Emnet skal utdjupe kunnskapen i nordisk fagdidaktikk for studentar som har norsk som undervisningsfag i den praktisk-pedagogiske utdanninga. I emnet legg ein særleg vekt på:
1. Norskfagleg danning og kunnskapssyn
2. Lesing og litteraturdidaktikk
3. Tekstkompetanse og tekstvurdering
4. Språklæring og språkopplæring
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten:
* har inngåande norskdidaktisk kunnskap med særleg vekt på ungdomstrinnet
* har inngåande kunnskap om norskfagleg læring og danning
* har brei innsikt i leseprosessar og om korleis elevar kan tileigne seg kunnskapar om litteratur og tekst
* har kunnskap om tilrettelegging for norskfagleg læring for elevar med ulike læreføresetnader
* har nyansert kunnskap om norskfaget si rolle i eit fleirspråkleg og fleirkulturelt samfunn
Ferdigheiter
Studenten:
* kan planlegge, gjennomføre og vurdere norskfagleg undervisning
* kan leggje til rette for varierte norskfaglege læringsprosessar og skape eit motiverande og inkluderande læringsmiljø
* kan fremje lesekompetanse gjennom reflektert bruk av ulike litterære tekstar og tekstmodalitetar
* kan gi rettleiing og vurdering på bakgrunn av elevtekstar
Generell kompetanse
Studenten:
* kan formidle norskdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå
* kan reflektere kritisk over faglege, profesjonsetiske og fagpolitiske spørsmål
* kan ut frå eit sjølvstendig fagsyn vidareutvikle eigen kompetanse og skulen som kollegium og organisasjon
Undervisningsforma er primært førelesingar i emnet.
Emnet skal vere kopla til praksis i norskfaget i skulen.
Studentane vil bli aktiverte på ulike måtar. Det er generelt forventa at studentane er til stades på det meste av undervisninga og arbeider aktivt med lærestoffet. Organiseringa av undervisninga har det som utgangspunkt.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der det er aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september.
For å kunne gå opp til eksamen i DIDANOR2 må studenten anten
a) ha fått obligatorisk rettleiing dersom ein vel prosjektoppgåve,
eller
b) levert mappeoppgåve dersom ein vel munnleg eksamen (jf. nedanfor).
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Vurderingsforma kan anten vere a) ei rettleidd oppgåve (prosjektoppgåve) eller b) ein munnleg eksamen som er sett saman av ein førebudd presentasjonsdel og ein samtaledel. Ein vel vurderingsform ved oppmelding.
Den rettleidde oppgåva (prosjektoppgåva) skal ha eit omfang på om lag 20 000 teikn (medrekna mellomrom, men ikkje medrekna vedlegg og referanseliste).
Dersom studenten vel munnleg eksamen, må studenten leggje ein disposisjon for presentasjonsdelen sin inn i Mitt UiB seinast ei veke før eksamen.