Emner: FARM110 Kjemi og energi - Vår 2022
Studiepoeng
10.0Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust og Vår. Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Kurset byggjer på kjemi frå vidaregåande skule (Kjemi 1 og 2), og ein reknar med at dette er kjent stoff.
Kjemi er studiet av oppbygginga, eigenskapar og reaksjonar til stoff, og dette emnet introduserer kjemien sine tre aspekt ut frå eit fysikalsk perspektiv, kombinert med mange eksempel henta frå daglegliv, industri og naturen.
Av tema som inngår kan nemnast: Tilstandslikningar, energiomgrep (entalpi, fri energi), entropi, elektrokjemi, eigenskapar til stoff i ulike tilstandar og i løysning, reaksjonskinetikk og kjernekjemi.
Det inngår ein laboratoriedel som illustrerer deler av det teoretiske pensumet og gir øving i eksperimentelt arbeid.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- Har grunnleggjande kunnskap om oppbygging, eigenskapar og reaksjonar til stoff ut frå eit fysikalsk perspektiv.
- Har grunnleggjande kunnskap om struktur og bindingsforhold i atom og molekyl.
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere utrekningar ved hjelp av fysikalsk-kjemiske lover og likningar.
- kan gjennomføre forsøk i eit laboratorium etter ein skriftleg prosedyre.
- kan rapportere skriftleg formål og utføring av eit laboratorieforsøk og vurdere resultata frå forsøket i ein laboratoriejournal.
Generell kompetanse
Studenten
- Forstår engelsk faglitteratur
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Kunnskap tilsvarande pensum I kjemi videregåande skule er forutsatt kjent
Studiepoengsreduksjon
K101: 10 studiepoeng. KJEM110:10 studiepoeng.
Krav til studierett
Emnet er reservert for studentar på studieprogrammet Integrert masterprogram i farmasi.
Arbeids- og undervisningsformer
.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga gis i form av førelesningar, laboratoriekurs og kollokvier
Forelesningar: 4 timer pr veke i 15 veker
Labkurs: 6 timer pr veke i 5 veker
Kollokvier: 2 t per veke i 15 veker
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Obligatorisk deltaking på laboratoriekurs (5 labdagar) m/journal og innleveringsoppgåver. (gyldige i 6 påfølgande semester).
- Godkjend HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjent HMS-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på nettstad: http://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurshttp://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs
- Obligatorisk oppmøte på fyrste forelesing.
- Obligatoriske innleveringar av tilfredsstillande kvalitet må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgong til avsluttande eksamen i emnet. Obligatoriske innleveringar skal vere eige arbeid.
- Grove brot på HMS-reglar vil føre til at ein misser retten til å fullføre laboratoriekurset.
- Det er ikkje høve til å nytte meir enn 3 forsøk (semester) på å gjennomføre laboratoriekurset.
Vurderingsformer
Mappeevaluering basert på:
- Obligatorisk innleveringsoppgåve (bestått/ikkje bestått)
- Laboratoriekurs (20% av karaktergrunnlaget)
- Midtsemestervurdering (2t) (20% av karaktergrunnlaget)
- Skriftleg slutteksamen (4 timar) (60% av karaktergrunnlaget)
Utfyllande eksamensregler:
1. Laboratoriekurset og innleveringsoppgåve er gyldige i 5 påfølgande semester.
2. Midtsemestervurdering, karaktergrunnlag frå laboratoriekurs og slutteksamen har berre gyldigheit i same semester som dei gjennomførast.
3. I semester med undervisning:
a) Studentar utan godkjend laboratoriekurs og innleveringsoppgåve frå tidlegare semester må gjennomføre mappeevaluering.
b) Studentar med godkjend laboratoriekurs og innleveringsoppgåve frå tidlegare semester må avlegge avsluttande eksamen. Resultatet frå avsluttande eksamen utgjer heile karaktergrunnlaget.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester.
Studentar med gyldig fråver har rett på tidleg eksamen påfølgande semester, ved søknad om dette.
http://www.uib.no/matnat/56756/eksamen-ved-det-matematisk-naturvitenskapelige-fakultet#s-knad-om-tidlig-eksamen
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Oversikt over tidligere emneevalueringer:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr&instnr1
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt mailto:Studierettleiar@xx-uib.noStudierettleiar@kj.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet v/ Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar kan kontaktast her:mailto:Studierettleiar@kj.uib.no
mailto:Studierettleiar@kj.uib.noStudierettleiar@kj.uib.no
Tlf 55 58 34 45