Emnet skal gi ei djupare innsikt i kunsthistoria som fagdisiplin og i studiet av visuell kultur og ved å presentere nokre av dei sentrale analytiske strategiane, omgrepa og teoriane som har prega faget.
Ein vektlegg metodiske, historiografiske og kunstteoretiske perspektiv og tek opp sentrale teoretiske, analytiske og kritiske posisjonar som har prega kunsthistoriefaget både historisk og i dag. Ein vil til dømes kunne tematisere strukturalisme og semiotiske perspektiv, så vel som feministiske, poststrukturalistiske, postkoloniale eller andre posisjonar.
Kunnskap om kunsthistoriografi, kunstteori og kunsthistorisk metode er naudsynt for å arbeide med kunsthistorie og visuell kultur i sin heilskap.
Undervisninga er både tematisk og historisk organisert. Ein legg vekt på å drøfte sentrale grunnomgrep og teoretiske tradisjonar slik dei trer fram hjå kunsthistorikarar og -teoretikarar og i relasjon til konkrete døme frå kunst og visuell kultur.
Val av tematisk tyngdepunkt kan variere frå semester til semester.
Kunnskap
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
Førelesingar og seminarundervisning. Seminarundervisninga vil normalt ha eit omfang på rundt 15 timar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar.
Pensum er på om lag 1000 sider.
Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember.