Masteroppgåva skal dokumentere at studenten har evne til å arbeide systematisk og sjølvstendig med filosofiske problemstillingar, og identifisere og artikulere sentrale omgrep, argument og posisjonar i det aktuelle problemområdet.
Masteroppgåva kan anten bestå av eit samanhengande arbeid, eller vere sett saman av fleire mindre arbeid som står i ein indre fagleg samanheng med kvarandre. Om studenten vel ei samansett masteroppgåve, skal denne innehalde ei innleiing som syner korleis dei ulike mindre arbeida heng saman. Lengda på oppgåva skal vere i samsvar med fakultetet sitt vedtak om kva lengd ei masteroppgåve skal ha.
Kunnskap: Etter fullført emne skal studenten ha
Dugleik: Etter fullført emne skal studenten kunne
Kompetanse: Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til
Arbeidet med masteroppgåva er normert til 2 semester og blir normalt lagt til dei to siste semestra av studiet.
Det er ein føresetnad at studenten med jamne mellomrom drøftar masteroppgåva med den/dei faglege rettleiaren/rettleiarane sin(e).
Sjå rettleiingskontrakten for masterprogrammet for antall rettleiingstimar og andre rettar og pliktar som er knytt til studiet.
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.
Student og rettleiar skriv båe under på ein rettleiingskontrakt der rettar og plikter er presiserte. Innlevering av pensumliste samstundes med innlevering av masteroppgåva. Pensumlista skal innehalde emnekode, eksamenssemester og namn på student og faglærar/rettleiar, og vere utforma i samsvar med vanlege standardar for bibliografiske referansar. Sidetal for kvar einskild bok/utdrag av bok eller artikkel samt samla tal på sider skal opplysast (for elektroniske kjelder utan sidetal rekner ein 500 ord pr. side). Pensumlista skal underskrivast av rettleiar og godkjennast av instituttet.
Masteroppgåva skal vere på mellom 70 og 110 sider (25.000-40.000 ord). Sjå utfyllande reglement for Det humanistiske fakultet. Masteroppgåva skal leverast elektronisk i Studentweb.
Studenten skal ha ein munnleg eksamen, der karakteren på masteroppgåva kan justerast inntil ein karakter opp eller ned.
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Innlevering av masteroppgåva kan skje fire gonger i året; 1. februar, 15. mai, 1. september og 20. november. Desse fristane er sett av Det humanistiske fakultet.
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no