Emner: FIL249 Politisk filosofi - Høst 2022
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
-
Undervisningsspråk
Norsk eller engelsk
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Dette vidaregåande kurset vil fokusere på sentrale tema i politisk filosofi som sosial rettferd, global rettferd, menneskerettar, fridom og liberalisme, identitetspolitikk, staten si rolle, demokratiet sin verdi, politikk og makt, eller politisk forplikting og ulydnad. Målet med kurset er å gi ein djup kunnskap og forståing av debattar om spørsmål som er relevante for samtida sitt politiske liv.
Læringsutbyte
Kunnskap:
Etter fullført emne skal studenten ha:
- Oversikt over nokre sentrale tema og debattar i politisk filosofi
- Kjennskap til viktig vitskapleg litteratur knytta til desse tema og debattane
- Ei forståing av omgrep og argument som er relevante for desse temaa og debattane
- Ei forståing av korleis desse tema og debattar blir kopla til kvarandre og til aktuelle politiske spørsmål
Dugleik:
Etter fullført emne skal studenten kunne:
- Beskrive sentrale omgrep, posisjonar, teoriar og tradisjonar i politisk filosofi
- Erkjenne kva for rolle desse omgrepa, posisjonane, teoriane og tradisjonane spelar i vitskaplege debattar i politisk filosofi
- Rekonstruere og evaluere argument framført i vitskapleg litteratur til støtte for ulike posisjonar eller teoriar innan politisk filosofi
- Erkjenne implikasjonar av politisk filosofi for politisk praksis
- Reflektere over og danne velbegrunna vurderingar om tema og debattar i politisk filosofi
- Kommunisere forståing og idear knytt til kursinnhaldet både munnleg og skriftleg
Kompetanse:
Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til å:
- Delta i vitskaplege debattar i politisk filosofi
- Bidra med filosofisk innsikt til offentlege debattar om aktuelle politiske spørsmål
Krav til forkunnskapar
-
Tilrådde forkunnskapar
Bestått ex.phil. og ex.fac. Valemna føreset gode bakgrunnskunnskapar i filosofi og studentane bør derfor normalt ha avlagd eksamen i alle obligatoriske emne på 100-nivå. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Studiepoengsreduksjon
FIL249 overlappar med FIL349 (Forskingsemne i politisk filosofi). For studentar som har tatt eitt av emna FIL216 (), FIL316 (), FIL211 (Valemne 1 i filosofi), FIL212 (Valemne 2 i filosofi), FIL213 (Valemne 3 i filosofi), FIL214 (Valemne 4 i filosofi), FIL225 (Moderne politisk teori), FIL301 (Forskingsemne i filosofi 1), FIL302 (Forskingsemne i filosofi 2) eller FIL303 (Forskingsemne i filosofi 3) med nærliggande tema kan det òg være overlapp. Ta i så fall kontakt med studierettleiar@fof.uib.no for nærare informasjon.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Omlag 20 timar med førelesingar i løpet av semesteret, og omlag 10 timar per veke på eiga hand til å jobbe med emnerelaterte oppgåver. Klassetid vil innebere førelesingar eller presentasjonar av emneansvarleg, diskusjonar og gruppearbeid.
Studentane vil få moglegheit til å delta i grupperettleiing av semesteroppgåva. I løpet av semesteret vil det vere ulike mogelegheiter for studentane til å motta tilbakemelding på de mindre øvingsoppgåvene frå instruktøren og/eller deira peers.
Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Oppmøtekrav på førelesingane: studentar kan maksimalt gå glipp av 6 timar (3 førelesingar) utan gyldig grunn/dokumentasjon
- Studentane må levere og få godkjent minst 6 mindre skriftlege oppgåver (omlag 500 ord per oppgåve). Fristar blir satt av instituttet
Vurderingsformer
Ei semesteroppgåve på mellom 3000 og 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva skal leverast digitalt og blir sensurert ved slutten av semesteret.
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Karakterskala
Karakterskala frå A til F.
Vurderingssemester
Vår.
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Litteraturliste
Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert med jamne mellomrom.
Programansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Emneansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Administrativt ansvarleg
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.
Kontaktinformasjon
Institutt for filosofi og førstesemesterstudier
E-post: studierettleiar@fof.uib.no
Institutt
Institutt for filosofi og førstesemesterstudier