Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten
- kan setje seg inn i eit forskingsfelt.
- kan gjennomføre litteratursøk knytt til eit avgrensa fagleg felt eller ein tematikk.
- kan formulere og avgrense ei kulturvitskapleg problemstilling
Ferdigheiter:
Studenten
- kan vurdere kritisk kva slags kjeldemateriale som er føremålstenlege for å svare på bestemte kulturvitskaplege problemstillingar.
- kan utforme og planlegge eit kulturvitskapleg forskingsprosjekt.
Generell kompetanse:
Studenten
- kan arbeide systematisk med kjelder og litteratur som ledd i skriving av fagtekstar.
- kan gjere forskingsetiske vurderingar i samband med planlegginga av eit forskingsprosjekt.
- kan utarbeide ei prosjektskildring.