Emner: FIL320 Masteremne i metafysikk - Vår 2022




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

-

Undervisningsspråk

Norsk eller engelsk

Undervisningssemester

Vår i partalsår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet forsøker å formulere, klargjere og svare på dei grunnleggande og mest generelle spørsmål om verda, til dømes: Kva som verkeleg finst? Eksisterer sjeler, tal og Gud? Kva er tid og rom? Kva er årsak og virkning? Kva seier vi når vi påstår at nokre sanningar er nødvendige og andre berre betinga? Har menneske fri vilje? Kva er ei naturlov? Ei sentral grein av metafysikk er ontologi, utforsking av røyndomen sine første prinsipp.

FIL320 skal gi studentane ein oversikt over viktige grunnomgrep, argument og posisjonar i metafysikk. Hovudvekta ligg på tema i samtidsfilosofien, men det vil ofte vere aktuelt å ta utgangspunkt i filosofiske verk og posisjonar frå eldre tider. Etter fullført emne skal studentane vere i stand til å formidle sentrale teoriar og problemstillingar innanfor vitskapsfilosofi og sjå relevansen av desse i andre samanhengar. Emnet skal gi grunnlag for vidare studiar i filosofi på bachelornivå.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studentane ha god kjennskap til viktige grunnomgrep, argument og posisjonar i metafysikk.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Studiepoengsreduksjon

Emnet overlapper med FIL220 (Metafysikk). For studentar som har tatt eitt av emna FIL211 (Valemne 1 i filosofi), FIL212 (Valemne 2 i filosofi), FIL213 (Valemne 3 i filosofi), FIL214 (Valemne 4 i filosofi), FIL301 (Forskingsemne i filosofi 1), FIL302 (Forskingsemne i filosofi 2) eller FIL303 (Forskingsemne i filosofi 3) med nærliggande tema kan det og være overlapp. Ta i så fall kontakt med studierettleiar@fof.uib.no for nærare informasjon.

Krav til studierett

For å ta emnet må ein vere tatt opp på masterstudiet i filosofi.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.

Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før rettleiing.

Rettleiing av semesteroppgåve.

Innlevering av eitt oppgåvesvar på 900-1200 ord. Oppgåva blir gitt av faglærar. Innleveringsfrist blir sett av instituttet. Svaret må vere godkjent for at ein skal kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Ei rettleia oppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva skal leverast digitalt og blir sensurert ved slutten av semesteret.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning. a

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no