Emnet har som mål å gje oversikt over ulike disiplinar innan biovitskap. Studentane vert trena i å lytte til, tolke, reflektere over og gjengi vitskapeleg informasjon, og får trening i vitskapeleg skriving.
Seminarserien består av ei førelesing kvar veke gjeve på engelsk av føredragshaldarar som kjem frå både inn- og utland. Dei er ekspertar innan sine fagfelt, blant anna innan molekylærbiologi, biokjemi, cellebiologi, biomedisin, fysiologi, nevrovitskap, translasjonell medisin, strukturbiologi, proteomikk og bioinformatikk. Dei er valt ut etter kriterium som kompetanse, formidlingsevne og emnediversitet.
Program for seminara: https://www.uib.no/biomedisin/en/resources/conferences-and-seminars/bbb-seminars
Etter fullført emne kan studenten:
Kunnskapar
Ferdigheiter
Generell kompetanse
Undervisning:
Omfang:
Totalt 135 timar.
Innlevering av éin rapport kvart semester. Rapportane må følgje retningslinene som er publisert på Mitt UiB. Rapporten skal vere på 3-4 sider og skrivast på engelsk.
Emneansvarleg nyttar eit eige skjema i vurdering av rapportane.
Studentane vert innkalla til obligatorisk gjennomgong av dei korrigerte rapportane med emneansvarleg.
Institutt for biomedisin
studie.biomed@uib.no
Emneansvarleg:
Beate Stern http://uib.no/personer/Beate.Stern
Harald Barsnes (fra april 2022) https://www.uib.no/personer/Harald.Barsnes