Emnet har som mål å gi studentane djupare innsikt i historisk metode og i historiske problemstillingar gjennom sjølvstendig arbeid med ei historisk oppgåve, bacheloroppgåva.
Instituttet tilbyr undervisning i fleire tema, og studentane vel eitt av dei. Fordjupingstema kan skifta, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd i god tid før kvart semester.
Følgjande tema tilbys hausten 2022:
Tema 1: Death and the Afterlife in Medieval Scandinavia, c. 1000 ¿ 1500 AD
Tema 2: The Coasts of Bohemia: A History of the Czech Lands, 1350-1918
Tema 3: Midtøsten på romersk tid
Tema 4: Epidemiar og samfunn 1350-1850: Konsekvensar, tiltak og reaksjonar
Tema 5: "Om hor og andre åndelige sager": Middelalderhistorie fra rettsperspektiv
Tema 6: Den gudfryktige staten ¿ kjetteri og kritisk tenkning
Tema 7: De europeiske trolldomsprosessene
Les temaskildringane her: https://www.uib.no/fag/historie/73573/tema-bacheloroppgave-his250-og-his250l
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
Gode kunnskapar i engelsk er viktig.
Studenten bør ha hatt normal progresjon i historieemna på lektorprogrammet før han/ho tek til på HIS250L.
Emnet er ope for studentar med opptak til integrert lektorutdanning ved Det humanistiske fakultet.
Det er begrensa kapasitet på dei ulike temaa i HIS250L. Alle som skal ta HIS250L må difor søkje om plass på tema. Søknadsfristen er veke 2 for vårsemesteret og veke 33 for haustsemesteret. Du søker via Studentweb. I søknaden må du sette opp tre prioriterte ønske om tema.
Dersom et tema har flere søkjarar enn plassar, blir følgjande søkjergrupper prioritert:
1. Studenter som tar historie som fag 2, og oppfyller progresjonskravet i lektorprogrammet.
Dersom temaet blir fullt, vil opptak skje ved loddtrekning.
Studentane kan velja mellom fleire tema. Undervisninga skjer gjennom førelesingar, seminarverksemd/ grupperettleiing og/eller individuell rettleiing. Studentane sitt arbeid med emnet er konsentrert om utarbeiding av ei større oppgåve, og kommentering av andre studentar sine oppgåver. Instituttet fastset kva oppgåver som skal kommenterast, og fristar for kommentarar
Studentane får tildelt rettleiar. Rettleiinga skjer etter instituttet sine retningslinjer.
Emnet har fire obligatoriske undervisningsaktivitetar:
Studenten må få godkjent alle fire aktivitetar før ein får gå opp til eksamen. Alle obligatoriske undervisningsaktivitetar må vere godkjent i same semester. Godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar er berre gyldig i undervisningssemesteret.
Fristane for innlevering av undervisningsaktivitetane blir kunngjort i Mitt UiB ved starten av semesteret.
Emnet har to vurderingsformer, ei rettleidd oppgåve (bacheloroppgåve) og ein munnleg eksamen.
Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på om lag 4000 ord.
Den munnlege prøva justerer karakteren på bacheloroppgåva, som maksimalt kan endrast med ein bokstavkarakter.