Emner: KUN321 Forskningsformidling: Kunsthistorie i samfunnet - Vår 2022
Studiepoeng
15.0Studiepoeng, omfang
15 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Master.
Undervisningsspråk
Norsk.
Undervisningssemester
Vår.
Undervisningsstad
Bergen.
Mål og innhald
Emnet er ei fordjuping i forskingsfeltet til masteroppgåva.
Emnet skal læra studentane å avgrensa problemstillingar og arbeida systematisk og metodisk innanfor presise faglege rammer.
Læringsutbyte
Kunnskap
Etter fullført ført emne har studenten
- inngåande kunnskap om eit definert og avgrensa kunsthistorisk emne eller ei metodisk problemstilling
- formulert sjølvstendige synspunkt på eit kunsthistorisk tema
Ferdigheiter
Etter fullført emne kan studenten
- gjennomføre eit vitskapelig prosjekt gjennom teoretisk-analytisk handsaming av ei kunsthistorisk problemstilling
- gi ei munnleg framstilling av eit kunsthistorisk tema
Generell kompetanse
Etter fullført eksamen kan studenten
- presentere eige vitskapleg arbeid i munnleg form
- reflektere sjølvstendig og kritisk kring eit kunsthistorisk tema
Krav til forkunnskapar
Eksamen i KUN311skal vere greidd før ein kan ta KUN321.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Studiepoengsreduksjon
-
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i Kunsthistorie
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på seminar er obligatorisk, og vert godkjend med maksimum 20 prosent fråvære. Studenten vil få høve til å presentere utkast til minst eitt av seminarinnlegga.
Vurderingsformer
2 munnlege presentasjonar (prøveførelesingar). Kvar presentasjon skal vere på om lag 30 minutt. Kvar presentasjon tel 50 %.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Karakterskala frå A til F, der E er siste ståkarakter
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldige obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensum er på om lag 1000 sider.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for kunsthistorie
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no