Emner: LOGO335 Praksis i logopedi - Vår 2022




Studiepoeng

15.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust og vår (oppstart første gong hausten 2014)

Mål og innhald

Praksis skal medverke til oppøving av kliniske ferdigheiter, og skal hjelpe til at studenten vert i stand til å integrere teoretisk kunnskap med praktisk, klinisk arbeid. Praksis er delt i éin sekvens med innføringspraksis og éin sekvens med fordjupingspraksis. Målet med innføringspraksis er at studenten skal gjere seg kjend med logopediske arbeidsmetodar. Innføringspraksis skal òg knyte band mellom teori og praksis. I fordjupingspraksis skal studenten sjølv utøve logopedisk arbeid under rettleiing.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten:

Kunnskap:

- kjenne til organiseringa av og ansvarsfordelinga i det spesialpedagogiske hjelpeapparatet

- kjenne til logopeden sin rolle og posisjon i helsevesenet og organiseringa av helsetenestene i Noreg

- kjenne til lovar og forordningar som regulerer arbeid med barn og vaksne som har kommunikasjonsvanskar

- vere fortruleg med yrkesetiske retningslinjer for logopedisk arbeid

- ha gode kunnskapar om kartleggingsinstrument og adekvate arbeidsmodellar for klinisk logopedisk arbeid med born og vaksne

Ferdigheiter:

- kunne forstå og drøfte innhaldet i ei tilvising eller ei epikrise

- kunne gjennomføre eit klinisk kartleggingsintervju, eventuelt med anamneseopptak

- kunne vurdere og velje ut relevante kartleggingsinstrument basert på tilvising og intervju

- kunne planlegge tiltak på grunnlag av resultat frå kartlegging

- kunne gi ei adekvat tolking av resultat frå testing og kartlegging

- kunne skrive formelle rapportar med fokus på tiltak og oppfølging

- kunne formidle testresultat og tolkingar på ein formålstenleg måte til ulike målgrupper

Generell kompetanse:

- kunne drøfte påverknaden ulike miljøfaktorar kan ha på gjennomføring av tiltak

- kjenne til dei relevante tilvisingsinstansane, og prosedyrane for vidare tilvising

- ha erfaring med arbeid med både born og vaksne

- vise forståing for logopeden si rolle i tverrfaglege grupper ved helse-, omsorgs- eller utdanningsinstitusjonar

- kunne diskutere relevante yrkesetiske problemstillingar, og innrette eiga yrkesutøving etter desse

Arbeids- og undervisningsformer

Praksis i logopedi er sett saman av tre modular. Det er studenten sitt personlege ansvar å dokumentere at alle delane av praksis er gjennomførde.

 

Praksis vert godkjent på grunnlag av ei innlevert mappe som skal innehalde kasusskildringar, skriftlege rapportar og refleksjonsnotat frå rettleiingstimane, og éin eller fleire anonymiserte rapportar frå saker studenten har arbeidd med i samband med praksis.

 

Del 1: Innføringspraksis (modul 1 og 2)

Innføringspraksis vert gjennomført i 1. - 3. semester på studiet, og består av to modular: fagleg forum (1. og 2. semester) og påhøyringspraksis (3. semester).

Modul 1: Fagleg forum

Fagleg forum vert normalt gjennomført i form av samlingar i 1. og 2. semester. Tema for samlingane vil vere særskilt kliniske problemstillingar og ulike kliniske kasus. Undervisningsomfanget er på om lag åtte timar.

Mappeinnhald: Minst fire kasusskildringar og fire refleksjonsnotat frå tema som er tatt opp på samlingane.

Modul 2: Påhøyringspraksis

I påhøyringspraksis vert studentane delt i mindre grupper der dei får ei innføring i kasusmateriale og arbeidsprosedyrar innanfor den logopediske yrkesutøvinga. Gruppene får rettleiing av éin eller fleire erfarne logopedar. Omfanget av påhøyringspraksis er på om lag 20 timar på kvart av dei logopediske felta, til saman om lag 120 timar.

Mappeinnhald: Kasusskildringar og refleksjonsnotat, til saman 8-10 sider.

 

Del 2. Fordjupingspraksis (modul 3)

Fordjupingspraksis vert avvikla i 4. semester, normalt innanfor ein samanhengande periode på åtte til ti veker. Studenten skal få erfaring med vanlege problemstillingar og arbeidsmetodar for logopedar. Det er ei målsetjing at studenten i stigande grad skal verte røynd i sjølvstendig arbeid som logoped. Studenten vil i fordjupingspraksisen vere knytt til ein eller to vanlege logopediske arbeidsfelt. Aktuelle rettleiarar skal ha minst to års erfaring. Omfanget av fordjupingspraksisen er på om lag 240 timar.

Mappeinnhald: Kasusskildringar og refleksjonsnotat (om lag 8-10 sider), minst éin godkjend klinisk rapport (Talet her vil vere avhengig av omfanget av dei rapportane det er vanleg å nytte innanfor det aktuelle feltet. Om rapporten er omfangsrik vil det vere nok med éin.).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte til praksis. Fråvær ut over 1/5 av tida innanfor kvar modul vil føre til underkjenning av heile emnet.

Praksis vert godkjend på grunnlag av innhaldet i den innleverte mappa, og praksisrapporten som vert utforma av praksisrettleiar(ane). Praksisrapporten skal innehalde ei vurdering av studenten sine evner til god kommunikasjon, generelle framferd i praksisperioden, kliniske ferdigheiter, og kvaliteten på skriftlege arbeid som er utforma i samband med praksis.

Vurderingsformer

Mappevurdering

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått.

Vurderingssemester

Vår (første gong våren 2015)

Litteraturliste

Tilrådd litteratur

Emneevaluering

Studentane skal evaluere emnet i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultetInformasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet