Emner: KJEM298 Bachelorprosjekt i kjemi - Høst 2022




Studiepoeng, omfang

15.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningsspråk

Norsk.

Undervisningssemester

Vår

Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Målet med kurset er å gje studenten erfaring med vitskapeleg arbeid, i form av planlegging, gjennomføring og munnleg og skriftleg presentasjon av resultat frå eit vitskapeleg prosjekt. Kurset gjev ei innføring i bibliotekarbeid og kjeldebruk, HMS-vurdering og presentasjonsteknikk. Vidare vil studentane definere ei avgrensa teoretisk eller praktisk forskingsoppgåve i samarbeid med interne eller eksterne rettleiarar, gjennomføre arbeidet og presentere det munnleg i grupper og i ein skriftleg individuell rapport/oppgåve

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten

 

Ferdigheiter

Studenten

 

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

KJEM110, KJEM120, KJEM123 eller KJEM140, KJEM130, KJEM131, 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen.

Krav til studierett

Emnet er eksklusivt for studentar med opptak på Bachelorprogram i kjemi.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar: Kurset vert undervist i bolkar.

 

Innleiingsdel

Bibliotekskurs: 10 timar

HMS-orientering: 4 timar

Presentasjonsteknikk: 8 timar

Orientering om vitskapeleg metode og skriftleg presentasjon: 12 timar

Etikk i vitskap: 4 timar

Totalt: 34 timar

 

Prosjektarbeid

6 veker (studentane arbeider normalt i grupper på 2-3 studentar, alternativt kan ein arbeide aleine).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er krav om minimum 80 % deltaking i undervisninga på innleiingsdelen. Munnleg framføring av prosjektet ved oppstart og avslutning.

 

Obligatorisk deltaking i undervisninga i innleiingsdelen er gyldig i 2 påfylgjande semester.

Vurderingsformer

Individuell skriftleg oppgåve. Kvar student vert vurdert individuelt. Deltakarar på same gruppe kan gis ulike karakter basert på den skriftlege innleverte oppgåva.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Vår.

Litteraturliste

Litteraturlista vil være klar innan 01.06 for haustsemesteret og 01.12. vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidlegare emneevalueringar:https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr&instnr1

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@kj.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet v/ Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

 

Studierettleiar@kj.uib.no

 

Tlf: 55 58 34 45

Institutt

Kjemisk institutt.