Emner: DASPSTAT Statistikk for kognisjonsforskning - Vår 2022




Studiepoeng

5.0

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

 Norsk, engelsk ved behov.

Undervisningssemester

 Vår

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Emnet skal gi studentane ei innføring i hypoteseprøving innan kognisjonsvitskap. Emnet gir eit grunnlag til forståing av statistisk hypoteseformulering, forsøksplanlegging, og analyse av resultat med statistiske testar. Emnet gir ei forståing for normalfordeling, z-verdiar og para og upara t-test, samt ikkje-parametriske testar som ikkje har normalfordeling som føresetnad: Mann-Whitney U-test, Wilcoxon og kji-kvadrat og krysstabelltest. Studentane vil bli kjende med omgrep som varians, standardavvik, sentralmål, statistisk signifikans, relevans, og type I- og II-feil.

Studentane skal kunne lese og evaluere vitskapleg litteratur med statistisk argumentasjon. Dei skal kunne grunnlaget for statistisk evaluering av statistisk signifikans, og relevans. Undervisninga er lagd opp sånn at studentane skal sjå korleis statistikk er relevant for språkvitskap, ved hjelp av språkleg relevante eksempel. Dei skal óg kunne velje ein riktig statistisk test og utføre analysen ved hjelp av eit eigna statistikkprogram. 

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskapar....

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen 

Studiepoengsreduksjon

DASP106: 5 studiepoeng.

DASP302: 5 studiepoeng.

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Dei spesifikke måla blir nådd gjennom deltaking i undervisninga, sjølvstudium og samarbeid med medstudentar, samt øving ved datamaskin med statistikkprogram. Førelesingar omlag 2 timar i veka.

Emnet består av oversiktsseminar over sentrale omgrep innan statistikk, med eksempel innan det språkvitskaplege forskingsfeltet. Det vert opna opp for diskusjon kring vanskelege omgrep, og rettleiing kring korleis data vert formaterte for automatisk prosessering med hjelp av statistikkprogrammet. Aktiv deltaking er ein føresetnad for emnet. Fordjuping og eksemplifisering skjer gjennom øvingar ved datamaskin, der studenten skal få ei praktisk forståing for statistisk prosessering i programmet. Det er ikkje ein føresetnad at alle moment i målsetjingane skal verte dekte av førelesningar og seminar, eit visst mål av sjølvstudium vert forventa gjennom lesing av pensumlitteratur og aktiv deltaking på undervisningsseminar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ein skriftleg rapport skal leverast inn, som skildrar løysinga til ei vald oppgåve. Øvingsoppgåva må vere godkjend for at studenten skal kunne gå opp til heimeeksamen.

Vurderingsformer

Tre dagars heimeeksamen, med løysing av statistisk analyse og rapportering av funn. Vi testar kunnskap, ferdigheiter og evne til å sette kunnskapen inn i ein samanheng. 

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant

Karakterskala

Karakterskala A-F 

Vurderingssemester

Vår og haust

Litteraturliste

Pensum er totalt på ca 300 sider. 

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Programstyret for språkvitskap

Emneansvarleg

Fagmiljøet i språkvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studieveileder@lle.uib.no