Emner: LING205 Språkvariasjon i tid, rom og samfunn - Høst 2022




Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk, engelsk ved behov.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset tar for seg vekslande tema innanfor språkvariasjon i tid, rom og samfunn, til dømes språktypologi, diakron lingvistikk og sosiolingvistikk.

Språktypologi er studiet av dei systematiske likskapane og ulikskapane mellom dei grammatiske, morfologiske, fonologiske og semantiske systema i naturlege språk i verda, og vokabularstrukturen deira.

Diakron lingvistikk er studiet av endring av naturlege språk over tid, påvirka av språkinterne prosessar eller av andre språk.

Sociolingvistikk er studiet av språkvariasjon i samfunnsgrupper.

Kurset tek opp korleis ein kan forstå variasjon og endring som konsekvensar av samfunnstilhøve, historiske endringar og psykolingvistiske prosessar i samverknad med språkinterne grammatiske og lydlege strukturar. Det vil variere kva for sider av dette feltet det vert lagt vekt på kvar gong kurset vert gjeve.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten kan:

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

EXFAC00SK og dei obligatoriske lingvistikkemna på 100-nivå er sterkt anbefalte forkunnskaper.

Studiepoengsreduksjon

LING251 5 stp.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar, om lag 2 timar pr. veke.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal levere ei obligatorisk øvingsoppgåve, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Obligatorisk undervisningsaktivitet må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet. Godkjenninga er gyldig i totalt tre (3) semester, inkludert undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Det blir lagt opp eit pensum på om lag 150-200 sider vitskapleg litteratur i tilknyting til dette emnet. Innhaldet vil variere etter kva for sider av dette feltet det vert lagt vekt på kvar gong kurset vert gjeve.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for språkvitskap

Emneansvarleg

Programstyret for språkvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studierettleiar.lle@uib.no