Innhaldet i emnet gjenspeilar mangfoldet og tverrfaglegheiten ein finn i nevrovitskap. Ei rekkje av seminarar og laboratoriedemonstrasjoner vil gje deltakaren innsyn i cellulær nevrofysiologi, nevrokjemi og molekylær nevrovitskap, og i tillegg gje eit oversyn over strukturen, funksjonen og dysfunksjonen til sentralnervesystemet.
Studentane vil få kunnskap om naudsynte intellektuelle verktøy for å kunne forstå og verdsette kompleksiteten ein finn i nervesystemet på eit molekylært og cellulært nivå.
Emnet er utforma som eit introduksjonskurs på masternivå. Det forventas at studentane har ei bachelorgrad i biologisk eller naturvitskapleg retning, men forkunnskapar i nevrovitskap er ikkje naudsynt.
Tema inkluderar: nevronar som eksitable celler, synaptisk overføring, neurotransmittersystemar, molekylær og cellulær føresetnad for åtferd, kjensle, minne og søvn, sansesystemar og funksjonell anatomi, og avbilding av nervesystemet.
Etter fullført emne kan studenten:
Kunnskapar
Ferdigheiter
Utvikle hypotesar og kristisk analysera metodar og resultat innan nevrobiologi
Generell kompetanse
Master i biomedisin. Andre masterstudentar eller utvekslingsstudentar som oppfyller forkunnskapskrava kan og få adgang til emnet.
Minimum antall studentar for at kurset skal gå er 4, maksimum antall er 15. Dersom fleire enn 15 studentar meld seg på vil studentar i biomedisin verte prioritert.
Omkring 32 timar seminar over ei periode på omkring 8-10 veker.
4 laboratoriedemonstrasjonar.
4 timar skriftleg eksamen
Institutt for biomedisin
studie.biomed@uib.no
Emneansvarleg:
Meg Veruki, https://www.uib.no/personer/Meg.Veruki