Emner: JOU201 Journalistisk praksis - Høst 2022
Studiepoeng, omfang
30 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår
Undervises siste gang våren 2023
Undervisningsstad
Media City Bergen
Mål og innhald
Målet med dette emnet er at studentane gjennom to separate, lengre praksisperiodar skal bli trygge på utfordringar dei møter i den verkelege journalistiske verda, og at dei skal ha rom og tid til å reflektere over det dei erfarer på vegen.
Semestret blir innleidd med ei intensiv rekke seminar/workshops for studentar og deira praksisrettleiarar. Her diskuterer og reflekterer deltakarane over arbeidsprosessar som vegar til å utvikle fagleg autonomi og eit kvalifisert og sjølvstendig journalistisk skjønn innafor gitte rammer. Deretter går studentane ut i praksis primært hos bedrifter i Media City Bergen, men potensielt også hos andre mediebedrifter eller på eigen intern publiseringsplattform. Praksisperioden er delt i to, der kvar periode varer i åtte veker. Begge praksisperiodane blir avslutta med ein kort praksisrapport.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- skal bli trygg på utfordringar ho/han møter i den verkelege journalistiske verda
- kan diskutere og reflektere over arbeidsprosessar som vegar til å utvikle fagleg autonomi og eit kvalifisert og sjølvstendig journalistisk skjønn innafor gitte rammer
Ferdigheiter
Studenten
- evner å gjere sjølvstendige journalistiske vurderingar i ulike kontekstar
- kan nytte ulike typar digitale verktøy på relevante journalistiske vis
- kan reflektere kritisk rundt bruken av ny teknologi i journalistikk og sentrale dilemma dette kan føre med seg
- kan arbeide med ulike typar stoff og på ulike plattformar i ulike typar redaksjonar
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar innan journalistikk faget
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre som har ein bakgrunn innafor fagfeltet journalistikk og såleis bidra til å utvikle god praksis
- kjenner til nytenking og innovasjonsprosesser innan journalistikkfaget
Krav til forkunnskapar
JOU101, JOU102 og JOU103
Studiepoengsreduksjon
MEVI261 (10 sp)
JOU202 (10 sp)
Krav til studierett
Bachelorprogram i journalistikk (BASV-JOU)
Arbeids- og undervisningsformer
- Workshops
- Ekstern praksis 2 x 8 veker
- Skriving av praksisrapportar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Deltaking på opningsseminar og midtvegs-workshop
- Gjennomføring av praksis i mediebedrift i samsvar med dei avtalane som er inngåtte.
Vurderingsformer
To praksisrapportar
Karakterskala
Bestått / Ikkje bestått
Vurderingssemester
Eksamen blir normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Ved sjukdom under heimeeksamen eller ved oppgåveinnlevering, har ein ikkje rett til ny eksamen påfølgande semester. Instituttet kan likevel innvilge utsetting av innleveringsfrist. Normalt blir det gitt utsetting på 1-3 dagar. Ved sjukdom eller andre særskilde forhold må du ta kontakt med studiekonsulent (studiekonsulent.praktiskinfomedia@uib.no) før innleveringsfristen. Ved innleveringsutsetting må legeattest/dokumentasjon visast.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.
Kontaktinformasjon
studieveileder.praktiskinfomedia@uib.no