg evaluering ved bruk av elektronisk evalueringsverkty.

Kontaktinformasjon

Institutt for biomedisin
studie.biomed@uib.no

 

Emneansvarleg:
Meg Veruki, https://www.uib.no/personer/Meg.Veruki