Emner: HIS250 Bacheloroppgave i historie - Høst 2022




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningsspråk

Normalt er undervisinga på norsk.

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane djupare innsikt i historisk metode og i historiske problemstillingar gjennom sjølvstendig arbeid med ei historisk oppgåve, bacheloroppgåva.

Instituttet tilbyr kvart semester undervisning i fleire tema, og studentane vel eitt av dei. Studiet omfattar heile perioden, frå antikken og fram til i dag.

I haustsemesteret vil det hovudsakleg gis tilbod knytt til i tida før 1750 og i vårsemester vil det hovudsakleg gis tilbod i, knytt til tida etter 1750. Fordjupingstema vil veksle frå semester til semester. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd i god tid før kvart semester.

Emnet er obligatorisk i ei spesialisering i historie.http://www.uib.no/fag/historie/73558/temaomtalar-historie

Tema hausten 2022:http://www.uib.no/fag/historie/73558/temaomtalar-historiehttp://www.uib.no/fag/historie/73558/temaomtalar-historie

Tema 1Death and the Afterlife in Medieval Scandinavia, c. 1000 ¿ 1500 AD

Tema 2: The Coasts of Bohemia: A History of the Czech Lands, 1350-1918 

Tema 3: Midtøsten på romersk tid

Tema 4: Epidemiar og samfunn 1350-1850: Konsekvensar, tiltak og reaksjonar

Tema 5: "Om hor og andre åndelige sager": Middelalderhistorie fra rettsperspektiv 

Tema 6: Den gudfryktige staten ¿ kjetteri og kritisk tenkning 

Tema 7: De europeiske trolldomsprosessene

Les temaskildingane her: https://www.uib.no/fag/historie/73573/tema-bacheloroppgave-his250-og-his250l

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

 

Ferdigheiter

Studenten

 

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er viktig.

Det er tilrådd at studenten har begge oversiktsemna, HIS101 og HIS102, og to fordjupingsemne på 100-nivå før ein skriv bacheloroppgåva.

Studiepoengsreduksjon

Det kan ikkje vere pensumoverlapping mellom tema for bacheloroppgåva og eit tema du har teke som fordjuping på 100- eller 200-nivå.

Krav til studierett

HIS250 har eit eige opptak med søknadsfrist i veke 2 for vårsemesteret og veke 33 for haustsemesteret.

NB. Det er begrensa kapasitet på de ulike temaa i HIS250. Alle som skal ta HIS250 må difor søkje om plass på emne og tema. Du søkjer via Studentweb. I søknaden må du sette opp tre prioriterte ønske om tema.

Dersom eit tema har fleire søkjarar enn plassar, vil følgjande søkjergrupper prioriteres:

1. Studentar som tar spesialisering i historie, og som avsluttar graden inneverande semester.

2. Studentar som har avlagt 60 studiepoeng i historie, inkludert emna HIS101 og HIS102.

Dersom temaet og/eller emnet blir fullt, vil opptak skje ved loddtrekning innanfor kvar prioriteringsgruppe.

Arbeids- og undervisningsformer

Studentane kan velja mellom fleire tema. Undervisninga skjer gjennom førelesingar, seminarverksemd/ grupperettleiing og/eller individuell rettleiing. Studentane sitt arbeid med emnet er konsentrert om utarbeiding av ei større oppgåve, og kommentering av andre studentar sine oppgåver. Instituttet fastset kva oppgåver som skal kommenterast, og fristar for kommentarar.

 

Studentane får tildelt rettleiar. Rettleiinga skjer etter instituttet sine retningslinjer.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet har fire obligatoriske undervisningsaktivitetar:

1. Studenten har plikt til å møte (kontakte) rettleiar i god tid før innlevering av prosjektskissa, jf. punkt 2.

2. Prosjektskisse for bacheloroppgåve. Skissa skal innehalde presentasjon av temaet, førebels disposisjon og utgreiing om relevant litteratur. Prosjektskissa er basis for diskusjon mellom lærar og studentar.

3. Utkast til bacheloroppgåve som vil verta diskutert og kommentert av lærar og studentar.

4. Skriftlege kommentarar til andre studentar sine arbeid. Det blir lagt vekt på konstruktiv kritikk og fagleg gode og sjølvstendige kommentarar.

Studenten må få godkjent alle fire aktivitetar før ein får gå opp til eksamen. Alle obligatoriske undervisningsaktivitetar må vere godkjent i same semester.

Fristane for innlevering av undervisningsaktivitetane blir kunngjort i Mitt UiB ved starten av semesteret.

Vurderingsformer

 

Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på om lag 6000 ord.

Den munnlege prøva kan justere karakteren på bacheloroppgåva med maksimalt ein bokstavkarakter.

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår og haust

Litteraturliste

Studentane skal leggja opp ei litteraturliste på ca. 1200 sider. Rettleiar skal godkjenna litteraturlista.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:mailto:studierettleiar@ahkr.uib.no

mailto:studierettleiar@ahkr.uib.nostudierettleiar@ahkr.uib.no

Tlf 555 82300