Emner: ITØK102 Makroøkonomi - Høst 2022
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår
Mål og innhald
Målet med kurset er å gi studentene ein introduksjon til makroøkonomisk analyse og modellverktøy.
I kurset gjennomgår vi sentrale målestorleikar, t.d. nasjonalreknskap, rentenivå, investeringar, inflasjon og vekst, og korleis disse kan påverkast med hjelp av offentleg politikk. Ein går mellom anna vidare inn på globaliserte kapitalmarknader, optimale valutaområder og internasjonale pengesystem.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten...
- kan gjere greie for dei viktigaste samanhengane i nasjonalrekneskapen, korleis ein stiller opp eit utanriksrekneskap, og korleis ein kan utvide nasjonalrekneskapsapparatet til opne økonomiar.
- kan forklare korleis makroøkonomiske nøkkelstorleikar slik som rente, valuta, og aktivitetsnivå heng saman med kvarandre, og korleis desse kan påverkast med hjelp av offentleg politikk.
- gjere greie for forholdet mellom nominell og reell valutakurs og relative prisar på ulike land sine eksportvarer
- gjere greie for teorien om kjøpekraftsparitet
- beskrive og forklare korleis teknologisk utvikling bidrar til produktivitetsauke og økonomisk vekst
Ferdigheiter
Studenten...
- kan nytte modellane til å drøfta aktuelle makroøkonomiske hendingar i Noreg og verda, samt økonomisk politikk
- drøfte omgrepet nominell og realvalutakurs
- drøfte forholdet mellom realvalutakurs og internasjonale forskjellar i realrenter
- gje eit historisk oversyn over internasjonale pengesystem
- drøfte teorien for optimale valutaområde og drøfte utfordringar i eurosamarbeidet i lys av denne teorien
Generell kompetanse
Studenten...
- kan følgje uformelle økonomiske resonnement knytta til faget, for eksempel innhaldet i faglige utgreiingar eller politiske diskusjonar.
- har trening i å framstille resonnement ved hjelp av modellar, eksempel og figurar.
- har trening i innhenting og tolkning av makroøkonomiske data
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
ITØK101
Studiepoengsreduksjon
4 studiepoeng med ECON130, 6 studiepoeng med ECON230.
Krav til studierett
Emnet er avgrensa til studentar opptekne på studieprogrammet Informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør), master, 5 år.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og seminarundervisning.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Tre obligatoriske innleveringar, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Obligatorisk deltaking: Oppmøte på forelesningar (minst 80%) og på seminar (minst 67%).
Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen.
Hjelpemiddel til eksamen
Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters. Kalkulator: Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøvar:
Alle modellar av typane:
- Casio FX-82, Casio FX-82ES PLUS eller Casio FX-82EX
- Hewlett-Packard HP30
- Texas instruments TI-30
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.
Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med https://www.uib.no/student/116194/syk-p%C3%A5-eksamenrett til ny vurdering.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet.
Kontaktinformasjon
Institutt for økonomi
itøk@uib.no
Tlf: 55 58 92 26