Emner: FIL344 Forskningsemne i praktisk filosofi - Høst 2022




Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

-

Undervisningsspråk

Norsk eller engelsk

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

FIL344 skal gi studentane ei innføring i eit forskingsrelatert tema i praktisk filosofi. Det nøyaktige tema vil bli bestemt av faglærar. Emnet skal syne korleis ein set seg inn i og bidrar til ein pågåande forskingsdebatt i praktisk filosofi. I tillegg til å gi ei innføring i sentrale omgrep og argument i den aktuelle forskingsdebatten, vil det bli lagt særskilt vekt på filosofisk metode.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med 90 stp. spesialisering i filosofi eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Studiepoengsreduksjon

For studentar som har tatt andre emne i filosofi med nærliggande tema kan det være overlapp. Ta kontakt med studierettleiar@fof.uib.no for nærare informasjon.

Krav til studierett

For å ta emnet må ein vere tatt opp på masterstudiet i filosofi.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.

Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før rettleiing.

Rettleiing av semesteroppgåve.

Vurderingsformer

Ei rettleia oppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva skal leverast digitalt og blir sensurert ved slutten av semesteret.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no