Emner: INFO300 Prosjekt og forskingsdesign for informasjonsvitenskap - Høst 2022
Studiepoeng, omfang
15 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår
Mål og innhald
Målet med kurset er å få studentane tidleg i gong med arbeidet med masteroppgåva gjennom å gi praktisk og handverksmessig kunnskap om korleis ein gjennomfører eit masteroppgåveprosjekt fram til eit tilnærma fyrsteutkast. Studentane vel prosjekt som er knytt til rettleiar frå ein katalog av tilgjengelege prosjekt. Ein kan ikkje garantere at alle får førstevalet sitt, men ein har som mål å få til dette. Gjennom utarbeiding av ei omfattande prosjektskisse (ca. 8000 ord) skal dei få auka innsikt i akademisk skriving, litteratursøking og forskingsdesign meir allment, med særskild vekt på val av relevant teori og metode og ei fornuftig avgrensing av prosjektet. Prosjektskissa dannar grunnlaget for masteroppgåva.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
- kjenner krava til ei prosjektskisse for eit masterarbeid i informasjonsvitskap, så vel som dei vitskaplege krava til og arbeidsomfanget til ei masteroppgåve
- har oversyn over breidda av metodiske tilnærmingar i faget
- har grunnleggjande kjennskap til relevant forsking/teori innan sitt valde fagfelt og metodane som er tenkt nytta
Ferdigheitar
Kandidaten
- kan drøfte moglege etiske problemstillingar og relatert lovverk/søknadsprosedyrar
- kan formulere klare problemstillingar, trekkje inn relevant forsking på det aktuelle feltet og utforme metodisk veleigna forskingsopplegg for si masteroppgåve
- kan utforma ei skisse til prosjekt som kan danne eit godt utgangspunkt for det vidare arbeidet med masteroppgåva, og gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt på masternivå i informasjonsvitskap
- kan gje fagfellevurdering av prosjektskissar på masternivå i informasjonsvitskap
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan nytte tenestene og litteratursøkemogligheitene via UB
- kan vurdere andre sitt forskingsopplegg kritisk og gje konstruktive tilbakemeldingar på desse
- har oversyn over dei sentrale forskingsmiljøa innan informasjonsvitskap
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad i informasjonsvitenskap eller tilsvarende
Studiepoengsreduksjon
Full overlapp mot INFOMEVI300
Krav til studierett
Emnet er reservert studentar på masterprogrammet i informasjonsvitskap.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesning og seminar. Individuell og plenumsbasert rettleiing.
Ca. 2-4 timar undervisning per veke i ca. 12-14 veker
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Kortare prosjektskisse: Etter fire veker skal studentane levere eit kortare framlegg til prosjektskildring på 3-4 sider.
- Førsteutkast: Etter åtte veker skal studentane levere eit fyrsteutkast på 700-1000 ord som skal vere godkjend av ein rettleiar.
- Obligatorisk oppmøte
Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i eitt semester utover undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Prosjektskildring på ca. 8000 ord.
Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember.
Emneevaluering
Alle emne vert evaluerte i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.
Kontaktinformasjon
studieveileder@ifi.uib.no
Tlf 55 58 91 00 / 55 59 41 17