Masteroppgåva er tyngdepunktet i masterstudiet. Arbeidet skal vera forskingsprega, og skal munne ut i ei sjølvstendig, vitskapeleg undersøking og framstilling av eit kunsthistorisk materiale eller eit teoretisk problem innanfor visuell kultur i vid tyding.
Mastergradsstudiet tek sikte på å gje ei grundig innføring i kunsthistoriske og vitskaplege problemstillingar, og i kunstvitskapelege metodar og framstillingsformer. Gjennom arbeidet med mastergradsoppgåva skal studentane dokumentera at dei kan finne fram til og avgrense problemstillingar, og arbeide systematisk og metodisk innanfor presise faglege rammer.
Mastergradsoppgåva er eit skriftleg arbeid som byggjer på eit sjølvstendig studium av eit forskingsfelt. Oppgåva skal vera på 70-90 tekstsider (23000-33000 ord) og skal svara til ein samla arbeidsinnsats på to semester (60 studiepoeng).
Mastergradsoppgåva skal leverast i elektronisk format og innan dei fristar fakultetet har fastsett. Etter at oppgåva er godkjend og evaluert, går kandidaten opp til ein munnleg eksamen som er knytt til oppgåva. Munnleg eksamen kan justera karakteren for mastergradsoppgåva med éin karakter opp eller ned.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no