Emner: KJEM140 Molekylær fysikalsk kjemi - Vår 2022




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje ei innføring i kvantemekanikk, m.a. for rørsler som translasjon, rotasjon og vibrasjon, som gir grunnlag for:

1) Atom- og molekyleigenskapar, kjemisk bindingslære samt intermolekylære krefter.

2) Innføring i viktige spektroskopiske metodar som UV/Vis, IR, MW og NMR.

Statistisk termodynamikk blir brukt til å visa korleis molekylære eigenskapar, frå enkle kvantemekaniske modellar og spektroskopiske data, kan forklara makroskopiske termodynamiske eigenskapar, i første rekkje for ideelle gassar og reaksjonar og jamvekter for desse.

 

Emnet har også med nokre enkle døme frå tema som adsorpsjon, overflatefenomen (og makromolekyl).

 

Fritt tilgjengeleg programvare vert nytta til visualisering og utrekningar på kurset.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

 

Ferdigheiter

Studenten

Krav til forkunnskapar

 KJEM110

Tilrådde forkunnskapar

 KJEM120, PHYS102 eller PHYS101, MAT101

Studiepoengsreduksjon

KJEM212: 5stp.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetethttp://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar og kollokvium

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske oppgåver. Deltaking på minst seks kollokvier. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i fem påfølgande semester.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen (4t).

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator tillat, i samsvar med modellar angitt i fakultetets reglar

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr&instnr1

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt mailto:Studierettleiar@kj.uib.noStudierettleiar@kj.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet v/ Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: mailto:Studierettleiar@kj.uib.noStudierettleiar@kj.uib.no

Tlf 55 58 34 45